Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 400 tilsette og om lag 4900 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram. Fakultetet tilbyr ph.d.-utdanninga "Helse, funksjon og deltaking". I tillegg har Fakultet for helse- og sosialvitskap ansvar for forskingsområdet: "Innovasjon i offentleg sektor" i ph.d.-utdanninga Responsible Innovation and regional Development (RESINNREG), som er eit samarbeid på tvers av fakulteta.
Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.
Ved institutt for helse- og omsorgsvitskap er vi om lag 210 tilsette og om lag 2400 studentar fordelte på studiestadane Førde, Bergen, Haugesund og Stord. Vi tilbyr bachelorutdanningar i sjukepleie og masterstudium i klinisk sjukepleie med sju ulike fordjupingsområde. I tillegg har vi masterstudium i jordmorfag, masterstudium i samhandling og folkehelse, masterstudium i avansert klinisk allmennsjukepleie og master i sjukepleie - kliniske spesialitetar, samt ei rekkje vidareutdanningar.
Forskinga vår er retta mot å styrke kunnskapsgrunnlaget innan klinisk sjukepleie, kvalitet og innovasjon i helse- og omsorgstenester, folkehelse og livsstil samt utdanningskvalitet.
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig 100 % fast stilling som førsteamanuensis/førstelektor innan fagområde helsefag ved Fakultet for helse- og sosialvitskap – campus Stord
Stillinga er knytt til Fakultet for helse- og sosialvitskap, Institutt for helse- og omsorgsvitskap, fagseksjon bachelor i sjukepleie.
Fagområde for stillinga er naturvitskap og medisin med relevans for helsefaglege utdanningar. Den som vert tilsett skal hovudsakleg undervise og rettleie studentar, samt bidra med forsking og formidling innan fakultet sine forskingsområder.
Ansvars- og arbeidsområde:
Vidareutvikle og styrke utdanningane gjennom å gi undervisning og rettleiing av høg kvalitet på hovudsakleg bachelor- og masterprogram
Utdanningsleiing og administrativt arbeid
Bidra til høg kvalitet og arbeidslivrelevans i utdanning
Samarbeid om utdanning og forsking internt i høgskulen, og med nasjonale og internasjonale partnerar
Forsking, publisering og formidling knytt til fakultetet sine forskingsområder
Instituttet er eit av 3 institutt ved fakultet for helse- og sosialvitskap. Fakultetet har eit bredt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, vidareutdanningar, masterprogram og ph.d . Les meir om fakultetet her.
Institutt for helse- og omsorgsvitskap tilbyr bachelorutdanningar i sjukepleie og masterstudium i klinisk sjukepleie, jordmorfag, helsesjukepleie, samhandling og folkehelse, avansert klinisk allmenn sjukepleie og sjukepleie - kliniske spesialitetar. Bli kjent med instituttet her.
Campus Stord er ein av 5 campus på HVL og tilbyr fleire halvt- og heilt årsstudium, bachelor- og masterprogram innan helse og sosialfag, idrett, friluftsliv og folkehelse, natur- og samfunnsfag samt lærerutdanning og kreative fag.
Korleis er det å bu på Stord?
Livet består av langt fleire ting enn jobb!
Likar du å bade eller padle? Er du glad i fjelltur eller skitur? På Stord får du både fjord og fjell!
Har du barn som likar piano eller parkour? Som elskar sjakk eller skating? Eller som drøymar om drama og dans? Her finn du eit rikt kultur-liv for barn og unge.
Stord ligg i hjarta av regionen Sunnhordland. Sunnhordland ligg mellom Bergen i nord og Haugesund i sør. Regionen omfattar 8 kommunar sør i Vestland med 60.000 innbyggjarar.
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.
Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:
Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga overstig 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.
Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkunnige utvalet. På bakgrunn av utvalet si vurdering, vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Vi tilbyr:
Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving- og utvikling
Høve for trening i arbeidstida
Stillinga som førsteamanuensis/førstelektor er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 førsteamanuensis/1198 førstelektor
Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at i tråd med offentleglova, kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom førespurnad om unntak for offentleggjering ikkje vert teken til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.