LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Førsteamanuensis i historie

Søknadsfrist: 20.01.2022

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 17 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap (FØS) har tre institutt: Institutt for Økonomi og administrasjon, Institutt for maritime studier og Institutt for samfunnsvitskap. Totalt er det ca. 120 faglege tilsette ved fakultetet og vel 2000 studentar fordelt på tre campus: Bergen, Haugesund og Sogndal.


Fakultetet har i dag ni bachelorprogram og fire masterprogram. Fakultetet er vertsfakultetet for doktorgradsprogrammet RESINNREG i samarbeid med Fakultet for ingeniør- og naturvitskap og Fakultet for helse- og sosialvitskap. Fakultetet har eit doktorgradsprogram i nautiske operasjonar som er ein fellesgrad med Norges teknisk-naturvitenskapelege universitet (NTNU), Norges arktiske universitet (UiT) og Universitetet i Sørøst-Norge (USN).

Høgskulen på Vestlandet har ledig fast stilling som førsteamanuensis i historie ved Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap

Stillinga er organisatorisk knytt til Institutt for samfunnsvitskap, arbeidsstaden er Sogndal.

Stillinga er ledig for tilsetjing frå 1. august 2022

Ansvars- og arbeidsområde:

Undervising og rettleiing:

Til stillinga ligg det undervisning, rettleiing av studentar og fagleg utviklingsarbeid, forsking og formidling ved dei samfunnsvitskaplege utdanningane, hovudsakleg knytt til bachelorutdanninga i historie og årsstudia i historie og i samfunnsfag, både campus- og nettstudia.

Bachelorstudiet er eit treårig disiplinstudium med ei blanding av historiske og andre samfunnsfaglege emne. Studiet har også ein praksiskomponent. Den som blir tilsett, må vere budd på å undervise på fleire historieemne i bachelorutdanninga. Det er særleg behov for undervisningskompetanse i nyare norsk historie (etter 1800), sjølv om dette ikkje treng vere hovudkompetansen. Ein må og kunne bidra inn i samfunnsfagundervisninga på lærarutdanningane.

Forsking og utviklingsarbeid:

Forsking og utviklingsarbeid på problemstillingar med relevans for bachelorprogrammet i historie ligg også til stillinga. Det same gjeld deltaking i arbeid med utvikling av nye emne eller studieprogram, m.a. i samband med utvikling av nytt masterstudium i samfunnsvitskap. Utover dette er det forventa at dei tilsette bidreg inn i ei eller fleire av fakultetet sine fem strategiske forskingsgrupper. Du kan lese meir om forskingsgruppene våre her Forskingsorganisering ved FØS .

Søkjaren skal i søknaden skissere aktuelle forskingsinteresser og eventuell erfaring med innhenting av eksterne prosjektmidlar.

Til stillinga vil det også liggje oppgåver knytt til rettleiing av fagtilsette i kompetanseløp.

Fakultetet for økonomi og samfunnsvitskap ønskjer å auke fagleg samarbeid både internt i HVL og mot eksterne aktørarar for å vidareutvikle Vestlandsregionen. Den som blir tilsett i stillinga kan få oppgåver knytt til høgskulen sitt arbeid med utvikling av nye emne og fleksible utdanningstilbod retta mot regionalt arbeidsliv og livslang læring.

Kvalifikasjonar:

Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Norsk doktorgrad i historie eller anna norsk samfunnsvitskapleg doktorgrad med relevans for stillingsprofilen (t.d. statsvitskap).
    • Eventuelt tilsvarande utanlandsk doktorgrad godkjend som likeverdig med norsk doktorgrad eller kompetanse på tilsvarande nivå dokumentert ved vitskapleg arbeid av samme omfang (§ 1-4 (1)).
  • Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga
  • Undervisninga på historiestudia og dei tverrfaglege samfunnsfaglege emna går på norsk. Den som vert tilsett må difor framvise god skriftleg og munnleg formidlingsevne på norsk eller eit anna skandinavisk språk òg på engelsk

Utdanningsfagleg kompetanse:Søkjarar som ved tilsetting ikkje fyller krava, må fylle dei innan to år. HVL tilbyr kurs i høgskulepedagogikk.Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med kriteriar for utdanningsfagleg basiskompetanse ved tilsetting og opprykk i førsteamanuensis- og professorstilling ved HVL .

Ønska kvalifikasjonar:

  • Erfaring frå relevant forskings- og utviklingsarbeid
  • Erfaring med å skaffe ekstern finansiering og med utvikling av forskings- og utviklingsprosjekt saman med arbeidslivet
  • Erfaring med internasjonalt samarbeid
  • Erfaring med undervisning og rettleiing i høgare utdanning
  • Erfaring med utvikling av nye emne og studieprogram i høgare utdanning
  • Kompetanse på og erfaring med nye og digitale undervisningsformer

Personlege eigenskapar

Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar som initiativ, kommunikasjon, omstillingsevne og samarbeid. Vi ønskjer fleksible og løysingsorienterte tilsette med engasjement og interesse for fagleg utvikling, og med ei positiv innstilling til å samarbeide med både studentar og tilsette.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga er større enn 50MB må dei komprimerast før opplasting, eller leggjast ved som lenkje.

Søknadane blir sendt elektronisk til eit sakkunnig utval. På bakgrunn av utvalet si vurdering, vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheiter for kompetanseheving- og utvikling
  • Moglegheit for trening i arbeidstida

Stillinga som er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 - førsteamanuensis.

Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at i tråd med offentleglova, kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista. Søkjar blir varsla dersom førespurnad om unntak for offentleggjering ikkje vert teken til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogelg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing, og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet:

1) Instituttleiar Grete Netteland, E-post: [email protected], tlf. 57 67 63 32 / 416 92 891

2) Programansvarleg Knut Einar Utnes Øyangen, E-post: [email protected], tlf. 57 67 62 08

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS