LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i naturbasert reiseliv

Søknadsfrist: 11.04.2021

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskolane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelt på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærerutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap (FØS) har tre institutt: Institutt for økonomi og administrasjon, Institutt for maritime studier og Institutt for samfunnsvitskap. Totalt er det ca. 120 fagleg tilsette ved fakultetet og vel 2000 studentar. Fakultetet har i dag ni bachelorprogram og fire masterprogram.

Fakultetet har eit doktorgradsprogram i nautiske operasjonar som er ein fellesgrad med Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU), Norges arktiske universitet (UiT) og Universitetet i Sørøst-Norge (USN). FØS er også vertsfakultet for doktorgradsprogramm «ansvarlig innovasjon og regional utvikling» som går på tvers av flere fakulteter ved HVL. FØS har det faglege og administrative ansvaret for programmet.


Institutt for økonomi og administrasjon ved HVL har vel 85 fagtilsette og 1000 studentar. Instituttet er fordelt på tre campus: Bergen, Haugesund og Sogndal. Instituttet har ni bachelorprogram og to masterprogram.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig mellombels stilling i 100 % som førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskulelektor i naturbasert reiseliv ved Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap, campus Sogndal

Ved Institutt for økonomi og administrasjon er det ledig mellombels stilling i naturbasert reiseliv. Stillinga vil i hovudsak vere knytt til undervisning og rettleiing ved studieprogrammet Natur- og opplevelsesbasert reiseliv ved campus Sogndal, men andre undervisningsoppgåver ved instituttet må og påreknas.

Stillinga er vikariat over eitt år og med oppstart 01.07.2021.

Arbeidsplassen er Sogndal.

Ansvars- og arbeidsområde:

Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere:

  • Undervisning og rettleiing på studieprogrammet Natur- og opplevelsesbasert reiseliv. Andre undervisningsoppgåver ved instituttet kan bli aktuelt, til dømes på bachelorutdanninga i reiselivsleiing.
  • Det kan liggje ansvar knytt til fagleg studiekoordinering og emneansvar til stillinga.
  • Ekskursjonar er ein del av undervisninga og ein må etter behov delta på desse.
  • Institusjonsbyggjande arbeid irekna: fagadministrative oppgåver, internasjonalisering og samhandling med eksterne partnarar.
  • Aktivt bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen

Kvalifikasjonar:

Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger

  • For tilsetting som førsteamanuensis må søkjar ha avlagt doktorgrad med relevans for stillinga
  • For tilsetting som førstelektor må søkjar dokumentere relevant førstelektorkompetanse
  • For tilsetjing som høgskulelektor må søkjar ha hovudfag/mastergrad med gode resultat og med relevans for stillingsprofilen, til dømes innan naturbasert reiseliv eller friluftsliv.
  • Det er ønskeleg med pedagogisk kompetanse
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne. Undervisningsspråket er norsk og søkjarar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk.

Vi søkjer særleg teoretisk og praktisk undervisningskompetanse innan naturbasert reiseliv, friluftsliv, friluftslivspedagogikk, naturguiding og forvaltning.

Ønska kvalifikasjonar:

  • Undervisnings- og rettleiingserfaring frå høgare utdanning.
  • Relevant forskings- og fagutviklingserfaring blir tillagt vekt
  • Erfaring frå naturbasert reiseliv/ guiding.
  • Relevant kompetanse innan friluftsrelaterte aktivitetar

Personlege eigenskapar:

  • Sjølvstendig
  • Evne til å arbeida saman med andre i team
  • Evne til å samarbeide på tvers av fagdisiplinar
  • Gode evner til formidling

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no.

Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga er større enn 15MB må dei komprimerast før opplasting, eller leggjast ved som lenkje.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheiter for kompetanseheving- og utvikling
  • Moglegheit for trening i arbeidstida

Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011, førsteamanuensis / 1198, førstelektor / 1008, høgskulelektor

Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at i tråd med offentleglova, kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista. Søkjar blir varsla dersom førespurnad om unntak for offentleggjering ikkje vert teken til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogelg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting, og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktperson(-ar) ved Høgskulen på Vestlandet:

1) Førsteamanuensis Kristin Løseth, tlf: 57 67 63 15

2) Assisterende instituttleder Ingunn Skjelbreidalen, tlf: 57 67 63 42

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS