LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førsteamanuensis / universitetslektor i logopedi

Søknadsfrist: 28.06.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis

Ved Institutt for biologisk og medisinsk psykologi, Det psykologiske fakultet, er det ledig ei 100 % fast stilling som førsteamanuensis i logopedi. Dersom det ikkje melder seg aktuelle søkjarar med førsteamanuensiskompetanse, kan det bli aktuelt å tilsetje i ei universitetslektorstilling.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Stillinga er knytt til masterprogrammet i logopedi, som for tida er ei helsefagretta profesjonsutdanning i logopedi. Undervisinga dekkjer bredt innanfor grunnleggande og anvendte emne i logopedi, og skal førebu for praktisk arbeid som logoped. Vi legg til grunn ‘problembasert læring’ som pedagogisk modell. Den som vert tilsett vil ha arbeidsplassen sin ved Institutt for biologisk og medisinsk psykologi og arbeidsoppgåver vil primært verte knytt til undervising og rettleiing av studentar innan logopedi. Undervisingsoppgåvene kan variere, men vil primært vere innafor fagområde som språktileigning, erverva språk og kommunikasjonsforstyrringar, dysfagi, artikulasjon og/eller taleflytvanskar. Den som vert tilsett må òg bidra til fagleg-administrative oppgåver knytt til programmet, og i særleg grad er det behov for ivaretaking av fagleg-administrative oppgåver knytt til praksisavviklinga. Normalt reknar vi at 46 % av stillinga til ein førsteamanuensis skal brukast til undervising, 46 % til forsking, og resterande til administrative oppgåver.

Konkrete arbeidsoppgåver vil mellom anna vere:

  • Førelesning og rettleiing i logopediske emne
  • Emneansvar for enkeltemne i logopedutdanninga
  • Rettleiing av mastergradsoppgåver
  • Deltaking i eksamensavvikling og sensurering
  • Drive forsking og fagutvikling med relevans for logopedi

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må på søknadstidspunktet ha disputert innan logopedi eller eitt av basalområda for logopedi (språkvitskap, psykologi, utdanningsvitskap, spesialpedagogikk eller medisin). Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar for fast tilsetjing, kan det vere aktuelt med mellombels tilsetjing som førsteamanuensis for ein periode på inntil tre år dersom det er sannsynleg at vedkommande vil oppnå doktorgradskompetanse i løpet av denne perioden. Ved utløpet av tilsetjingsperioden vil kompetansen til den det gjeld bli vurdert på nytt med tanke på fast tilsetjing. Dersom det ikkje er søkjarar med slik bakgrunn, kan det verte aktuelt med stilling som universitetslektor der søkjar på søknadstidspunktet må ha master innan logopedi eller eitt av basalområda for logopedi.
  • Søkjarar med grunnutdanning i logopedi vil verte føretrekte, og det er ønskjeleg med erfaring som klinisk logoped, som praksisrettleiar, eller at ein kan vise til annan god kjennskap til det logopediske praksisfeltet eller erfaring med undervisning i kliniske emne i logopedi
  • Den som vert tilsett bør òg ha røynsle frå forskings- og utviklingsarbeid som er relevant for det logopediske fagfeltet.

Den som vert tilsett i stillinga må bidra til utviklinga av praksisdelen av programmet og bidra til god kontakt med praksisfeltet. Ho eller han må dessutan kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.

Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga, sjå «Regler for vurdering av utdanningsfaglig kompetanse ved UiB». Dersom den som blir tilsett ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetting, må krava vere oppfylte innan to år.

Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan tre år etter tilsetjing. Den som vert tilsett må rekne med å kunne verte sett til andre oppgåver innanfor det som er vurdert som eige kompetanseområde.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Førsteamanuensis får løn etter lønstrinn 68 - 74 (kode 1011/lønsramme 24, minimum alternativ 8) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 618 600 – 694 400 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Universitetslektor får løn etter lønstrinn 56-64 (kode 1009/lønsramme 25) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, avhengig av ansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer ei brutto årsløn på 507 600 - 583 500Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • Vitnemål og attestar
  • Namn på to referansar med kontaktinformasjon
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar. Nærare informasjon om dokumentasjon av utdanningsfagleg kompetanse finn du her
  • Liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er offentleggjorde
  • Vitskaplege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maksimalt 10)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS