Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i rettsvitskap
Søknadsfrist: 15.02.2024
Publisert
Høgskulen på Vestlandet
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskolane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 16 500 studentar fordelt på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærerutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap har eit breitt utdanningstilbod både på bachelor og masternivå innan ingeniør- og naturfag, økonomiske og administrative fag, maritime fag, samfunnsvitskap og humaniora, i tillegg til phd-utdanningar i datateknologi, ansvarleg innovasjon og regional utvikling og i nautiske operasjonar. Fakultetet har 5 institutt med om lag 5 500 studentar og over 500 årsverk fordelt mellom campusane Sogndal, Førde, Bergen og Haugesund.
Handelshøgskulen HVL er eit nytt institutt med om lag 2000 studentar og 150 tilsette i Bergen, Haugesund og Sogndal. Instituttet har ansvar for fagtilbod mellom anna innan økonomi og administrasjon, innovasjon, regional utvikling, samfunnsvitskap og humaniora, til saman 11 bachelorprogram, fire masterprogram og fleire årseiningar og delstudium. Instituttet har eit sterkt fag- og forskingsmijø og er sentralt i doktorgradsprogrammet RESINNREG.
Ledig stilling ved Handelshøgskulen HVL
Høgskulen på Vestlandet (HVL) har ledig ei stilling som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i rettsvitskap ved Fakultet for teknologi, miljø og samfunnsvitskap
Om stillinga:
Stillinga er plassert ved Handelshøgskulen HVL i Fakultet for teknologi, miljø og samfunnsvitskap, ved campus Sogndal, og vil i hovudsak vera knytt til bachelorutdanninga i økonomi og jus, og årsstudiet i jus.
Handelshøgskulen HVL har eit stort fagmiljø og eit breitt studietilbod innanfor dei økonomisk administrative faga. Ved campus Sogndal tilbyr vi års- og bachelorstudium i økonomi og administrasjon, økonomi og jus, eigedomsmekling og reiselivsleiing, samt i natur- og opplevingsbasert reiseliv. I tillegg tilbyr vi masterutdannining M.Sc./siviløkonom med spesialiseringa Marketing and Innovation.
Stillinga har arbeidsstad ved campus Sogndal
Det er ønskjeleg med tiltreding i stillinga innan 1. august 2024
Ansvars- og arbeidsområde:
Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere:
Undervisning, rettleiing, oppfølging og sensur av studentar i juridiske emne. Hovudsakleg ved årsstudiet jus, men òg i juridiske emne ved andre studieprogram, til dømes eigedomsmekling, økonomi-og administrasjon og reiseliv.
Forskings- og utviklingsarbeid med relevans for stillinga sitt fagområde
Samarbeid om utdanning og forsking internt i FTMS og i HVL, og med nasjonale og internasjonale samarbeidspartar
Den som blir tilsett vil også:
delta i vidareutvikling av emne og studieplanar
delta i utvikling av nye relevante forskingsprosjekt og utarbeiding av søknadar om ekstern finansiering saman med kollegaer i fagmiljøet
delta i institusjonsbyggande oppgåver som studiekoordinering, emneansvar og utvikling av forskingsgruppene
bidra i utviklinga av fleksible utdanningstilbod retta mot regionalt arbeidsliv og livslang læring
For tilsetjing som førsteamanuensis er det krav om norsk doktorgrad innanfor stillinga sitt fagområde eller tilsvarande utanlandsk doktorgrad godkjend som likeverdig med norsk doktorgrad. Søkjar må i tillegg dokumentere grunnutdanning tilsvarande ein norsk mastergrad i rettsvitskap eller tilsvarande
For tilsetjing som førstelektor må det dokumenterast omfattande forskings- og utviklingsarbeid som i kvalitet og omfang tilsvarar ein doktorgrad. Søkjar må i tillegg dokumentere grunnutdanning tilsvarande ein norsk mastergrad i rettsvitskap eller tilsvarande
For tilsetjing i stilling som høgskulelektor er det krav om mastergrad i rettsvitskap eller tilsvarande
God kjennskap til det norske rettssystemet
Utdanningsfagleg kompetanse
Gode munnlege og skriftlege ferdigheiter i norsk og engelsk. Søkjarar må kunne undervise på norsk ved tilsetjing.
Søkjarar til stilling som førsteamanuensis, som ved tilsetting ikkje fyller krava til utdanningsfagleg kompetanse, må fylle dei innan to år
For stilling som høgskulelektor kan utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast ved praktisk pedagogisk utdanning eller praksis
HVL tilbyr kurs i universitetspedagogikk
Ønska kvalifikasjonar
Undervisningserfaring frå høgare utdanning innanfor fagområdet
Relevant erfaring frå forskings- og fagutviklingsarbeid
Erfaring med kunnskapsformidling og utgreiingsarbeid
Personlege eigenskapar:
Sjølvstendig og ansvarleg
Fleksibel og tilpassingsdyktig
Positiv innstilling og gode evne til samarbeid på tvers av fagdisiplinar
Gode formidlingsevner både skriftleg og munnleg
Evne til å engasjere og motivere studentar
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.
Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:
Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga til saman utgjer meir enn 50 MB må dei komprimerast før opplasting, eller leggjast ved som lenkje.
Søknadane blir sendt elektronisk til eit sakkunnig utval. På bakgrunn av utvalet si vurdering vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Vi tilbyr:
Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
Spanande fagmiljø med moglegheiter for kompetanseheving- og utvikling
Moglegheit for trening i arbeidstida
Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 - førsteamanuensis, 1198 - førstelektor eller 1008 høgskulelektor.
Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje om unntak ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogelg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing, og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem, forskrifta kan bli brukt i behandlinga av søknadane.
Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av justeringar i HVL si interne organisering.