LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i sosiologi - vikariat

Søknadsfrist: 15.08.2022

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 17 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap (FØS) har tre institutt: Institutt for økonomi og administrasjon, Institutt for maritime studiar og Institutt for samfunnsvitskap. Fakultetet har om 2300 studentar og 140 tilsette.

Det er elleve bachelorprogram og fire masterprogram ved fakultetet. FØS har eit doktorgradsprogram i nautiske operasjonar som er ein fellesgrad med Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU), Norges arktiske universitet (UiT) og Universitetet i Sør Øst-Norge (USN). FØS er også vertsfakultet for doktorgradsprogrammet Ansvarlig innovasjon og regional utvikling (RESINNREG) som går på tvers av fleire fakultet i HVL. FØS har det faglege og administrative ansvaret for programmet.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei mellombels stilling som førsteamanuensis / førstelektor / høgskolelektor i sosiologi ved Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap

Om stillinga:

Stillinga er knytt til Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap, Institutt for samfunnsvitskap og har arbeidstad ved campus Sogndal.

Stillinga er ledig for tilsetjing som vikar frå 1. september 2022 til og med 30. juni 2023.

Ansvars- og arbeidsområde:

Undervising og rettleiing:

Til stillinga ligg det undervisning og rettleiing av studentar ved dei samfunnsvitskaplege utdanningane, hovudsakleg knytt til bachelorutdanninga i sosiologi-ungdomssosiologi og årsstudia i ungdomssosiologi og samfunnsfag. All undervisning går føre seg på campus Sogndal.

Bachelorstudiet er eit treårig disiplinstudium med ei blanding av sosiologiske og samfunnsfaglege emne. Studiet har også ein praksiskomponent. Den som blir tilsett, må vere budd på å undervise i sosiologiske og ungdomssosiologiske emne. Rettleiing av bacheloroppgåver vil óg vere aktuelt

Forsking og utviklingsarbeid:

Søkjaren kan i søknaden skissere aktuelle forskingsinteresser og erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt.

Kvalifikasjonar:

Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstillingar går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger fastsett av Kunnskapsdepartementet.

Formell kompetanse og erfaring

  • For tilsetting som førsteamanuensis er kravet avlagd ph.d-grad innanfor stillinga sitt fagområde sosiologi eller tilsvarande samfunnsvitskapleg kompetanse
  • For tilsetting som førstelektor må søkjar dokumentere førstelektorkompetanse innanfor stillinga sitt fagområde
  • For tilsetting som høgskulelektor må søkjar ha relevant mastergrad for fagområdet
  • God IKT-kompetanse
  • Undervisningsspråket er norsk og søkjar må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk eller anna skandinavisk språk, i tillegg til engelsk.
  • Utdanningsfagleg kompetanse

Ønska kvalifikasjonar:

  • Erfaring med undervisning og rettleiing i høgare utdanning
  • Kompetanse på og erfaring med digitale undervisningsformer
  • Interesse for og/eller erfaring med pedagogisk utviklingsarbeid og varierte undervisningsformer
  • Erfaring frå relevant forskings- og utviklingsarbeid, gjerne i samarbeid med arbeidslivet
  • Erfaring med utvikling av fleksible utdanningstilbod retta mot regionalt arbeidsliv og livslang læring

Søkjarar med kjennskap til ungdomssosiologi og/eller har yrkeserfaring knytt til ungdom vert særleg oppmoda om å søkje.

Personlege eigenskapar:

Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar som initiativ, kommunikasjon, omstillingsevne og samarbeid. Vi ønskjer fleksible og løysingsorienterte tilsette med engasjement og interesse for fagleg utvikling og med ei positiv innstilling til å samarbeide med både studentar og tilsette.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:

  • vitskapleg arbeid (inntil 15 stk)
  • fullstendig publikasjonsliste
  • attestar og vitnemål

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga er større enn 50 MB må dei komprimerast før opplasting, eller leggjast ved som lenkje.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheiter for kompetanseheving- og utvikling
  • Moglegheit for trening i arbeidstida

Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ i stillingskode 1011 - førsteamanuensis / 1198 - førstelektor / 1008 høgskulelektor.

Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogelg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing, og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet:

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS