LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i naturfagdidaktikk

Søknadsfrist: 16.04.2023

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6 600 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.
Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for idrett, kosthald og naturfag har ca. 120 tilsette i Sogndal, Bergen og på Stord. Fagområda i instituttet omfattar idrett, kroppsøving, fysisk aktivitet, folkehelse, friluftsliv, naturfag og mat og helse. Instituttet er óg ansvarleg for oppfølging av Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet.

Instituttet har ansvar for fleire utdanningar på bachelornivå innan idrett, friluftsliv og folkehelse. I tillegg kjem masterutdanningar i idrettsvitskap, lærarutdanning i praktiske og estetiske fag for trinn 1-13 kroppsøving og idrettsfag og master i didaktiske praksisar.
Instituttet gir óg undervisning i fysisk fostring, naturfag og mat og måltid i barnehagelærarutdanninga, i mat og helse, naturfag og kroppsøving i dei femårige grunnskulelærarutdanningane, og kroppsøving og naturfag i praktisk-pedagogisk utdanning. Instituttet bidreg og i fakultetet sitt Ph.d.-program: Danning og didaktiske praksisar. Instituttet har studietilbod for utanlandske studentar på alle tre campus, samt etter- og vidareutdanningstilbod.

Tilsette på instituttet er involvert i forsking og utviklingsarbeid som er relevant for aktiviteten ved fakultetet og deltek i faglege nettverk både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet er og ein viktig aktør regionalt og nasjonalt for å bidra til kompetanseutvikling i skule, barnehage, idrett, friluftsliv, helse- og treningssenterbransje m.m.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei mellombels stilling som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i naturfagdidaktikk ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei mellombels stilling i eitt år frå 1.8.2023 til 31.7.2024 og som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i naturfagdidaktikk innan grunnskulelærarutdanningane 1-7 og 5-10 ved Institutt for idrett, kosthald og naturfag.

Arbeidsstad er campus Bergen.

Den som blir tilsett i stillinga må i tillegg til naturfagdidaktikk ha undervisingskompetanse i fysikk. Oppgåver er undervising, rettleiing og utvikling av studentaktive læringsformer i fysikk på syklus I og i naturfagdidaktikk på syklus II i grunnskulelærarutdanningane. I tillegg så vil stillinga inngå i fakultetet sitt arbeid med ordninga Desentralisert kompetanseutvikling i grunnskulen (dekomp).

Dekomp er ei arbeidsplassbasert kompetanseutvikling der skuler i kompetanseregionar i samarbeid med høgskuler og universitet, sjølv skal analysere behova og bestemme kva tiltak dei treng. HVL bidreg i ei rekkje kommunar og skuler i Vestland ved å delta i samarbeidsforum og fungere som utviklingspartnar for skuleeigarar og å bidra med fagleg innhald i det lokale utviklingsarbeidet som skjer i skulane.

Institutt for Idrett, kosthald og naturfag er eit av fire institutt ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett som bidreg inn i ulike samarbeidsprosjekt.

Vi håper at du kan tenke deg å bidra inn både i utdanningane våre og i utviklingsarbeid i våre samarbeidsskuler i dekomp. Vi gjer deg med denne stillinga ei spennande moglegheit til å ta del i sterke og gode fagmiljø der ein jobbar med utvikling av- og forsking på undervising og undervisingsrelaterte tema.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Stillinga har følgande ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Undervisning, rettleiing og vurdering av studentar i femårige grunnskulelærarutdanningar, etter- og vidareutdanningar eller anna kurs og oppdragsverksemd kan og bli aktuelt avhengig av søkjar sin kompetanse og instituttet sine behov.
  • Rettleie og leggje til rette for læringsprosessar på skular og i kommunar, knytt til desentralisert ordning for kompetanseutvikling i grunnopplæringa (dekomp)
  • Fagadministrative oppgåver og deltaking i interne utviklingsprosessar i høgskulen
  • Aktivt bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen
  • Reising i stillinga må påreknast

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger.

  • For tilsetting som førsteamanuensis må søkjar ha doktorgrad i naturfagdidaktikk eller innanfor eit område med relevans for stillingsprofilen
  • For tilsettng som førstelektor må søkjar ha kompetanse på nivå med norsk doktorgrad, og med tilsvarande relevanskrav som for førsteamanuensis.
  • For tilsetting som høgskulelektor må søkjar ha hovudfag/mastergrad med gode resultat, normalt A eller B på masteroppgåva, og med relevans for stillingsprofilen.
  • Undervisningskompetanse i fysikk
  • Kompetanse og/eller erfaring frå arbeid innan eit eller fleire av dei aktuelle temaområde i dekomp-prosjekta
  • God kjennskap til og erfaring frå arbeid i grunnskulen
  • Den som vert tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel.
  • Høgt etisk medvit i møte med studentar er påkravd.
  • Undervisningsspråket er norsk og søkjarar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk.
  • Den som vert tilsett må vere personleg eigna for stillinga.

Ønska kvalifikasjonar:

  • Relevant undervisningserfaring
  • Fagdidaktisk kompetanse
  • Pedagogisk kompetanse
  • Digital kompetanse
  • Erfaring frå relevant utviklingsarbeid

Aktuelle kandidatar blir innkalla til intervju.

Korleis søkje på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:

  • Vitskaplege arbeida (inntil 5 stk.)
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Attestar og vitnemål.

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje, total maksgrense for opplasting av vedlegg er 50 MB.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 - Førsteamanuensis / 1198 - Førstelektor / 1008 - Høgskulelektor.

Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

  • Assisterande instituttleiar Merete Økland Sortland, +47 53 49 14 28/ +47 90 95 54 65, mos@hvl.no

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS