LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Førsteamanuensis / førstelektor i norsk språk / litteratur

Søknadsfrist: 21.03.2021

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 700 tilsette og 16 600 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6 200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program.

Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking har 160 tilsette i Bergen, Sogndal og Stord.


Instituttet gir undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanningane og i bachelorutdanninga i teiknspråk og tolking. I tillegg gir instituttet masterutdanningar i undervisningsvitskap og masterutdanning ibarne- og ungdomslitteratur. Instituttet bidrar også i Ph.D.-programmet Danning og didaktiske praksisar.


Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltek i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av skule- og profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

Ved Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett er det ledig to faste stillingar som førsteamanuensis/førstelektor i norsk språk/litteratur

Stillinga inngår i Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking ved campus Sogndal.

Ansvars- og arbeidsområde:

Stillingane har følgjande ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Undervise, rettleie og utvikle studentaktive læringsformer i tråd med krav i studietilsynsforskrifta. Desse oppgåvene vil vere knytt til grunnskulelærarutdanninga, barnehagelærarutdanninga og Ph.d.-utdanninga, og innanfor etter- og vidareutdanning. Dei tilsette må kunne rettleie studentane i skriftlege arbeid, ta på seg studieadministrative oppgåver, samt delta i samarbeidsprosjekt. Desentralisert undervising og undervising på nett høyrer òg med til arbeidsoppgåvene.
  • Forsking- og utviklingsarbeid med klar relevans for norsk språk/språkdidaktikk, norsk litteratur/litteraturdidaktikk og instituttet sine fagområde. Fakultetet har 5 strategiske forskingsprogram (Kunst, kreativitet og kulturelle praksisar; Språk, kommunikasjon og læring; Praksisnær profesjons- og utdanningsforsking; Berekraft, medverknad og mangfald og Idrett, fysisk aktivitet og kosthald) og det vert forventa at dei tilsette bidreg med forsking innretta mot eitt eller fleire av programma.
  • Institusjonsbyggjande arbeid irekna: rettleie tilsette, fagadministrative oppgåver, internasjonalisering og samhandling med eksterne partnarar.
  • Delta i utvikling av forskingsprosjekt og utarbeide søknader om ekstern finansiering saman med kollegaer i fagmiljøet.
  • Aktivt bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen.
  • Det kan bli aktuelt med noko reising i stillinga.

Kvalifikasjonar:

Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger.

For fast tilsetjing som førsteamanuensis må søkjar ha avlagt doktorgrad i norskdidaktikk/nordisk språk- og litteraturvitskap/litteraturvitskap/lingvistikk, eller innanfor eit område med relevans for følgjande område: norsk/nordisk/norskdidaktikk eller innanfor eit område med relevans for språk/språkdidaktikk og/eller litteratur/litteraturdidaktikk og/eller lese- og skriveopplæring. For tilsetjing som førstelektor må søkjar ha kompetanse på nivå med norsk doktorgrad, og med tilsvarande relevanskrav som for førsteamanuensis.

Den som vert tilsett, må kunne undervise i dei sentrale emna i grunnskulelærarutdanninga og barnehagelærarutdanninga, også på nett. Det er ønskjeleg at den som vert tilsett har kompetanse i eit eller fleire av desse emna: litteratur/litteraturdidaktikk, den fyrste lese- og skriveopplæringa og barn si tidlege språk-, lese- og skriveutvikling. Fagmiljøet tek eit særleg ansvar for nynorsk skriftspråk.

Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillingane og søkjar må dokumentere utdanningsfagleg kompetanse i tråd med føringane i Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger

Krav til utdanningsfagleg kompetanse:

Førsteamanuensis

Søkjarar skal bedømmast, men ikkje bli rangert, på om dei oppfyller følgjande krav:

  • Gjennomført eige program (minimum 200 timar)/relevante kurs og eige praktisk undervisning, og opparbeida grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervisning og rettleiing (grunnleggjande kompetanse for undervisning og rettleiing på universitets- og høgskulenivå). Ferdigheitene skal dokumenterast i form av ei systematisk og samla framstilling som vert vurdert av HVL.
  • Dei som ikkje oppfyller krava ved tilsetjing må oppfylle dei innan to år frå tiltreding. HVL tilbyr kurs i utdanningsfagleg kompetanse.

Førstelektor

  • Dokumentert relevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing.
  • Spesielle kvalifikasjonar innanfor undervisning eller annan pedagogisk verksemd vil bli tillagt stor vekt.

Utdanningsfagleg kompetanse:Søkjarar som ved tilsetting ikkje fyller krava, må fylle dei innan to år. HVL tilbyr kurs i høgskolepedagogikk.For stilling som førsteamanuensis skal utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med kriteriar for utdanningsfagleg basiskompetanse ved tilsetting og opprykk i førsteamanuensis- og professorstilling ved HVL.

Den som vert tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Høgt etisk medvit i møte med studentar er påkravd.

Undervisningsspråket er norsk og søkjarar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk.

Den som vert tilsett må vere personleg egna for stillinga.

Følgjande tel positivt i vurderinga:

  • Erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt, irekna erfaring med å skaffe ekstern finansiering og utvikling av forskings- og utviklingsprosjekt med praksisfeltet.
  • Relevant erfaring frå barnehage, grunnskule, vidaregåande opplæring og/eller høgare utdanning.
  • Aktiv bruk av digitale verktøy i arbeidskvardagen og erfaring med pedagogisk bruk av IKT.
  • Internasjonal erfaring.

Korleis søkje på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga er større enn 15MB må dei komprimerast før opplasting, eller leggjast ved som lenkje.

Søknadane lir sendt elektronisk til eit sakkunnig utval. På bakgrunn av utvalet si vurdering vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse.
  • Spanande fagmiljø med moglegheiter for kompetanseheving- og utvikling.
  • Moglegheit for trening i arbeidstida.

Stillinga som førsteamanuensis/førstelektor er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 - førsteamanuensis/ 1198 - førstelektor.

Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at i tråd med offentleglova, kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista. Søkjar blir varsla dersom førespurnad om unntak for offentleggjering ikkje vert teken til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogeleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting, og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet:

1) Assisterande instituttleiar Tom Rune Kongelf, tlf.: 57 67 63 37 / 990 17 802, e-post: [email protected]

2) Faggruppeleiar Britt Iren Nordeide, tlf.: 57 67 62 63, e-post: [email protected]

3) Professor Eli Bjørhusdal, tlf.: 57 67 60 11, e-post: [email protected]

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS