Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Prosjektkoordinator (forskar) ved HEMIL

Søknadsfrist: 16.08.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar

Ved Institutt for helse, miljø og likeverd (HEMIL), Det psykologiske fakultet, er det ledig ei midlertidig stilling som prosjektkoordinator (forskar) i 100%. Stillinga er for ein periode på 1,5 år (18 månader) og knytt til prosjektet "Social inequality in adolescent mental health in a life course perspective" (LONGTRENDS).

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

LONGTRENDS

  • Forskingsprosjektet LONGTRENDS er finansiert av NFR og har som mål å bidra til ei større forståing av sosiale ulikskapar i psykisk helse i eit livsløpsperspektiv.
  • Prosjektet vil kartlegge samfunnstrendar i psykisk helse blant ungdom med ulike sosioøkonomiske bakgrunnar, og undersøkje kva for rolle faktorar som sosial støtte, familiestruktur, kjønn, og større livshendingar og overgongar spelar i samanhengen mellom sosioøkonomisk status og psykisk helse.
  • I tillegg freistar prosjektet å utvikle meir presise metodar for å måle ungdom sin sosioøkonomiske status.
  • Prosjektet nyttar data frå fire ulike nasjonale og internasjonale studier saman med registerdata på utdanning og husholdningsøkonomi for å setje lys på problemstillingar knytt til psykisk helse i eit livsløpsperspektiv.
  • LONGTRENDS er organisert i delprosjekt (arbeidspakkar) der kvar del vil ha sitt særskilde fokus for å svare på den overordna problemstillinga.

Arbeidsoppgåver

  • Prosjektkoordinator vil, saman med prosjektleiar, ha koordineringsansvar for delprosjekta, samt ha arbeidsoppgåver knytt til kvart av delprosjekta etter behov.

Sentrale arbeidsoppgåver vil vere å

  • reinse, kople og klargjere datafiler
  • bidra i datadokumentasjon
  • bistå i løpande forskingsadministrativ verksemd knytt til prosjektet
  • organisere og koordinere prosjektmøter og prosjektarrangement
  • bidra med formidling av prosjektresultat i media (inkludert sosiale medium)

Arbeidsstad for stillinga er Bergen, ved Institutt for helse, miljø og likeverd (HEMIL).

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha oppnådd mastergrad innan helsefremjande arbeid, psykologi eller tilsvarande fagfelt på søknadstidspunktet.
  • Erfaring frå reinsking og dokumentasjon av kvantitative forskingsdata innan fagfelta psykologi, helsefremjande arbeid eller tilsvarande er ei føremon.
  • Det er ei føremon om søkjar har erfaring frå prosjektkoordinering/administrering.
  • Gode skriftlege og munnlege kunnskapar i både norsk og engelsk er eit krav grunna arbeidsoppgåver knytt til formidling og handsaming av dokumentasjon på norsk og engelsk.
  • Søkjar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar

Vi kan tilby:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 54-58 (kode 1108) ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 479 600 – 513 600 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • CV
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar
  • Stadfesta kopiar av vitnemål og karakterutskrifter
  • Relevante attestar
  • Liste over eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert med den informasjonen og dei vedlegg som er knytt til søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • prosjektleiar/førsteamanuensis Helga Bjørnøy Urke, HEMIL, tlf: 913 84 557, Helga.Urke@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS