LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i statsvitskap

Søknadsfrist: 22.08.2022

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 370 tilsette og om lag 4500 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram. Fakultetet tilbyr ph.d.-utdanninga "Helse, funksjon og deltaking". I tillegg har Fakultet for helse- og sosialvitskap ansvar for forskingsområdet: "Innovasjon i offentleg sektor" i ph.d.-utdanninga Responsible Innovation and regional Development (RESINNREG), som er eit samarbeid på tvers av fakulteta.


Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.


Ved Institutt for velferd og deltaking er vi 110 ansatte og 1300 studenter fordelt på studiestedene Bergen og Sogndal. Vi tilbyr bachelorutdanninger i sosialt arbeid, vernepleie og barnevern, og tverrfaglige masterutdanninger i Sosialvitskap, Psykisk helse og rusarbeid og Familieterapi og relasjonelt arbeid, i tillegg til andre etter- og videreutdanninger. Forskningen ved instituttet er flerfaglig og retter seg mot hele det helse - og sosialvitenskaplige feltet. Både forskning og undervisning ved instituttet har sosial deltaking som kjerneverdi. Det gjelder deltaking gjennom involvering av tjenestemottakere, samt deltaking i sivilsamfunnet, arbeidslivet og i egen individuell prosess.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig 100 % fast stilling som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor innan fagområde statsvitskap ved Fakultet for helse-og sosialvitskap – campus Bergen

På grunn av stor vekst i utdanningstilboda ved Institutt for velferd og deltaking, styrker vi kompetansen i bachelorutdanninga i sosialt arbeid. Bachelorstudiet i sosialt arbeid retter merksemda mot barn, unge, vaksne og eldre som lever i marginaliserte og utsette livssituasjonar. Studiet tek tak i dei store samfunnsutfordringane i vår tid knytt til utanforskap, psykisk helse, rus, barnevern, arbeidsinkludering og eldreomsorg. Tilsette ved fagseksjonen driv forsking og undervisning knytt til helse og velferdstenester som NAV, barnevern, spesialisthelsetenester, rus- og omsorgstenester og i felt som migrasjon, kriminalomsorg, skule, fritid og frivillig sektor.

Stillinga er knytt til Fakultet for helse- og sosialvitskap, Institutt for velferd og deltaking, fagseksjon for sosialt arbeid

Stillinga er i hovudsak knytt til bachelorutdanninga i sosialt arbeid, men ein må også rekne med undervisnings- og rettleiingsoppgåver på andre studietilbod i instituttet.

Ansvars- og arbeidsområde:

  • Undervisning, veiledning og evaluering innen fagområdet sosialt arbeid, særlig innen barnevern, og emner knyttet til fagseksjonens studieprogramm, samt fakultetets forskningsprofiler. Herunder oppfølging og veiledning av studenter i ferdighetstrening.
  • Bidra innan dei ulike faglege institusjonsbyggande oppgåvene, som til dømes studiekoordinering, emneansvar og utvikling av forskingsgruppene
  • Undervisning om rammevilkåra for sosialt arbeid, demokrati og politisk organisering på kommunalt og statleg nivå
  • Forsking- og utviklingsarbeid med relevans for fagområde sosialt arbeid
  • Delta i utviklinga av nye relevante forskingsprosjekt og utarbeide søknadar om ekstern finansiering saman med kollegaer i fagmiljøet
  • Arbeid med internasjonalisering i utdanninga
  • Samarbeid om utdanning og forsking internt i høgskulen, og med nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar

Kvalifikasjonar:

Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstillingar går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger fastsett av Kunnskapsdepartementet.

  • For tilsetting som førsteamanuensis er kravet avlagd statsvitskapleg ph.d-grad og for førstelektor dokumentasjon på førstelektorkompetanse innan relevant tematikk for sosialt arbeid.
  • For tilsetting som høgskulelektor må søkjar ha relevant mastergrad i statsvitskap. Interesse og motivasjon for å oppnå førstekompetanse blir vektlagt
  • Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga
  • Interesse for og/eller erfaring med pedagogisk utviklingsarbeid, varierte undervisningsformer og internasjonaliseringsarbeid frå undervisning og rettleiing i høgare utdanning
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk eller skandinavisk språk i tillegg til engelsk
  • God IKT-kompetanse

Ønska kvalifikasjonar:

  • Erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt, som til dømes erfaring med å skaffe ekstern finansiering og med utvikling av forskings- og utviklingsprosjekt saman med praksisfeltet
  • Erfaring med internasjonalt samarbeid og/eller arbeidserfaring
  • Erfaring med undervisning og rettleiing i høgare utdanning
  • Relevant arbeidserfaring frå sosialt arbeid

Personlege eigenskapar:

  • Sjølvstendig og ansvarleg
  • Positiv innstilling og god evne til å samarbeide og engasjera både studentar og kollegaer
  • Engasjement og interesse for fagleg utvikling samt fokus på sosiale aktivitetar
  • Trives i eit tverrfagleg miljø med fokus på sosialt arbeid
  • God evne til formidling i små og store fora samt nytte ulike undervisningsformer

Utdanningsfagleg kompetanse

Søkjarar som ved tilsetting ikkje fyller krava, må fylle dei innan to år. HVL tilbyr kurs i høgskulepedagogikk. For stilling som førsteamanuensis skal utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med kriteriar for utdanningsfagleg basiskompetanse ved tilsetting og opprykk i førsteamanuensis og professorstilling ved HVL

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:

  • vitskaplege arbeid (inntil 15 stk.)
  • fullstendig publikasjonsliste
  • attestar og vitnemål.

For førsteamanuensis skal utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med Kriterier for utdanningsfaglig basiskompetanse ved ansettelse og opprykk i førsteamanuensis- og professorstilling ved HVL .

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga overstig 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Utdanning som er tatt utanfor Norge skal vera godkjent og stadfesta av NOKUT.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkunnige utvalet. På bakgrunn av utvalet si vurdering, vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving- og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 førsteamanuensis/1198 førstelektor/1008 høgskulelektor.

Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at i tråd med offentleglova, kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom førespurnad om unntak for offentleggjering ikkje vert teken til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet:

1) Fagseksjonsleiar, Irene Helland Vikøren, tlf 55 58 70 77, e-post: Irene.Helland.Vikoren@hvl.no

2) Instituttleiar, Svanhaug Fjær, tlf 55 58 57 53, e-post: Svanaug.Fjer@hvl.no

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS