LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Professor II / førsteamanuensis II i farmakologi

Søknadsfrist: 15.10.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Professor II/førsteamanuensis II

Ved Institutt for biovitskap (BIO) er det ledig ei stilling som professor II/førsteamanuensis II (opptil 20 %) i farmakologi, for ein åremålsperiode på 2 år.

Stillinga er ledig frå 1. desember 2023.

Om instituttet 

Institutt for biovitskap er eit mangfaldig og breitt institutt som er høgst involvert i emner som opphav til liv, effektar av klima og globale endringar, fiskeri, akvakultur, fiskehelse, ernæring, arktiske område, samt global utvikling og berekraft relatert forsking.

Gjennom samlokalisering og samarbeid med forskingsgrupper, er forskinga ved BIO tett knytt til biologisk forsking ved Universitetsmuseet i Bergen, Norwegian Research Centre AS (NORCE), og Havforskingsinstituttet (HI). BIO er lokalisert i moderne fasilitetar ved Marineholmen, nær by-sentrum i Bergen. BIO har omfattande eksperimentelle fasilitetar ved Marinbiologisk Stasjon på Espegrend, og tilgang til unike habitat ved bruk av forskingsfartøy og tilhøyrande utstyr og instrumentering gjennom nært samarbeid med HI. Bergen representerer ei av verdas største grupperingar av marin forsking, og BIO har som mål å fortsette å vere eit leiande forskingsinstitutt innan marin biologi, både nasjonalt og internasjonalt.

Utdanninga ved instituttet dekker eit breitt felt av biologiske disipliner og tema på alle nivå, mellom anna femårig masterutdanning i Fiskehelse. BIO har eit særskild fokus på utvikling av kvalitet i undervising og læring.

Instituttet er det største av sju ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, og har for tida omlag 300 tilsette, derav meir enn 60 professorar og førsteamanuensar, omlag 80 PhD-studentar og postdoktor-kandidatar, samt 70 teknisk/administrative tilsette.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Institutt for biovitskap har eit integrert masterprogram i fiskehelse – akvamedisin, der fullført utdanning gir rett til autorisasjon som Fiskehelsebiolog. Autorisasjon gir mellom anna rett til å føreskrive legemiddel til fisk.

Til stillinga er det undervisningsplikt i BIO274 (farmakologi) og eventuelt rettleiing av masterstudentar i fiskehelse. Emnet BIO274 skal gje studentane i fiskehelse - akvamedisin generell og spesiell kunnskap i farmakologi, for å dekke dei faglege krava som stillast for at ferdige kandidatar skal få føreskrivingsrett på legemiddel til fisk. Sentrale element som må dekkast er generell farmakologi (farmakokinetikk, farmakodynamikk) lovgiving og reseptlære, legemiddelrestar, toksikologi, anestesi, og legemiddel som vert nytta til behandling mot dei ulike sjukdomstypane (bakteriar, sopp og parasittar).

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha norsk doktorgrad eller tilsvarande kompetanse innan biologi, veterinærmedisin, medisin eller anna relevant fagområde.
  • Forskingserfaring innan farmakologi eller toksikologi er eit krav.
  • Dokumenterte kunnskapar om legemidlar/framandstoff hos fisk som er relevant for farmakologi-undervisning i BIO274 er eit krav.
  • Reseptrett (t.d. fiskehelsebiologi, veterinær) er ein føremon.
  • Undervisningsspråk er norsk. Søkjarar må ha gode norsk- og engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner. 

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli vektlagde, i tillegg til erfaring frå undervisning og undervisningsutvikling på universitetsnivå.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø. 
  • Professor II: åremålsstilling som professor II (kode 1013) og brutto årsløn på kr 895 500 (svarar til lønssteg 81). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Førsteamanuensis II: åremålsstilling som førsteamanuensis II (kode 1011) og brutto årsløn frå kr 708 800 – 732 300 (svarar til lønssteg 71-73). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse. 
  • Gode velferdsordningar.

Søknaden skal innehalde:

  • CV 
  • vitnemål og attestar 
  • fullstendig publikasjonsliste 
  • ei kort utgreiing om søkjaren si interesse og motivasjon for å søkje denne stillinga.

Søknad og vedlegg må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Frank Nilsen, Institutt for biovitskap, e-post: frank.nilsen@uib.no, tlf. +47 48867508 eller 
  • Instituttleiar Ørjan Totland, Institutt for biovitskap, e-post: orjan.totland@uib.no, tlf. +47 55584601

For HR-relaterte spørsmål kan du kontakte rådgjevar Therese Myhre Odfjell, epost: therese.odfjell@uib.no.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS