LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Førsteamanuensis i organisasjons- og leiingsfag

Søknadsfrist: 18.04.2021

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap (FØS) har tre institutt: Institutt for Økonomi og administrasjon, Institutt for maritime studier og Institutt for samfunnsvitskap. Totalt er det ca. 120 faglege tilsette ved fakultetet og vel 2000 studentar fordelt på tre campus: Bergen, Haugesund og Sogndal.

Fakultetet har i dag ni bachelorprogram og fire masterprogram. Fakultetet er vertsfakultetet for doktorgradsprogrammet RESINNREG i samarbeid med Fakultet for ingeniør- og naturvitskap og Fakultet for helse- og sosialvitskap.

Fakultetet har eit doktorgradsprogram i nautiske operasjonar som er ein fellesgrad med Norges teknisk-naturvitenskapelege universitet (NTNU), Norges arktiske universitet (UiT) og Universitetet i Sørøst-Norge (USN).

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig fast stilling som førsteamanuensis i organisasjons- og leiingsfag ved Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap

Om stillinga:

Stillinga som førsteamanuensis i organisasjons- og leiingsfag er organisatorisk knytt til Institutt for samfunnsvitskap, arbeidsstaden er Sogndal. Stillinga er ledig frå 1. august 2021.

Stillinga inngår i høgskulen sitt fagmiljø i organisasjon og leiing. Dette fagmiljøet driv i dag eit masterstudium retta mot helse-, velferds- og utdanningsinstitusjonane i offentleg sektor samt etter-og vidareutdanningstilbod for den same målgruppa. HVL ønskjer å utvide samarbeidet med arbeidslivet om livslang læring og tilby utdanning som offentleg sektor etterspør. Utvikling og gjennomføring av fleksible etter- og vidareutdanningar for offentleg sektor vil derfor vere aktuelt.

Forskinga vår er særleg knytt til styring og samhandling i fleirnivåsystem, utforming og gjennomføring av offentleg politikk, leiing, læring, innovasjon og digitalisering i offentlege tenesteytande organisasjonar, høgare utdanning, offentleg tilsyn og sektorspesifikke utfordringar i velferdsstaten.

Fagmiljøet leiar forskingsgruppa Innovasjon og styring i offentleg sektor (ISOS).

Masterstudiet i organisasjon og leiing er ei deltids- og samlingsbasert utdanning med undervisning på fleire campus og ein må rekne med ein del reiseverksemd.

Ansvars- og arbeidsområde:

  • Til stillinga ligg det undervisning, rettleiing av studentar, fagleg utviklingsarbeid, forsking og formidling innafor dei emna som går inn i studieprogrammet for master i organisasjon og leiing. Sentrale emne er offentleg politikk, organisasjon, leiing, læring, innovasjon, forskingsdesign og metode.
  • Den som blir tilsett i stillinga kan få oppgåver knytt til høgskulen sitt arbeid med utvikling av nye emne og utdanningstilbod.
  • Det er også ei forventning om at den som blir tilsett skal bidra i utvikling av nye relevante forskingsprosjekt og utarbeida søknadar om ekstern finansiering, saman med kollegaer i fagmiljøet.
  • Til stillinga kan det også liggja oppgåver knytt til rettleiing av fagtilsette i kompetanseløp.

Kvalifikasjonar:

Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger

Formell utdanning og kompetanse:

Søkjar må ha:

  • Doktorgrad innan statsvitskap, administrasjon- og organisasjonsvitskap eller tilsvarande samfunnsvitskaplege studieretningar med relevans for stillingsprofilen
  • Kompetanse innan fagfeltet organisasjon, politikk, leiing og styring i offentleg sektor
  • God kunnskap om norsk offentleg sektor, primært dei sektorane vi utdannar for
  • God skriftleg og munnleg formidlingsevne på norsk eller eit anna skandinavisk språk og på engelsk
  • Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga

Vi ønskjer søkjarar med kunnskap om ulike samfunnsvitskaplege metodiske tilnærmingar, samt erfaring frå undervisning og rettleiing i høgare utdanning. Forskingsinteressa kan vere knytt til ulike deler av offentleg sektor, men forskingskompetanse retta mot helse- og velferdssektoren blir vektlagt. Vi ber søkjaren skissere aktuelle forskingsinteresser i søknaden. Det er ønskjeleg at den som blir tilsett har god erfaring med, og har jobba tett mot denne sektoren.

Ved rangering av kompetente søkjarar blir det lagt vekt på formell kompetanse, dokumentert forskings- og formidlingsinnsats og undervisningserfaring innan relevante fagområde.

Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar som initiativ, kommunikasjon, omstillingsevne og samarbeid. Vi ønskjer også tilsette som kan bidra med engasjement i det offentlege ordskiftet.

Utdanningsfagleg kompetanse:For stilling som førsteamanuensis skal utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med kriteriar for utdanningsfagleg basiskompetanse ved tilsetting og opprykk i førsteamanuensis- og professorstilling ved HVL .

Søkjarar som ved tilsetting ikkje fyller krava, må fylle dei innan to år. HVL tilbyr kurs i høgskulepedagogikk.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga er større enn 15MB må dei komprimerast før opplasting, eller leggjast ved som lenkje.

Søknadane blir sendt elektronisk til eit sakkunnig utval. På bakgrunn av utvalet si vurdering vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheiter for kompetanseheving- og utvikling
  • Moglegheit for trening i arbeidstida

Stillinga som er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 - førsteamanuensis.

Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at i tråd med offentleglova, kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista. Søkjar blir varsla dersom førespurnad om unntak for offentleggjering ikkje vert teken til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogelg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting, og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet:

1) Instituttleiar, Roger Hestholm, telefon +47 57 67 62 68, e-post: roger.hestholm@hvl.no

2) Programansvarleg, Olina Kollbotn, telefon +47 57 67 61 38, e-post: olina.kollbotn@hvl.no

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS