Ledig stilling ved Nord universitet

Førsteamanuensis i ledelse og strategier for digital transformasjon

Søknadsfrist: 28.05.2020

Nord universitet

Utfordringar verda står overfor krev ny innsikt, innovative løysningar og lokal forankring. Nord universitet er eit ungt universitet med sterk regional tilknyting og eit globalt perspektiv. Vi leverer framtidsretta studietilbod og relevant forsking med fokus på blå og grøn vekst, innovasjon og entreprenørskap, velferd, helse og oppvekst. Nord universitet har 11.000 studentar og 1.400 tilsette fordelt på ni studiestader.


Handelshøgskolen (HHN) utdannar økonomar, leiarar og innovatørar. I tett samarbeid med næringslivet,offentleg forvaltning og samfunnet gir HHN relevant utdanning og forsking på internasjonalt nivå. Fakultetet tilbyr doktorgrad (ph.d) i bedriftsøkonomi. HHN har 2800 studentar og 230 tilsette. Det faglege miljøet er delt i fire grupper: Innovasjon og entreprenørskap, Marked, organisasjon og leiing, Økonomisk analyse og rekneskap og Trafikk

Om stillinga

Handelshøgskolen (HHN) ønsker å styrke sitt fagmiljø innanfor strategi og leiing. Stillinga er fagleg retta mot ledelsesfag med særleg vekt på leiing i dynamiske omgivnader. Dette er eit tema som i aukande grad blir aktualisert innan mange bransjar, og ledelsesfag mellom anna som eit resultat av auka digitalisering og meir turbulente omgivnader. Innanfor dette er mellom anna undervisning og forsking innanfor leiing og forretningsprosesser og bedrifters tilpasning til digital transformasjon viktig. HNN har behov for å utvikle ein tydeleg profil innanfor fagområdet og det vil vera ein føresetnad at søkarar har kjennskap til utviklinga innan faget og har interesse for å bidra til å bygga det faglege miljøet her ved HNN. Vi forventar at den nye medarbeidaren vår vil bidra aktivt med å:

  • undervise på eksisterande studiar og bidra til å vidareutvikla desse og eventuelt òg nye studietilbod innanfor fagområdet
  • ta aktivt del i eksisterande forskingsnettverk og bidra til å bygge nye nettverk
  • bidra til å styrke den faglege merittering gjennom publisering, konferansedeltaking og anna aktivitet
  • initiere ny forsking og delta i arbeidet med å skaffe eksterne midler til forskningsprosjekt innanfor fagområdet.

Stillinga har kontorstad Bodø (Mørkved), men det kan vera aktuelt med arbeidsoppgåver òg ved andre campus

Kvalifikasjonar

  • Norsk doktorgrad innanfor ledelsesfag eller anna relevant fagområde
  • Søkarar må dokumentera at dei har erfaring frå planlegging, gjennomføring og utvikling av undervisning og rettleiing. Nye utfyllande avgjerder for utdanningsfaglig kompetanse trådte i kraft 01.09.19, sjå meir informasjon på nettsida til Nord. Søkarar som ved tilsetjing ikkje kan dokumentera tilstrekkeleg utdanningsfaglig kompetanse, må skaffa seg denne kompetansen i løpet av ein toårsperiode. Nord universitet tilbyr eit emne i universitetspedagogikk som dekker dette kravet
  • Søkeren må meistra engelsk og norsk, eller eit anna skandinavisk språk. Det kan vera aktuelt å undervisa på engelsk
  • God formidlingsevne, erfaring frå undervisning og rettleiing på bachelor og mastergradsnivå, og dessutan forsking innan organisasjons- og ledelsesfag
  • Erfaring frå kursadministrasjon og rettleiing er ein fordel

Vi tilbyr

  • Stillinga er løna etter kompetanse og kvalifikasjonar i statens lønsregulativ, lønn etter avtale, kode 1011 Førsteamanuensis.
  • Som tilsett ved Nord universitet er du medlem av Statens pensjonskasse med god låne-, forsikrings- og pensjonsordning. Ei lovfesta betaling til Statens pensjonskasse blir trekt automatisk frå lønna
  • Kreativt og kollegialt arbeidsmiljø
  • Spennande arbeidsoppgåver og moglegheit til å være med å utvikle eit framifrå kunnskapsmiljø.
  • Ein arbeidsplass i stadig utvikling
  • Fleksibel arbeidstid
  • Aktivt bedriftsidrettslag

Om søknaden

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Me gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjars ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen; søknadsbrev, dei vitskaplege arbeida (ikke fleire enn 15 inkludert doktoravhandlinga, gjer særskilt greie for dei 5 som er viktigast), fullstendig publikasjonsliste, attestar, kontaktinformasjon til 2-3 referanser og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkunige utvalet. På bakgrunn av utvalet si vurdering vil aktuelle søkjarar verte kalla inn til intervju og prøveforelesning.

Kontaktinformasjon

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å ta kontakt med:

Generell informasjon

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskjet ikkje vert teke til følgje.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetting og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Refnr. 30090377

Søk stilling

fnokode:1234