LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førsteamanuensis eller universitetslektor (20% bistiling) i digitale helsetenester

Søknadsfrist: 23.06.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis eller universitetslektor (20 % bistilling) i digitale helsetenester

Ved Det medisinske fakultet er det ledig ei åremålsstilling som førsteamanuensis (20 % bistilling) i digitale helsetenester for ein periode på tre (3) år frå tilsetjing ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin, knytt til Fagområdet for etikk og helseøkonomi. Bistillinga er knytt til fast relevant hovudstilling (min. 50 %) utanfor Universitetet i Bergen. Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar som førsteamanuensis, er det aktuelt å tilsetje universitetslektor (20 % bistilling) dersom søkjar elles har dei eigenskapane og kvalifikasjonane som er ønskjelege for stillinga. Arbeidsstad er ved Alrek helseklynge.

Vi søkjer ein medarbeidar som saman med tilsette ved instituttet vil bidra til framifrå forsking og undervisning. Personen vi søkjer er i ein aktiv fase av karrieren, og har fagleg tyngde innafor feltet digitalisering i helsesektoren.

Stillinga er knytt til etter- og vidareutdanningstilbodet «Digitalisering i helse» som består av 4 emne a 5 studiepoeng: Individ, organisasjon og samfunn; Digitale helsetjenester; Leiing; digitaliseringsprosjekt og implementering. Emnene er utvikla i samarbeid med partnarar frå primær- og spesialisthelsetenesta i tillegg til næringslivet, og studentane våre jobbar med, eller ønskjer å jobbe med, digitalisering i helsetenestene.

Vidareutdanninga inkluderer to fysiske undervisningsdagar, men resten er digitalt og asynkront. Emnene kan dermed gjennomførast for studentar som er i jobb og som kan gjennomføre utdanninga uavhengig av stad og tid. Utdanninga er eit tilbod til studentar over heile landet.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Arbeidsoppgåver for førsteamanuensis og universitetslektor:

Den som vert tilsett skal blant anna:

  • planlegge og gjennomføre undervisninga som består av to fysiske dagar i tillegg til fast digital og asynkron oppfølging av studentane i veka
  • koordinere og sensurere eksamen 
  • hente inn tilbakemelding frå studentane og koordinere og gjennomføre forbetringstiltak
  • vurdere behovet for å utvikle nye emne innanfor rammene av «Digitalisering i helse»
  • vidareutvikle det digitalt undervisningsinnholdet med stor vekt på studentaktiv læring

Undervisningsplikta i stillinga er først og fremst knytt til Fagområde for Etikk og Helseøkonomi, men personen som vert tilsett pliktar å undervise i høve til dei studieprogramma fakultetet/instituttet til ei kvar tid har.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde for førsteamanuensis:

Den som vert tilsett skal leie og initiere forskingsprosjekt, undervise og rettleie studentar og stipendiatar, samt ta på seg administrative oppgåver etter rettleiandetidsmessige rammer. Det vert forventa at den tilsette regelmessig sender søknadar til relevante nasjonale og internasjonale kjelder for forskingsfinansiering. Det vert forventa høge ambisjonar og god kvalitet med omsyn til forsking og undervisning, samt aktiv deltaking i instituttet og fakultetet sitt strategiarbeid ogfaglege aktivitetar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kvalifikasjonar og eigenskapar for førsteamanuensis:

Kvalifiserte søkjarar har norsk doktorgrad i eit relevant fagfelt, eller tilsvarande kompetanse, og fyller krav til utdanningsfagleg kompetanse.

Det er eit ønskje at søkjar har 

  • brei og relevant erfaring med digitalisering i helsesektoren, samt engasjement og interesse for undervisning, og det vert lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid
  • erfaring med pedagogisk utviklingsarbeid, og erfaring med IKT-baserte læringsverktøy og læringsressursar
  • erfaring med utarbeiding av fleksible undervisningsopplegg/nettbasert læring, og har kunnskap om sjølvregulert læring

Den ideelle kandidaten publiserer på høgt internasjonalt nivå, kan vise til søknader og tilslag frå nasjonale og internasjonale finansieringskjelder for forsking og utdanningsarbeid, og har etablert, eller er i ferd med å etablere, eiga forskingsgruppe. Resultat oppnådd dei siste 5-7 år vil bli særleg vektlagt ved bedømminga. Den ideelle kandidaten har også erfaring med undervisning på bachelor- og masternivå eller i profesjonsutdanningar, og frå rettleiing av ph.d.- kandidatar. Erfaring frå ulike nasjonale og internasjonale forskingsinstitusjonar, og evne til å etablere internasjonale nettverk vil telje positivt ved bedømminga, og det same gjer også erfaring av og interesse for innovasjon. Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga.

Undervisningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga, sjå retningsliner for oppretting av ei pedagogisk mappe på Eining for læring. Førsteamanuensis vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing. 

Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk.

Kvalifikasjonar og eigenskapar for universitetslektor:

Søkjar må ha mastergrad i eit relevant fagfelt eller tilsvarande kompetanse.

Det er eit ønskje at søkjar har 

  • brei og relevant erfaring med digitalisering i helsesektoren, samt engasjement og interesse for undervisning, og det vert lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid
  • erfaring med pedagogisk utviklingsarbeid, og erfaring med IKT-baserte læringsverktøy og læringsressursar
  • erfaring med utarbeiding av fleksible undervisningsopplegg/nettbasert læring, og har kunnskap om sjølvregulert læring.

Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • Førsteamanuensis: Løn er for tida kr 720 100 – 732 300 (kode 1011, lønssteg 72-73), eller løn for spesialist kr 732 300 - 759 100 (kode 1011, lønssteg 73-75). Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Universitetslektor: Løn er for tida kr 594 500 – 646 000 (kode 1009, lønssteg 61-66) brutto pr. år for ei fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

Søknaden skal innehalde for førsteamanuensis:

  • Søknadsbrev som fortel kvifor du søkjer stillinga
  • Utfyllande CV samt relevante vitnemål og attestar
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Pedagogisk mappe, sjå Eining for læring
  • Ei liste over vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (høgst 10). For kvart arbeid skal det følgje med eit kort samandrag som omtalar dei viktigaste funna i arbeidet
  • Dei 10 vitskaplege arbeida frå punktet over i pdf-format
  • Plan for eiga forsking dei neste fem åra (maks 5 A4-sider)
  • Namn og kontaktinformasjon til minst to referansar

Søknaden skal innehalde for universitetslektor:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sin motivasjon for å søkje stillinga
  • Karakterutskrifter (all høgare utdanning) og relevante attestar
  • Dokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanse 
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Dersom du driv forsking legg du og ved:

  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Vitskaplege arbeid (maks 10) i pdf format

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf).

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: 

  • Tine Nordgreen (tine.nordgreen@uib.no

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS