Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Førsteamanuensis / Førstelektor i teiknspråklingvistikk

Søknadsfrist: 27.09.2020

Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har ledig ei fast 100% stilling som førsteamanuensis/førstelektor i teiknspråklingvistikk

Stillinga inngår i Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking og arbeidsstaden er campus Bergen.

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.
Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking har 160 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.


Instituttet gir undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanningane (masternivå frå hausten 2017), og i bachelorutdanninga i teiknspråk og tolking. I tillegg gir instituttet masterutdanningar i undervisningsvitskap og masterutdanning i barne- og ungdomslitteratur. Instituttet bidrar også i Ph.D.-programmet Danning og didaktiske praksisar.


Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av skule- og profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

Fagmiljøet i teiknspråk og tolking i Bergen har om lag 6 tilsette. Fagmiljøet er knytt til ulike forskargrupper, med omfattande forskingsaktivitet og utviklingsarbeid. Fakultetet har også doktorgradsprogrammet «Danning og didaktiske praksisar». Arbeidsoppgåvene i fagmiljøet er primært knytt til bachelorprogrammet i teiknspråk og tolking. I tillegg har fagmiljøet ansvar for undervisning i eit nyoppretta utdanningstilbod, Tolking i offentleg sektor. Fagmiljøet undervisar også i ulike etter- og videreutdanningstilbod på fakultetet. Fagmiljøet inngår i et samarbeid med andre utdanningsinstitusjonar som tilbyr bachelor i teiknspråk og tolking, og deltek i nasjonalt fagorgan for teiknspråk og tolking.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Stillinga har følgande ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Undervise, rettleie og utvikle studentaktive læringsformer i tråd med krav i studietilsynsforskrifta i hovudsak knytt til undervisningsoppgåver i bachelorutdanninga teiknspråk og tolking. Den som vert tilsett vil ha eit særleg ansvar for utviklinga av lingvistiske tilnærmingar til teiknspråk og bruk av teiknspråk i utdanningane, og vil få oppgåver knytt til rettleiing av bacheloroppgåver. Det er ønskjeleg at den som vert tilsett kan bidra til arbeid med tolkefaglege tema eller tema knytt til omsetjing.
  • Forsking- og utviklingsarbeid med klar relevans for instituttets fagområde. Fakultetet har 5 strategiske forskingsprogram (Kunst, kreativitet og kulturelle praksisar; Språk, kommunikasjon og læring; Praksisnær profesjons- og utdanningsforsking; Berekraft, medverknad og mangfald og Idrett, fysisk aktivitet og kosthald) og det blir forventa at dei tilsette bidreg med forsking innretta mot eitt eller fleire av programma.
  • Institusjonsbyggjande arbeid irekna: rettleie tilsette, fagadministrative oppgåver, internasjonalisering og samhandling med eksterne partnarar.
  • Delta i utvikling av forskingsprosjekt og utarbeide søknader om ekstern finansiering samen med kollegaer i fagmiljøet. Det er ønskjeleg at den som vert tilsett har erfaring frå forskingsleiing.
  • Aktiv bruk av digitale verktøy i arbeidskvardagen

Kvalifikasjonskrav:

Formelle kvalifikasjonar:

For fast tilsetjing som førsteamanuensis må søkar ha avlagt doktorgrad med klar relevans for teiknspråklingvistikk og stillingsprofilen. For tilsetjing som førstelektor må søkar ha kompetanse på nivå med norsk doktorgrad, og med tilsvarande relevanskrav som for førsteamanuensis.Den som vert tilsett må kunne teiknspråk, og det er ønskjeleg med kompetanse i norsk teiknspråk (NTS). For søkarar som ikkje meistrar NTS ved tilsetjing, vert det stilla krav om at søkar tileignar seg kompetansen innan 2 år.

Den som vert tilsett bør meistre norsk eller eit skandinavisk språk. Søkarar som ikkje meistrar norsk eller eit skandinavisk språk på tilsetjingstidspunkt forpliktar seg til å tileigne seg det innan 2 år.

Søkar må i tillegg dokumentere utdanningsfagleg kompetanse i tråd med føringane i Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings-og forskerstillinger.

Den som vert tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Høgt etisk medvit i møte med studentar er påkravd.

Den som vert tilsett må vere personleg egna for stillinga.

Følgande tel positivt i vurderinga

  • Erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt, irekna erfaring med å skaffe ekstern finansiering og utvikling av forskings- og utviklingsprosjekt med praksisfeltet
  • Internasjonal erfaring

Krav til utdanningsfagleg kompetanse:

Førsteamanuensis

Søkarar skal bedømmast, men ikkje bli rangert, på om dei oppfyller følgande krav:

Gjennomført eige program (minimum 200 timar)/relevante kurs og eigen praktisk undervisning, og opparbeidt grunnleggande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervisning og rettleiing (grunnleggande kompetanse for undervisning og rettleiing på universitets- og høgskulenivå). Ferdigheitene skal dokumenterast i form av ein systematisk og samla framstilling som blir vurdert av HVL.

Dei som ikkje oppfyller krava ved tilsetjing, må oppfylla dei innan to år frå tiltreding. HVL tilbyr kurs i utdanningsfagleg kompetanse.

Førstelektor

Dokumentert relevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing.Spesielle kvalifikasjonar innanfor undervisning eller annan pedagogisk virksomhet vil bli tillagt stor vekt.

Sakkunnig vurdering:

Søkarar til vitskaplege stillingar blir vurdert av eit sakkunnig utval. Vurderinga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse, oversikt over arbeida dine, kvar dei er offentleggjort og inntil 5 vitskaplege arbeid som skal leggast ved søknaden i fulltekst. Tilsetjingsorgan er tilsetjingsutval ved Høgskulen på Vestlandet.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkars ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen; dei vitskaplege arbeida (inntil 5 stk.), fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkunige utvalet. På bakgrunn av utvalet si vurdering vil aktuelle søkarar verte kalla inn til intervju og prøveforelesning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011- førsteamanuensis / 1198 - førstelektor

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. offentlegheitslova kan opplysningar om søkaren bli offentliggjort sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Søkaren vil bli varsla dersom ynsket ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetting og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Inger Birgitte Torbjørnsen, studieprogramansvarleg for Teiknspråk og tolking, tlf: 55 58 58 04, epost: ibto@hvl.no

2) Jannike Lyngtun, assisterande instituttleiar, tlf: 55 58 57 79, epost: jly@hvl.no

Søk stilling

Powered by Labrador CMS