LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Professor / førsteamanuensis i psykisk helse- og rusarbeid

Søknadsfrist: 30.09.2022

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 370 tilsette og om lag 4500 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram. Fakultetet tilbyr ph.d.-utdanninga "Helse, funksjon og deltaking". I tillegg har Fakultet for helse- og sosialvitskap ansvar for forskingsområdet: "Innovasjon i offentleg sektor" i ph.d.-utdanninga Responsible Innovation and regional Development (RESINNREG), som er eit samarbeid på tvers av fakulteta.


Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.

Ved Institutt for velferd og deltaking er vi 110 ansatte og 1300 studentar fordelt på studiestadane Bergen og Sogndal. Vi tilbyr bachelorutdanningar i sosialt arbeid, vernepleie og barnevern, og tverrfaglege masterutdanningar i Samfunnsarbeid, Psykisk helse og rusarbeid og Familieterapi og relasjonelt arbeid, i tillegg til andre etter- og vidareutdanningar. Forskinga ved instituttet er fleirfagleg og rettar seg mot heile det helse - og sosialvitskaplege feltet. Både forsking og undervising ved instituttet har sosial deltaking som kjerneverdi. Det gjeld deltaking gjennom involvering av tenestemottakarar, samt deltaking i sivilsamfunnet, arbeidslivet og i eigen individuell prosess.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei fast stilling i 100 % som professor/førsteamanuensis ved Fakultet for helse- og sosialvitskap

Stillinga er knytt til Fakultet for helse- og sosialvitskap, Institutt for velferd og deltaking, fagseksjon for master i psykisk helse- og rusarbeid. Fagseksjonen har utdanningstilbod i Bergen og Sogndal.

Stillinga er i hovudsak knytt til masterutdanninga i psykisk helse- og rusarbeid, campus Bergen, men ein del undervisings- og rettleiingsoppgåver på andre studietilbod på instituttet, inkludert reiseverksemd til campus Sogndal, må påreknast.

Ansvars- og arbeidsområde:

Stillinga har følgjande ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Undervising, rettleiing og evaluering innan fagområde psykisk helse- og rusarbeid, med særskilt vekt på rusfeltet
  • Delta i utvikling av studentaktive læringsformer innan emner knytt til studieprogrammet ved fagseksjonen
  • Institusjonsbyggjande arbeid med t.d. kollegarettleiing, fagadministrative oppgåver, emneansvar, internasjonalisering og samhandling med eksterne partnarar
  • Forskings- og utviklingsarbeid med relevans for fagområdet psykisk helse- og rusarbeid, samt bidra til vidareutvikling av forskingsgrupper.
  • Leie og delta i utvikling av nye, relevante forskingsprosjekt og utarbeide søknader om ekstern finansiering saman med kollegaer i fagmiljøet.
  • Samarbeid om utdanning og forsking internt i høgskulen, samt med nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar.

Kvalifikasjonar:

Kriteria for tilsetting i undervisings- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger

For stillinga som professor krevjast:

  • Ph.d.-grad frå samfunns- og helsevitskap eller psykologi med relevans for psykisk helse og rusarbeid
  • Professorkompetanse i fag og forskingsområdet psykisk helse og rusarbeid
  • Dokumentert utdanningsfagleg kompetanse på professornivå
  • Erfaring frå rettleiing på master- og ph.d.-nivå

For tilsetting som førsteamanuensis er kravet for stillinga:

  • Avlagt Ph.d.-grad frå samfunns- og helsevitskap eller psykologi med relevans for psykisk helse og rusarbeid
  • Utdanningsfagleg kompetanse innan helse- og sosialfag

For begge stillingane:

  • Interesse for og erfaring med pedagogisk utviklingsarbeid, varierte undervisingsformer og rettleiing frå høgare utdanning
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk eller anna skandinavisk språk, samt engelsk munnleg og skriftleg
  • Prosjektleiarerfaring, erfaring frå søknadsarbeid og eksternfinansiert forsking
  • God IKT kompetanse

Ønska kvalifikasjonar:

  • Grunnutdanning/ masterutdanning innan helse- og sosialfag
  • Praksiserfaring frå psykisk helse- og rusarbeid
  • Særskilt kompetanse på rusfeltet
  • Erfaring med internasjonalt samarbeid
  • Erfaring frå relevant forskings- og utviklingsarbeid

Personlege eigenskapar:

  • Sjølvstendig og ansvarleg, kreativ og løysingsorientert
  • Positiv innstilling og god evne til å samarbeide med både studentar og kollegaer
  • God evne til formidling
  • Engasjement og interesse for fagleg utvikling

Utdanningsfagleg kompetanse:

For tilsetting som professor skal utdanningsfaglege kompetansekrav vere oppfylt på søknadstidspunktet.

For søkjarar til stillinga som førsteamanuensis som ikkje oppfyller dei utdanningsfaglege kompetansekrava i forskrifta må desse vere oppfylt innan to år. HVL tilbyr kurs i høgskulepedagogikk.

For stilling som professor/ førsteamanuensis skal utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med kriteriar for utdanningsfagleg basiskompetanse ved tilsetting og opprykk i førsteamanuensis og professorstilling ved HVL.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga er større enn 50 MB må dei komprimerast før opplasting, eller leggjast ved som lenkje.

Søknadane blir sendt elektronisk til eit sakkunnig utval. På bakgrunn av utvalet si vurdering vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheiter for kompetanseheving- og utvikling
  • Moglegheit for trening i arbeidstida

Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1013 - professor/ 1011 førsteamanuensis.

Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogelg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing, og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktperson(-ar) ved Høgskulen på Vestlandet:

1) Fagseksjonsleiar Hege Almeland Hansen, Tlf: Tlf: 55 58 55 67 / 452 00 572

2) Instituttleiar Svanaug Fjær, Tlf: 55 55 57 53 / 995 84 428

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS