LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Førsteamanuensis / førstelektor i fysioterapi

Søknadsfrist: 29.11.2020

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 370 tilsette og om lag 4500 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram.

Fakultetet tilbyr ph.d.-utdanninga "Helse, funksjon og deltaking". I tillegg har Fakultet for helse- og sosialvitskap ansvar for forskingsområdet: "Innovasjon i offentleg sektor" i ph.d.-utdanninga Responsible Innovation and regional Development (RESINNREG), som er eit samarbeid på tvers av fakulteta.


Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.


Ved Institutt for helse og funksjon er vi om lag 60 tilsette og 580 studentar med studiestad i Bergen. Vi har bachelorutdanningar i ergoterapi, fysioterapi og radiografi. I tillegg har vi også masterstudium i klinisk fysioterapi med tre studieretningar og tverrfagleg internasjonalt studium i Healthy aging and rehabilitation. Frå hausten 2020 blir masterstudium i kunnskapsbasert praksis del av studietilbodet ved instituttet. Forsking og formidling knytt til desse fagområda og utdanningsforsking er ein viktig del av arbeidsoppgåvene våre.

Ved Høgskulen på Vestlandet er det ledig 2 faste 100 % stillinger som førsteamanuensis/førstelektor i fysioterapi ved Fakultet for helse-og sosialvitskap – campus Bergen

Stillingene er knytta til Fakultet for helse- og sosialvitskap, Institutt for helse og funksjon, Fagseksjon bachelor i fysioterapi.

Stillingene er i hovudsak knytta til bachelorutdanninga i fysioterapi, men ein må også pårekne undervisnings- og rettleiingsoppgåver på andre studietilbod i instituttet.

Ansvars- og arbeidsområde:

  • Undervisning, rettleiing og evaluering innan fagområde fysioterapi og med særleg vekt på fysioterapi ved muskel-skjelett lidingar og emner knytta til fagseksjonen sine studieprogram, i tillegg til fakultetet sine forskingsprofilar
  • Bidra til forsking knytta til fagseksjonen sine studieprogram i tillegg til fakultetet sine forskingsprofiler
  • Bidra innan dei ulike faglege institusjonsbyggande oppgåvene, som til dømes studiekoordinering, emneansvar og utvikling av forskingsgruppene
  • Forsking- og utviklingsarbeid med relevans for fagområdet fysioterapi
  • Delta i utvikling av nye relevante forskingsprosjekt og utarbeide søknader om ekstern finansiering saman med kollegaer i fagmiljøet
  • Samarbeid internt i høgskulen og med andre utdanningsinstitusjonar og samarbeidspartar både nasjonalt og internasjonalt

Kvalifikasjonar:

  • For stilling som førsteamanuensis er kravet avlagt ph.d. grad og for førstelektor dokumentasjon på førstelektorkompetanse
  • Pedagogisk kompetanse (jfr. Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger)
  • Offentleg godkjenning som fysioterapeut
  • Interesse for og/eller erfaring med pedagogisk utviklingsarbeid, varierte undervisningsformer og internasjonaliseringsarbeid frå undervisning og rettleiing i høgare utdanning
  • Relevant klinisk erfaring og praksisnær kompetanse
  • God munnleg og skriftleg fremstillingsevne på norsk eller skandinavisk språk i tillegg til engelsk
  • God IKT-kompetanse

Ønska kvalifikasjonar:

  • Erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt, herunder erfaring med å skaffe ekstern finansiering og utvikling av forskings- og utviklingsprosjekt med praksisfeltet
  • Erfaring med internasjonalt samarbeid og/eller arbeidserfaring
  • Erfaring med undervisning og rettleiing i høgare utdanning

Til ei av stillingane kan det vere av interesse å tilsetje søkar med kompeanse innan vestibulære sjudomar og/eller fysikalske behandlingsmetodar.

Personlege eigenskaper:

  • Sjølvstendig og ansvarleg
  • Positiv innstilling og god evne til å samarbeide med både studentar og kollegaer
  • God evne til formidling
  • Engasjement og interesse for fagleg utvikling

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, her dei vitskaplege arbeida (inntil 15 stk.), fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkunnige utvalet. På bakgrunn av komiteen si innstilling vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveforelesning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving- og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førsteamanuensis/førstelektor er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 førsteamanuensis/1198 førstelektor.

Frå lønn vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ønsket ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet:

1) Instituttleder BJørg Hafslund, +47 55 58 55 06 / +47 900 71 972

2) Fagseksjonleiar Steinar Hummelsund, +47 55 58 56 62 / +47 472 60 431

Søk stilling

Powered by Labrador CMS