Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i geografi
Søknadsfrist: 10.04.2024
Publisert
Høgskulen på Vestlandet
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6600 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.
Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag har ca. 190 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.
Instituttet gjev undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanningane, bachelorutdanningar og praktisk-pedagogisk utdanning. I tillegg bidreg instituttet i to-årige masterutdanningar og i Ph.d.-programmet Studier av danning og didaktiske praksisar. Instituttet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.
Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig mellombels stilling som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i geografi ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.
Stillinga inngår i Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag og er ledig i tida 01.08.24-31.07.25.
Arbeidsstad er campus Bergen.
Ansvars- og arbeidsområde:
Stillinga har følgande ansvars- og arbeidsoppgåver:
Undervise, rettleie, vurdere, følgje opp studentar i praksis og utvikle studentaktive læringsformer i tråd med krav i studietilsynsforskrifta. Desse oppgåvene vil primært vere knytt til grunnskulelærarutdanningane (integrert 5-årig master), men arbeid i andre utdanningar, kurs og oppdrag, kan bli aktuelt avhengig av søkjar sin kompetanse og instituttet sine behov.
Ha særleg ansvar for undervisning og rettleiing i geografitema som omhandlar natur-samfunn-relasjonar, berekraft og miljø.
Institusjonsbyggjande arbeid irekna: fagadministrative oppgåver, internasjonalisering og samhandling med eksterne partnarar
For tilsetjing som førsteamanuensis må søkjar ha avlagt doktorgrad i geografi eller tilgrensande fagområde. Den som blir tilsett må ha forskingskompetanse som dekker primærarbeidsoppgåvene til stillinga; natur- samfunnrelasjonar, berekraft og miljø. Ph.d.-kandidatar som har levert avhandling til vurdering, men ikkje disputert på søknadstidspunktet er velkomne til å søke.
For tilsetjing som førstelektor må det dokumenterast omfattande forskings- og utviklingsarbeid som i kvalitet og omfang er tilsvarande arbeidsmengde og nivå for ein doktorgradsavhandling, og med tilsvarande relevanskrav som for førsteamanuensis.
For tilsetting som høgskulelektor må søkjar ha hovudfag/mastergrad med gode resultat, normalt A eller B på masteroppgåva, og med relevans for stillingsprofilen.
Den som blir tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Høgt etisk medvit i møte med studentar er påkravd.
Undervisningsspråket er norsk og søkarar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk.
Den som blir tilsett må vere personleg egna for stillinga.
Følgande teller positivt i vurderinga:
Omfattande og variert erfaring frå grunnskule eller vidaregåande skule
Formell pedagogisk kompetanse
Kompetanse når det gjeld arbeid med digital teknologi i undervisning og forsking
Erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt, inkludert erfaring med å skaffe ekstern finansiering og utvikling av forskings- og utviklingsprosjekt med praksisfeltet
Internasjonale faglege nettverk og erfaring frå internasjonalt arbeid
Aktuelle kandidatar blir innkalla til intervju.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.
Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:
Vitskapleg arbeid (inntil 5 stk)
Fullstendig publikasjonsliste
Attestar og vitnemål
Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga overstig 25 MB må dei komprimerast før opplasting, eller leggjast ved som lenkje, total maksgrense for opplasting av vedlegg er 50 MB.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Vi tilbyr:
Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving- og utvikling
Høve til trening i arbeidstida
Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 førsteamanuensis, 1198 førstelektor eller 1008 høgskulelektor.
Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogelg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting, og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskriften kan komme til anvending i behandlingen av søknadene.