Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Førsteamanuensis / universitetslektor (20 % bistilling) - Institutt for global helse og samfunnsmedisin (IGS)

Søknadsfrist: 20.08.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis/universitetslektor (20 % bistilling)

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin (IGS), er det ledig ei åremålsstilling som førsteamanuensis/universitetslektor (20 % bistilling) i Fagområde for allmennmedisin (FAM) i to (2) år frå tilsetjing. Bistillinga er knytt til fast hovudstilling (min. 50 %) som allmennlege eller fastlege i Bergen kommune. Arbeidsstad er ved Alrek helseklynge.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

  • Vere kontaktperson og fasilitere samarbeid mellom IGS og Alrek legesenter
  • Tilrettelegge for rekruttering av pasientar for ulike former av klinisk undervising og eksamen i allmennmedisin
  • Undervise i allmennmedisin etter nærare avtale
  • Den som skal tilsetjast skal høyre til ei av undervisingsgruppene i allmennmedisin.

For førsteamanuensis gjeld i tillegg:

  • Delta i utvikling av forsking, inklusive følgeforsking på undervisingssamarbeid
  • Delta i utvikling av innovative rettleiingsformer av studentar, spesialistkandidatar og team som jobbar ved legesenteret
  • Den som skal tilsetjast skal høyre til ei av dei etablerte forskingsgruppene ved instituttet i tillegg til undervisingsgruppa i allmennmedisin.

Undervisingsspråket er til vanleg norsk.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha utdanning som lege
  • Søkjar må vere godkjent eller under utdanning til spesialist i allmennmedisin
  • Dokumentert vilje og evne til samarbeid er naudsynt
  • Det vert lagt vekt på erfaring med undervising i allmennmedisin i små og store grupper i grunn- og etterutdanning

For førsteamanuensis gjeld i tillegg:

  • Relevant norsk ph.d. grad eller tilsvarande kompetanse
  • Det er ein føremon om søkjar kan dokumentere planar og eiga forsking innan allmennmedisin
  • Pedagogisk basisutdanning/undervisningserfaring er eit krav for stillinga for førsteamanuensis, sjå retningsliner på Regler for vurdering av utdanningsfaglig kompetanse. Den som vert tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing

Vi tilbyr:

  • eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • for førsteamanuensis er løn etter lønssteg 66-74 (kode 1011/lønsramme 24.10), for tida kr 594 400-691 400, eller lønssteg 68-74 (spesialist) for tida kr 615 900 - 691 400. Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, og vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • for universitetslektor er løn frå lønssteg 52-64 etter tenesteansiennitet (kode 1009/lønsramme 25.6), for tida kr 464 000 - 573 100 brutto pr. år for ei fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV, vitnemål og attestar
  • fullstendig publikasjonsliste
  • dokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanse, sjå Eining for læring
  • ei liste over vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysning om kvar dei er offentleggjorde
  • vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10) som pdf
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf).

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Fagområdeleiar Esperanza Diaz, tlf 47414104, e-post esperanza.diaz@uib.no eller
  • Instituttleiar Guri Rørtveit, tlf 55586141, e-post guri.rortveit@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS