LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i fysioterapi

Søknadsfrist: 21.02.2021

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 370 tilsette og om lag 4500 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram. Fakultetet tilbyr ph.d.-utdanninga "Helse, funksjon og deltaking". I tillegg har Fakultet for helse- og sosialvitskap ansvar for forskingsområdet: "Innovasjon i offentleg sektor" i ph.d.-utdanninga Responsible Innovation and regional Development (RESINNREG), som er eit samarbeid på tvers av fakulteta.


Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.


Ved Institutt for helse og funksjon er vi om lag 60 tilsette og 580 studentar med studiestad i Bergen. Vi har bachelorutdanningar i ergoterapi, fysioterapi og radiografi. I tillegg har vi også masterstudium i klinisk fysioterapi med tre studieretningar og tverrfagleg internasjonalt studium i Healthy aging and rehabilitation. Frå hausten 2020 vart masterstudium i kunnskapsbasert praksis del av studietilbodet ved instituttet. Forsking og formidling knytt til desse fagområda og utdanningsforsking er ein viktig del av arbeidsoppgåvene våre.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig 100 % mellombels stilling som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor innan fagområde fysioterapi ved Fakultet for helse- og sosialvitskap – campus Bergen

Stillinga er knytta til Fakultet for helse - og sosialvitskap, Institutt for helse og funksjon, fagseksjon bachelorutdanninga i fysioterapi.

Dette er ei mellombels stilling i perioden 01.08.21 - 31.07.22.

Stillinga er i hovudsak knytta til bachelorutdanninga, men ein må også pårekne undervisnings- og rettleiingsoppgåver på andre studietilbod i instituttet.

Ansvars- og arbeidsområde:

  • Undervisning, rettleiing og evaluering innan fagområde fysioterapi med særleg vekt på fysioterapi knytt til barn og unge og emner knytta til fagseksjonen sine studieprogramm, i tillegg til fakultetet sine forskingsprofiler
  • Bidra innan dei ulike faglege institusjonsbyggande oppgåvene, som til dømes studiekoordinering og emneansvar

Kvalifikasjonar:

  • Offentleg godkjenning som fysioterapeut
  • For tilsetting som førsteamanuensis er kravet avlagt ph.d-grad og for førstelektor dokumentasjon på førstelektorkompetanse, innan fagområde fysioterapi
  • For tilsetting som høgskulelektor må søkjar ha relevant mastergrad innan fagområdet og profesjonskompetanse
  • Interesse for og/eller erfaring med pedagogisk utviklingsarbeid, varierte undervisningsformer og internasjonaliseringsarbeid frå undervisning og rettleiing i høgare utdanning
  • Relevant klinisk erfaring og praksisnær kompetanse
  • God munnleg og skriftleg fremstillingsevne på norsk eller skandinavisk språk i tillegg til engelsk
  • God IKT-kompetanse

Ønska kvalifikasjonar:

  • Erfaring med undervisning og rettleiing i høgare utdanning herunder veiledning av studenter i praksis

Personlege eigenskaper:

  • Sjølvstendig og ansvarleg
  • Positiv innstilling og god evne til å samarbeide med både studentar og kollegaer
  • God evne til formidling
  • Engasjement og interesse for fagleg utvikling

Kriterier for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger fastsett av Kunnskapsdepartementet

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, her dei vitskaplege arbeida (inntil 15 stk.), fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving- og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førsteamanuensis/førstelektor er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 førsteamanuensis/1198 førstelektor/1008 høyskolelektor.

Frå lønn vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ønsket ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktperson(ar) ved Høgskulen på Vestlandet:

1) Fagseksjonsleiar Steinar Hummelsund, +47 472 60 431 eller +47 55 58 56 62

Søk stilling

Powered by Labrador CMS