Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Professor / førsteamanuensis i medisin

Søknadsfrist: 15.11.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Professor/førsteamanuensis (100 %) i medisin

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, er det ledig ei fast stilling som professor (100 %) i medisin. Dersom det ikkje melder seg søkjarar med professorkompetanse, kan ein tilsetje førsteamanuensis. Det kan verte aktuelt å tilsette i mindre stillingsbrøk, dersom stillinga vert kombinert med annan relevant stilling.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Stillinga er primært knytt til Fagområde for samfunnsmedisin, arbeids- og miljømedisin og helseleiing (SAMLET), men den som vert tilsett vil verte engasjert i fagleg arbeid på tvers av instituttet. I tillegg til SAMLET har instituttet følgjande seks fagområde: Epidemiologi og medisinsk statistikk, Allmennmedisin, Eldremedisin, samfunnsfarmasi og tverrfaglig praksis, Helsevitenskap, Etikk og helseøkonomi, og Global helse. Instituttet er eit stort miljø innan Alrek helseklynge og held til i moderne lokale.

Den som vert tilsett skal drive eigen forsking innan relevant område for instituttet, og vere ein pådrivar for samarbeid både internt i instituttet og eksternt. Undervisingsoppgåver vil primært vere innan samfunnsmedisin, men også andre fagfelt som instituttet har ansvar for.

Vi ønskjer kandidatar som vil bidra til vår visjon om ‘Betre helse – betre samfunn’. Søkjarar med brei medisinsk kompetanse, som ønskjer å forske på sentrale samfunnsutfordringar er svært aktuelle for denne stillinga. Eksempel på tema kan vere helseutfordringar knytt til levekår, demografi, epidemiar, berekraft og miljø. Pandemien synleggjer behovet for auka forsking på heile breidda av helserelaterte konsekvensar av kriser på samfunnsnivå. Den som vert tilsett er tiltenkt ei rolle i eit planlagd tverrfakultært pandemisenter ved Universitetet i Bergen. Dette senteret skal forske, undervise og formidle breitt om årsaker, handtering og konsekvensar av pandemiar. Alrek helseklynge gjev store moglegheiter til samarbeid med akademiske og andre aktørar, som til dømes Bergen kommune.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha norsk doktorgrad innan folkehelse eller anna relevant fagområde (til dømes samfunnsmedisin, arbeidsmedisin, allmennmedisin, geriatri, epidemiologi) eller tilsvarande kompetanse
  • søkjar må ha norsk autorisasjon som lege
  • det vert lagt vekt på om søkjar er spesialist, fortrinnsvis i samfunnsmedisin, arbeidsmedisin, allmennmedisin eller geriatri, men også andre spesialitetar er aktuelle
  • det vil bli lagt vekt på evne til å skape forskingsmiljø og til å skaffe eigne forskingsmidlar
  • søkjar må dokumentere eiga forsking innan relevant fagområde
  • det vert lagt vekt på erfaring med leiing av forskingsprosjekt, koordinering av forskingsaktivitet, samt forskingsstrategisk arbeid
  • det vert lagt vekt på gode praktisk-pedagogiske evner og kvalifikasjonar
  • det vert lagt stor vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid
  • utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga, sjå Regler for vurdering av utdanningsfaglig kompetanse ved UiB. For førsteamanuensis gjeld at den som blir tilsett vil få tilbod om opplæring dersom krav ikkje er oppfylt før tilsetjing. Utfyllande informasjon finn ein på Eining for læring, Det medisinske fakultet

Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett, kan undervise på norsk eller flytande dansk/svensk.

Vi tilbyr:

  • eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • professor er lønt etter lønstrinn 79-81 (kode 1013) for tida kr 789 200 – 837 200. Førsteamanuensis er lønt etter lønssteg 66-74 (kode 1011/lønsramme 24.10), for tida kr 594 400-691 400, eller lønssteg 68-74 (spesialist) for tida kr 615 900 - 691 400. Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, og vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • god pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • vitnemål og attestar
  • fullstendig publikasjonsliste
  • pedagogisk mappe, sjå Eining for læring
  • ei liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysning om kvar dei er offentleggjorde
  • vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 15 for professor og maks 10 for førsteamanuensis) i passande format (PDF) skal følgje med søknaden som vedlegg
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (PDF).

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga får ein ved å kontakte:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS