LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET
Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i planlegging og/eller naturforvaltning
Søknadsfrist: 01.05.2021

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei fast stilling i 100 % som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i planlegging og/eller naturforvaltning ved Fakultet for Ingeniør- og naturvitskap
Om stillinga:
Høgskulen på Vestlandet har ledig fast stilling i 100 % som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i planlegging og/eller naturforvaltning med tilsetting frå hausten 2021. Stillinga er lagt til Institutt for miljø- og naturvitskap, og har arbeidsstad campus Sogndal.
Ansvars- og arbeidsområde:
Den som blir tilsett i stillinga skal undervise og rettleie på bachelorprogrammet i Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur og masterprogrammet i Climate Change Management. Noko undervisning er felles med bachelorprogramma i Fornybar energi og Geologi og geofare.
Instituttet har eit mangfaldig fagmiljø med høg forskingsaktivitet på mange felt. Det er ønskje om at den som blir tilsett deltek i utviklings- og forskingsarbeidet ved instituttet. Forsking og utdanning femner mellom anna om tema som; planlegging for berekraftig utvikling, arealbruk og landskapsøkologi, klimatilpassing i arealplanlegging, konsekvensutgreiingar og risiko- og sårbarheitsanalysar.
Kvalifikasjonar:
Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger
Formell utdanning og kompetanse:
Vi søkjer ein person med kompetanse innan planlegging eller forvaltning av landskap og naturressursar. Den som blir tilsett må:
- ha god kjennskap til det norske plan- og forvaltningssystemet
- kunne framvise kunnskap frå skjeringspunktet mellom arealplanlegging og minst eitt av følgjande fagfelt: økologi, berekraftig utvikling eller klimaomstilling
- ha god munnleg og skriftleg famstillingsevne på norsk og engelsk
Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga jf Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger
Ønska kvalifikasjonar:
- erfaring som planleggar
- undervisningserfaring frå universitet eller høgskule
- erfaring og kompetanse i overvasshandtering og bruk av digitale verktøy som Geografisk informasjonssystem (GIS)
- forskingserfaring
Personlege eigenskapar:
- samarbeidsevne
- fleksibilitet
- evne til å ta initiativ
- engasjement
Utdanningsfagleg kompetanse:Søkjarar som ved tilsetting ikkje fyller krava, må fylle desse innan to år. HVL tilbyr kurs i høgskolepedagogikk.For stilling som førsteamanuensis skal utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med kriteriar for utdanningsfagleg basiskompetanse ved tilsetting og opprykk i førsteamanuensis- og professorstilling ved HVL .
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.
Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som er lag inn i www.jobbnorge.no ved utløp av søknadsfristen. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:
- vitskapleg arbeid (inntil 15 stk)
- fullstendig publikasjonsliste
- attestar og vitnemål
- dokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanse. For førsteamanuensis skal utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med Kriterier for utdanningsfaglig basiskompetanse ved ansettelse og opprykk i førsteamanuensis- og professorstilling ved HVL .
Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga er større enn 15MB må dei komprimerast før opplasting, eller leggjast ved som lenkje.
Søknadane blir sendt elektronisk til eit sakkunnig utval. På bakgrunn av utvalet si vurdering vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Spanande fagmiljø med moglegheiter for kompetanseheving- og utvikling
- Moglegheit for trening i arbeidstida
Stillinga som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011/1198/1008 - førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor
Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at i tråd med offentleglova, kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista. Søkjar blir varsla dersom førespurnad om unntak for offentleggjering ikkje vert teken til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogelg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting, og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet:
1) Instituttleiar Tarald Seldal, tlf 57 67 62 40e-post [email protected]