Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 400 tilsette og om lag 4900 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram. Fakultetet tilbyr ph.d.-utdanninga "Helse, funksjon og deltaking". I tillegg har Fakultet for helse- og sosialvitskap ansvar for forskingsområdet: "Innovasjon i offentleg sektor" i ph.d.-utdanninga Responsible Innovation and regional Development (RESINNREG), som er eit samarbeid på tvers av fakulteta.
Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.
Ved Institutt for velferd og deltaking er vi 90 ansatte og 1000 studenter fordelt på studiestadane Bergen og Sogndal. Vi tilbyr bachelorutdanningar i sosialt arbeid, vernepleie og barnevern, og tverrfaglege masterutdanningar i Samfunnsarbeid, Psykisk helse og rusarbeid og Familieterapi og relasjonelt arbeid, i tillegg til andre etter- og vidareutdanningar. Forskinga ved instituttet er fleirfagleg og rettar seg mot heile det helse - og sosialvitskaplege feltet. Både forsking og undervisning ved instituttet har sosial deltaking som kjerneverdi. Det gjeld deltaking gjennom involvering av tenestemottakarar, samt deltaking i sivilsamfunnet, arbeidslivet og i eigen individuell prosess.
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei fast stilling i 100 % som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor innan fagområde miljøterapeutisk arbeid ved Fakultet for helse-og sosialvitskap – campus Sogndal
Vernepleieutdanninga er i vekst, og vi ønskjer å styrke kollegiet med vitskaplege stillingar knytt til vernepleie, med vekt på det miljøterapeutiske feltet. Stillinga er knytt til Fakultet for helse- og sosialvitskap, Institutt for velferd og deltaking, fagseksjon bachelor vernepleie, og i tillegg til heiltidsutdanning i vernepleie, driftar også fagseksjonen to deltidsutdanningar. Ei utdanning ved campus Sogndal og ei utdanning under oppbygging ved campus Haugesund.
Stillinga er i hovudsak knytt til vernepleieutdanninga, men ein må også rekne med undervisnings- og rettleiingsoppgåver på andre studietilbod i instituttet. Noko reiseverksemd må påreknast.
Arbeidsstad er campus Sogndal.
Ansvars- og arbeidsområde:
Undervisning, rettleiing og evaluering innan fagområde vernepleie og emne knytt til fagseksjonen sine studieprogram og fakultetet sine forskingsprofilar. Sentrale emne er funksjonshemming generelt og utviklingshemming spesielt, med vekt på psykisk helse og miljøterapeutisk arbeid
Oppfølging og rettleiing av studentar, ferdigheitstrening, evaluering og sensur
Bidra til forsking knytt til fagseksjonen sine studieprogram i tillegg til fakultetet sine forskingsprofilar
Bidra innan dei ulike faglege institusjonsbyggande oppgåvene, som til dømes studiekoordinering, emneansvar og utvikling av forskingsgruppene
Forsking- og utviklingsarbeid med relevans for fagområde vernepleie
Delta i utviklinga av nye relevante forskingsprosjekt og utarbeide søknadar om ekstern finansiering saman med kollegaer i fagmiljøet
Samarbeid om utdanning og forsking internt i høgskulen, og med nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar
For tilsetting som førsteamanuensis må søkjarar ha oppnådd ph.d-grad innan relevant fagområde, eller ha levert doktorgradsavhandlinga til vurdering og fått fastsett disputasdato innan søknadsfristen.
For tilsetting som førstelektor må søkjar dokumentere førstelektorkompetanse innan relevant fagområde
For tilsetting som høgskulelektor bør søkjar ha helse- og sosialfagleg profesjonsutdanning, eller anna relevant bachelorgrad, og relevant mastergrad innan fagområdet. Interesse og motivasjon for å oppnå førstekompetanse blir vektlagt
Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga*
Interesse for og/eller erfaring med pedagogisk utviklingsarbeid, varierte undervisningsformer og internasjonaliseringsarbeid frå undervisning og rettleiing i høgare utdanning
God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk eller skandinavisk språk i tillegg til engelsk.
God IKT-kompetanse
Ønska kvalifikasjonar:
Erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt, som til dømes erfaring med å skaffe ekstern finansiering og med utvikling av forskings- og utviklingsprosjekt saman med praksisfeltet
Relevant klinisk erfaring og praksisnær kompetanse
Erfaring med undervisning og rettleiing i høgare utdanning
Personlege eigenskapar:
Sjølvstendig og ansvarleg
Positiv innstilling og god evne til å samarbeide med både studentar og kollegaer
Fleksibel og løysingsorientert
God evne til formidling
Engasjement og interesse for fagleg utvikling
Dersom det ikkje melder seg søkjarar som er kvalifisert for tilsetting som førsteamanuensis, førstelektor eller høgskulelektor, kan det bli aktuelt å tilsette i vikariat som høgskulelærar (st.kode 1007) i eit år. For tilsetting som høgskulelærar må søkjar ha profesjonsutdanning innan vernepleie eller barnevernpedagogikk. Interesse og motivasjon for å oppnå lektorkompetanse vert vektlagt.
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.
Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:
Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga overstig 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.
Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkunnige utvalet. På bakgrunn av utvalet si vurdering, vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Vi tilbyr:
Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving- og utvikling
Høve for trening i arbeidstida
Stillinga som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 førsteamanuensis/1198 førstelektor/1008 høgskulelektor.
Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at i tråd med offentleglova, kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom førespurnad om unntak for offentleggjering ikkje vert teken til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.