LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i norsk

Søknadsfrist: 10.04.2023

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6600 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program.
Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.
Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking har omlag 160 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.


Instituttet gjev undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdnningane, og i bachelorutdanninga i teiknspråk og tolking. I tillegg bidreg instituttet i to-årige masterutdanningar og i Ph.d.-programmet Studier av danning og didaktiske praksisar. Instituttet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.


Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av skule- og profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei mellombels stilling som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i norsk ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Stillinga inngår i Institutt for språk, litteratur, matemaikk og tolking, campus Stord og er ledig i tida 01.08.2023 - 31.07.2023.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Stillinga har følgjande ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Undervise, rettleie og evaluere studentaktive læringsformer i tråd med krav i studietilsynsforskrifta. Desse oppgåvene vil vere knytte til bachelor- og masterutdanningar og innanfor etter- og vidareutdanning. Den som vert tilsett, må kunne undervise både i barnehagelærarutdanninga og i grunnskulelærarutdanningane (GLU 1-7 og GLU 5-10). Arbeidsoppgåver innanfor kurs og oppdragsverksemd kan og vere aktuelle, avhengig av søkaren
  • Institusjonsbyggjande arbeid irekna; fagadministrative oppgåver og samhandling med eksterne partnarar
  • Aktivt bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen
  • Det kan bli aktuelt med noko reising i stillinga

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger.

For tilsetting som førsteamanuensis må søkjar ha ha avlagt doktorgrad innan fagområda norsk språk, litteratur eller norskdidaktikk.

For tilsettng som førstelektor må søkjar ha kompetanse på nivå med norsk doktorgrad, og med tilsvarande relevanskrav som for førsteamanuensis.

For tilsetting som høgskulelektor må søkjar ha hovudfag/mastergrad med gode resultat, normalt A eller B på masteroppgåva, og med relevans for stillingsprofilen.

Den som vert tilsett må vere personleg eigna for stillinga.

Følgjande tel positivt i vurderinga:

  • Formell praktisk-pedagogisk kompetanse
  • Erfaring med undervisning og rettleiing på masternivå
  • Kompetanse innan norsk som andrespråk
  • Pedagogisk kompetanse og relevant erfaring frå barnehage, grunnskule, vidaregåande opplæring eller høgare utdanning
  • Aktiv bruk av digitale verktøy i arbeidskvardagen og erfaring med pedagogisk bruk av IKT

Personlige eigenskapar

  • Søkar må ha gode formidlingsevner.
  • Eit høgt etisk medvit i møte med studentar er påkravd.
  • Stillinga krev at søkar både kan samarbeide og jobbe sjølvstendig.
  • Søkar må kunne undervise og gi skriftlege tilbakemeldingar på bokmål/nynorsk.

Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.

Korleis søkje på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:

  • Vitskaplege arbeida (inntil 5 stk.)
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Attestar og vitnemål.

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje, total maksgrense for opplasting av vedlegg er 50 MB.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 - Førsteamanuensis / 1198 - Førstelektor / 1008 - Høgskulelektor.

Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktperson(ar) ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Assisterande instituttleiar, Anders Daniel Faksvåg Haugen, 55 58 70 81

2) Faggruppekoordinator i norsk, campus Stord, Hannah Hansen, 53 49 13 29

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS