LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i energiteknologi og energisystem

Søknadsfrist: 17.01.2021

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for ingeniør- og naturvitskap har om lag 270 tilsette og om lag 3200 studentar. Fakultetet har eit breitt utdanningstilbod både på bachelor og masternivå innan ingeniør- og naturfag, samt PhD-utdanning innan datateknologi.


Mohnsenteret for innovasjon og regional utvikling forskar på innovasjon og tilbyr masterutdanning innan innovasjon og entreprenørskap. Dykkarutdanninga tilbyr eittårig fagskuleutdanning.

Hovuddelen av fakultetets verksemd er i Haugesund, Bergen, Sogndal og Førde, men vi tilbyr også desentralisert utdanning i Florø, Kristiansund og på Stord.

Fakultetets verksemd er internasjonalt forankra og skjer i tett samarbeid med regionale bedrifter, klynger, helseføretak og offentleg sektor, inkludert andre institusjonar i universitets- og høgskulesektoren. Dette gjeld både forsking, utvikling, innovasjon og ikkje minst utdanning med studentprosjekt på alle nivå.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis/førstelektor/høgskolelektor i energiteknologi og energisystem ved Fakultet for ingeniør- og naturvitskap

Om stillinga:

Høgskulen på Vestlandet søkjer fast stilling som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i energiteknologi og energisystem med tilsetting frå 1. august 2021. Stillinga er lagt til Institutt for miljø- og naturvitskap ved Campus Sogndal.

Instituttet har 40 tilsette og driv undervisning og forsking på klimaendringar, geologi og geofare, økologi, fornybar energi, energiomstilling, planlegging og berekraftig utvikling. Høgskulen på Vestlandet er ein av partnarane i NTRANS som er eit nasjonalt forskingssenter for miljøvenleg energi (FME), og i fleire EU-prosjekt der ein forskar på energiomstilling i Europa.

Arbeidsstaden er campus Sogndal

Ansvars- og arbeidsområde:

Den som vert tilsett i stillinga skal undervise i energiteknologi og det norske energisystemet, rettleie bachelor- og masteroppgåver og delta i forsking på fornybar energi, energiomstilling og bærekraftig utvikling.

Kvalifikasjonar:

Kompetansekrava for tilsetting som førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor føl av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger

Formell utdanning og kompetanse:

  • mastergrad eller doktorgrad i realfag med kompetanse på energiteknologi og energisystem
  • for tilsetting som førstelektor må søkjar dokumentere førstelektorkompetanse med tilsvarande krav til fagleg relevans
  • utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga
  • kunnskap om den norske energisektoren
  • ha god skriftleg og munnleg formidlingsevne i norsk og/eller engelsk

Det er ønskjeleg at søkjar utarbeider ei skisse til forskingsprosjekt med relevans for forskinga i fagmiljøet. Omfanget skal vere på 1 side pluss referanser.

Ønska kvalifikasjonar:

  • undervisningserfaring frå høgskule eller universitet
  • kunnskap om energisystem-modellering

Personlege eigenskapar:

Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar som samarbeidsevne, fleksibilitet, evne til å ta initiativ og engasjement. Arbeidsspråket er norsk og engelsk.

Søkjarar utan gode kunnskapar i norsk vil bli pålagt å gjennomføre kvalifikasjonskurs (Bergenstest) i løpet av eitt år. Søkjarar som vert innstilt til stillinga vil bli kalla inn til intervju med prøveførelesing.

Utdanningsfagleg kompetanse:

For stilling som førsteamanuensis skal utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk cv i tråd med kriterier for utdanningsfaglig basiskompetanse ved ansettelse og opprykk i førsteamanuensis- og professorstilling ved HVL .

For stilling som førstelektor/høgskulelektor skal relevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing dokumenterast.

Dersom den som blir tilsett ikkje har praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning, må vedkommande kvalifisere seg via kurs i høgskulepedagogikk innan 2 år frå tilsettingsdato. HVL tilbyr kurs i høgskulepedagogikk.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfrist. Det er søkjaren sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, det vere seg:

Om vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga er større enn 15MB må dei komprimerast før opplasting, eller leggast ved som lenke.

Det er ønskjeleg at søkjar utarbeider ei skisse til forskingsprosjekt med relevans for forskinga i fagmiljøet. Omfanget skal vere på 1 side pluss referanser.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkunnige utvalet. På bakgrunn av utvalet si vurdering vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveførelesing. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheiter for kompetanseheving- og utvikling
  • Moglegheit for trening i arbeidstida

Stillinga som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011/1198/1008 - førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor.

Frå løna vil det verte trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at i tråd med offentleglova kan opplysningar om søkaren verte gjort offentleg sjølv om søkjar har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista. Søkjarar vil verte varsla om førespurnad om unntak for offentleggjering ikkje vert tatt til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogelg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting, og å rekruttere persona med minioritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet:

1) Instituttleiar Tarald Seldale-post tarald.seldal@hvl.no tlf +47 57 67 62 40 / +47 952 99 675

2) Førsteamanuensis Geoffrey Sean Gilpine-post geoffrey.sean.gilpin@hvl.notlf +47 57 67 63 58

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS