Førsteamanuensis / universitetslektor i kjønn og utvikling
Søknadsfrist: 18.04.2021
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Mellombelse stillingar (20 og 30 %) som førsteamanuensis/universitetslektor i kjønn og utvikling
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Førsteamanuensis
Institutt for helse, miljø og likeverd (HEMIL) ved Det psykologiske fakultet har ledig to mellombelse stillingar som førsteamanuensis i kjønn og utvikling. Dersom det ikkje melder seg aktuelle søkjarar med førsteamanuensiskompetanse, kan det bli aktuelt å tilsetje i ei universitetslektorstilling. Stillingane er på høvesvis 20 % og 30 %, og er ledige frå 1. august 2021 til 30. juli 2022.
HEMIL utfører forsking og tilbyr utdanningsprogram innan helsefremjande arbeid, barnevern og kjønns- og utviklingsstudium. Instituttet har nært samarbeid med forskarar ved andre fakultet og er ein internasjonalt leiande akademisk institusjon innanfor helsefremjande forsking.
Arbeidsoppgåver/forskingsområde:
Undervise og rettleie masterstudentar, med særleg vekt på kjønnsspørsmål i ein global kontekst
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Doktorgrad innan ein relevant samfunnsfagleg disiplin (til dømes sosiologi, statsvitskap, sosialantropologi eller samfunnsvitskapeleg orienterte kjønnsstudiar) eller tilsvarande kompetanse
Dersom det ikkje melder seg søkjarar med førstekompetanse, kan det bli aktuelt å tilsetje universitetslektorar
Erfaring med global og utviklingsrelatert forsking, inkludert kjønnsrelatert forsking i det globale sør
Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert, og gode samarbeidsevner
Undervisningsspråket er engelsk. Det er ein fordel om den som blir tilsett også kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk.
Vi tilbyr:
Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
Førsteamanuensis får løn etter lønstrinn 60-64 (kode 1011/lønsramme 24, minimum alternativ 8) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Det utgjer ei brutto årsløn på kr 575 600-694 400. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn
Universitetslektor får løn etter lønstrinn 56-63 (kode 1009/lønsramme 25, minimum alternativ 10). ) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, avhengig av ansiennitet og kvalifikasjonar. Det utgjer ei brutto årsløn på kr 498 800-566 700. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn
Liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar
Liste over (ti)vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er offentleggjorde
Opptil ti vitskaplege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga
Oppgi om du søkjer på ei eller begge stillingane. Vi gjer merksam på at søknadar blir vurderte ut frå informasjon og vedlegg i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen. Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga, i sin heilskap blir lasta opp som vedlegg til søknaden; jamfør siste kulepunkt.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Fleire opplysningar om tilsetjingsprosessen finn du her.