LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Førsteamanuensis / førstelektor / høgskolelektor - jurist

Søknadsfrist: 08.10.2021

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 370 tilsette og om lag 4500 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram. Fakultetet tilbyr ph.d.-utdanninga "Helse, funksjon og deltaking".

I tillegg har Fakultet for helse- og sosialvitskap ansvar for forskingsområdet: "Innovasjon i offentleg sektor" i ph.d.-utdanninga Responsible Innovation and regional Development (RESINNREG), som er eit samarbeid på tvers av fakulteta.


Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.

Ved Institutt for velferd og deltaking er vi 90 ansatte og 1300 studenter fordelt på studiestadane Bergen og Sogndal. Vi tilbyr bachelorutdanningar i sosialt arbeid, vernepleie og barnevern, og tverrfaglege masterutdanningar i Samfunnsarbeid, Psykisk helse og rusarbeid og Familieterapi og relasjonelt arbeid, i tillegg til andre etter- og vidareutdanningar.

Forskinga ved instituttet er fleirfagleg og rettar seg mot heile det helse - og sosialvitskaplege feltet. Både forsking og undervisning ved instituttet har sosial deltaking som kjerneverdi. Det gjeld deltaking gjennom involvering av tenestemottakarar, samt deltaking i sivilsamfunnet, arbeidslivet og i eigen individuell prosess.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei 100 % fast stilling som førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor som jurist ved Fakultet for helse-og sosialvitskap – campus Bergen eller Sogndal

Ved Institutt for velferd og deltaking vert du ein del av et stort og tverrfagleg samansett fagmiljø inkludert juristar i Sogndal og Bergen, og ein professor 2 jurist i Bergen. Våre juristar er knytt til seksjon for sosialt arbeid, men samarbeider tett om undervising på våre bachelorutdanninger i barnevern, sosialt arbeid og vernepleie, og på våre videreutdanninger og mastertilbud.

I Bergen driftar vi og Bergen uavhengige sosialrådgiving (BUS) der jurist inngår i veilederteamet. Våre juristar har medverka i utvikling av nye utdanningstilbod. I januar 2022 starter vi opp ein ny og etterspurd vidareutdanning i helse- og velferdsforvaltning. Frå hausten 2022 er det planlagd master i barnevernsarbeid der det er krav om juridisk kompetanse. Det er difor stor auke i undervisningsbehovet innanfor det juridiske fagområdet.

Vi er opne for søkjarar som vil ha næraste tilknyting til Sogndal eller til Bergen. Det vil vere behov for bidrag på begge campus, noko reisevirksomhet og samarbeid om digitale bidrag må difor påreknast.

Ansvars- og arbeidsområde:

  • Undervising i helse, velferds- og forvaltningssjus i våre bachelorutdanningar; barnevern, sosionom og vernepleie. Ferdigheitstrening og rettleiing av studentar
  • Undervising ved våre vidareutdanningar og mastertilbod
  • Evaluering- og sensuroppgåver
  • Bidra innan studiekoordinering og emneansvar
  • Bidra til å vidareutvikle forskningsaktiviteten på det juridiske fagområdet ved instituttet og fakultetet
  • Delta i utvikling av nye relevante forskingsprosjekt og utarbeide søknadar om ekstern finansiering saman med kollegaer i fagmiljøet

Kvalifikasjonar:

Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstillingar går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger fastsett av Kunnskapsdepartementet.

  • Det krevjast utdanning som jurist
  • For førsteamanuensis/ førstelektor krevjast avlagt ph.d.-grad eller dokumentasjon på førstelektorkompetanse innan relevante fagområder. For høgskulelektor krevjast det masterutdanning. Ved tilsetting som høgskulelektor vil det i tillegg leggjast vekt på at søkjar har interesse for forskings- og utviklingsarbeid og motivasjon for vidare kvalifisering til førstestilling
  • Det er nødvendig med pedagogisk kompetanse og erfaring med undervising og rettleiing. Om den som blir tilsett ikkje har praktisk pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervising og rettleiing, må vedkommande delta på kurs i høgskolepedagogikk innan to år fra tilsettingsdato
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk og i engelsk
  • God IKT-kompetanse

Ønska kvalifikasjonar:

  • Relevant helse, velferds- og forvaltningserfaring
  • Søkjarar med erfaring frå undervising og rettleiing frå høgskule eller universitet vil bli føretrekt
  • Erfaring med digitale læringsplattformar/ undervisingsformar
  • Erfaring med tverrfagleg og tverrprofesjonelt samarbeid
  • Erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt, irekna erfaring med å skaffe ekstern finansiering og utvikling av forskings- og utviklingsprosjekt med praksisfeltet
  • Erfaring med internasjonalt samarbeid og/eller arbeidserfaring

Personlege eigenskapar:

  • Du har god formidlingsevne og stor interesse for læring og undervising
  • Du samarbeidar godt og følgjer opp dine oppgåver
  • Du er engasjert og bidreg aktivt til å utvikle våre utdanningstilbod
  • Du er sjølvstendig og ansvarleg
  • Du er kreativ og løysingsorientert
  • Du må vere personleg eigna for stillinga

Utdanningsfagleg kompetanse

Søkjarar som ved tilsetting ikkje fyller krava, må fylle dei innan to år. HVL tilbyr kurs i høgskulepedagogikk. For stilling som førsteamanuensis skal utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med kriteriar for utdanningsfagleg basiskompetanse ved tilsetting og opprykk i førsteamanuensis og professorstilling ved HVL

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:

  • vitskaplege arbeid (inntil 15 stk.)
  • fullstendig publikasjonsliste
  • attestar og vitnemål.

Faste stillinger: For førsteamanuensis skal utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med Kriterier for utdanningsfaglig basiskompetanse ved ansettelse og opprykk i førsteamanuensis- og professorstilling ved HVL .

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga overstig 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkunnige utvalet. På bakgrunn av utvalet si vurdering, vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving- og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 førsteamanuensis/1198 førstelektor/1008 høgskulelektor.

Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at i tråd med offentleglova, kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom førespurnad om unntak for offentleggjering ikkje vert teken til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktperson(ar) ved Høgskulen på Vestlandet:

1) Fagseksjonsleiar Irene Helland Vikøren, tlf. 55 58 70 77, epost: irene.helland.vikoren@hvl.no

2) Instituttleiar Svanaug Fjær, tlf. 55 58 57 53, epost: Svanaug.Fjer@hvl.no

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS