Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Førsteamanuensis/universitetslektor
Ved Det medisinske fakultet, Universitetet i Bergen (UiB), er det ledig ei stilling som førsteamanuensis eller universitetslektor (50 %) i medisin ved Klinisk institutt 1 eller ved Klinisk institutt 2 (det avheng av søkjars fagområde/spesialitet). Stillinga skal inneha rolla som fagkoordinator for kirurgiske fag i Vestlandslegen. Arbeidsstaden er ved Stavanger universitetssjukehus (SUS), og søkjarane må ha fast tilsetting som lege ved sjukehuset.
Bakgrunnen for utlysinga av stillinga er fakultetet sitt prosjekt for å etablere ein regional studiemodell for legeutdanninga ved UiB, i samarbeid med dei lokale helseføretaka i Helse Vest.
Arbeidsoppgåver/forskingsområde:
Arbeidsoppgåver/forskingsområde for fagkoordinator:
Koordinere det faglege arbeidet for kirurgiske fag i utvikling og etablering av studieløpet i Stavanger, inkludert nærliggande fag etter avtale
Samarbeide tett med tilsvarande fagleg koordinator for andre medisinske fag
Samordne og leie undervisninga for dei som har bistillingar i kirurgiske og nærliggande fag
Samarbeide tett med fagleg koordinator ved UiB/SUS
Samarbeide med relevante fagleg og administrativt ansvarlege for studieprogrammet i medisin ved Det medisinske fakultet
Utvikle ein detaljert timeplan, koordinere undervisninga og det pedagogiske arbeidet. Arbeidet skal bygge på innhaldet i rapporten frå Arbeidsgruppe 2 i prosjekt Vestlandslegen
Arbeidsoppgåver/forskingsområde for førsteamanuensis:
Den som vert tilsett skal leie og initiere forskingsprosjekt, undervise og rettleie studentar og stipendiatar, og ta på seg administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer. Det vert forventa at den tilsette regelmessig sender søknadar til relevante nasjonale og internasjonale kjelder for forskingsfinansiering. Undervisningsplikta i stillinga er først og fremst knytt til medisinstudiet, men personen som vert tilsett pliktar å undervise i høve til dei studieprogramma fakultetet/instituttet til ei kvar tid har. Det vert forventa høge ambisjonar og god kvalitet med omsyn til forsking og undervisning, og aktiv deltaking i instituttet og fakultetet sitt strategiarbeid og faglege aktivitetar.
Vi søkjer ein medarbeidar som saman med tilsette ved instituttet vil bidra til framifrå forsking og undervisning. Personen vi søkjer er i ein aktiv fase av karrieren, og har fagleg tyngde innafor eit forskingsfelt som er relevant for instituttet.
Arbeidsoppgåver for universitetslektor:
Den som vert tilsett skal undervise og rettleie medisinstudentar, og ta på seg administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer. Undervisningsplikta i stillinga er først og fremst knytt til medisinstudiet, men personen som vert tilsett pliktar å undervise i høve til dei studieprogramma fakultetet/instituttet til ei kvar tid har. Det vert forventa høge ambisjonar og god kvalitet med omsyn til undervisning, og aktiv deltaking i instituttet og fakultetet sitt strategiarbeid og faglege aktivitetar.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Kvalifikasjonar og eigenskapar for førsteamanuensis:
Kvalifiserte søkjarar har norsk doktorgrad i eit relevant fagfelt, eller tilsvarande kompetanse, og må vere lege (cand.med.) og ha spesialitet innan eit av faga det skal undervisast i. I tillegg må søkjar fylle krav til utdanningsfagleg kompetanse. Det er eit ønske at søkjar har brei og relevant klinisk erfaring, og stort engasjement og interesse for undervisning.
Den ideelle kandidaten publiserer på høgt internasjonalt nivå, kan vise til søknader og tilslag frå nasjonale og internasjonale finansieringskjelder for forsking og utdanningsarbeid, og har etablert, eller er i ferd med å etablere, eiga forskingsgruppe. Resultat oppnådd dei siste 5-7 år vil verte særleg vektlagt ved bedømminga. Den ideelle kandidaten har også erfaring med undervisning på bachelor- og masternivå eller i profesjonsutdanningar, og frå rettleiing av ph.d.- kandidatar. Erfaring frå ulike nasjonale og internasjonale forskingsinstitusjonar, og evne til å etablere internasjonale nettverk vil telje positivt ved bedømminga, og det same gjer også erfaring av og interesse for innovasjon. Personlege eigenskapar vert vektlagd ved vurderinga.
Undervisningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga, sjå retningsliner for oppretting av pedagogisk mappe på Eining for læring. Førsteamanuensis vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing. Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga. Kurs vert tilbode.
Kvalifikasjonar og eigenskapar for universitetslektor:
Søkjar må vere lege (cand.med.) og ha spesialitet innan eit av faga det skal undervisast i
Det er eit ønskje at søkjar har brei og relevant klinisk erfaring, og stort engasjement og interesse for undervisning
Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga. Kurs vert tilbode.
Vi tilbyr:
Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
Førsteamanuensis: Løn er for tida kr 708 000 – 732 300 (kode 1011, lønssteg 71-73), eller løn for spesialist kr 732 300 - 759 100 (kode 1011, lønssteg 73-75). Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
Universitetslektor: Løn er for tida kr 584 500 – 646 000 (kode 1009, lønssteg 60-66) brutto pr. år for ei fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
Ei liste over vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (høgst 10). For kvart arbeid skal det følgje med eit kort samandrag som omtalar dei viktigaste funna i arbeidet
Dei 10 vitskaplege arbeida frå punktet over i PDF-format
Plan for eiga forsking dei neste fem åra (maks 5 A4-sider)
Namn og kontaktinformasjon til minst to referansar
Søknaden skal innehalde for universitetslektor:
Ei kort utgreiing om søkjaren sin motivasjon for å søkje stillinga
Karakterutskrifter (all høgare utdanning) og relevante attestar
Dokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanse
To referansar (namn og kontaktinformasjon)
Dersom du driv forsking legg du og ved:
Fullstendig publikasjonsliste
Vitskaplege arbeid (maks 10) i PDF-format
Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga får ein ved å kontakte:
Studieleiar for Vestlandslegen i Stavanger, førsteamanuensis Audun Osland Vik-Mo, e-post: audun.osland.vik-mo@sus.no
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane om moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan verte gjort offentleg sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å verte ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.