LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førsteamanuensis / universitetslektor (20 % bistilling) i medisin (radiologi)

Søknadsfrist: 28.11.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis/universitetslektor (20 % bistilling) i medisin (radiologi)

Ved Universitetet i Bergen, Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 1, er det ledig ei åremålsstilling som førsteamanuensis (20 % bistilling) i medisin i fire (4) år frå tilsetjing. Bistillinga er knytt til fast hovudstilling (min. 50 %) ved Stavanger universitetssjukehus.

Arbeidsstad er ved dette sjukehuset. Dersom det ikkje meldar seg søkjarar med førsteamanuensiskompetanse, kan det verte tilsett universitetslektor (20 % bistilling).

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

  • Delansvar for utforming av og undervisning/rettleiing i radiologi for medisinstudentar frå UiB som har praksisopphald i Stavanger
  • Involvering i eksamensarbeid kan vere aktuelt
  • Stillingsinnehavar må og på førespurnad eventuelt delta i instituttet sine styringsorgan, utval og anna arbeid.
  • Den som vert tilsett som førsteamanuensis skal også bidra i forskingsprosjekt, undervise og rettleie studentar og stipendiatar, samt ta på seg administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer. Det vert forventa at den tilsette regelmessig deltar i søknader til relevante nasjonale og internasjonale kjelder for forskingsfinansiering.

Undervisningsplikta i stillinga er først og fremst knytt til medisinstudentar, men personen som vert tilsett pliktar å undervise i høve til dei studieprogramma fakultetet/instituttet til ei kvar tid har. Det vert forventa høge ambisjonar og god kvalitet med omsyn til forsking og undervisning, samt aktiv deltaking i instituttet og fakultetet sitt strategiarbeid og faglege aktivitetar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha medisinsk embetseksamen og vere spesialist i radiologi
  • det er eit ønskje at søkjar har brei og relevant klinisk erfaring, samt engasjement og interesse for undervisning
  • det er eit ønskje at søkjar har undervisnings- og administrativ erfaring samt erfaring med populærvitskapleg formidling
  • det vert lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid
  • Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga. Det er en fordel at søkjaren kjenner godt til det lokale fagmiljøet og utdanningsløpet for medisinstudentar ved UiB.
  • Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk.

For stilling som førsteamanuensis må søkjar i tillegg:

  • Ha relevant norsk doktorgrad, og fylle krav til utdanningsfagleg kompetanse.
  • Den ideelle kandidaten publiserer på høgt internasjonalt nivå, kan vise til søknader og tilslag frå nasjonale og internasjonale finansieringskjelder for forsking og utdanningsarbeid, og har etablert, eller er i ferd med å etablere, eiga forskingsgruppe.
  • Den ideelle kandidaten har også erfaring med undervisning ved profesjonsutdanninga i medisin eller på bachelor- og masternivå program, og frå rettleiing av ph.d.-kandidatar.
  • Erfaring frå ulike nasjonale og internasjonale forskingsinstitusjonar, og evne til å etablere internasjonale nettverk vil telje positivt ved bedømminga, og det same gjer også erfaring av og interesse for innovasjon.

Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga som førsteamanuensis, sjå Regler for vurdering av utdanningsfaglig kompetanse ved UiB. Den som vert tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing.

Vi tilbyr:

  • eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • for førsteamanuensis er løn frå lønssteg 68-74 (kode 1011/lønsramme 24.10), for tida kr 626 100-702 11 , eller lønssteg 70-74 (spesialist) for tida kr 650 300 – 702 100 . Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, og vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • for universitetslektor er løn frå lønssteg 56-64 etter tenesteansiennitet (kode 1009/lønsramme 25.6), for tida kr 507 600 – 583 500 brutto pr. år for ei fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • søknadsbrev som fortel kvifor du søkjer stillinga
  • utfyllande CV, vitnemål og attestar
  • plan for eiga forsking dei neste fem åra (maks 5 A4-sider)
  • fullstendig publikasjonsliste
  • pedagogisk mappe, sjå Eining for læring
  • ei liste over vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (høgst 10). For kvart arbeid skal det følgje med eit kort samandrag som omtalar dei viktigaste funna i arbeidet
  • dei 10 vitskaplege arbeida frå punktet over i pdf-format
  • namn og kontaktinformasjon til minst to referansar

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS