LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Mellombels forskar - Klinisk institutt 2

Søknadsfrist: 28.11.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar 

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig ei mellombels stilling som forskar (20 %). Stillinga er ekstern finansiert av NORDFORSK gjennom Noregs forskningsråd og er knytta til prosjektet «PERAID». Prosjektet har finansiering i tida 01.01.2024-31.12.2024.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

I prosjektet PERAID vidareutvikle persontilpassa medisin ved sepsis gjennom å utføre studiar på innsamla biologisk og klinisk materiale frå prospektive studiar av pasientar med sepsis og alvorlege mjukdelsinfeksjonar og gjennom kommande prospektive studiar av alvorlege infeksjoner som utløyser svikt i organsystem.

Det blir i denne stillinga eit særlig fokus på utføring av oppgåver som fordrar djup infeksjonsmedisinsk klinisk innsikt, inkludert legeoppgåver som skal utførast innanfor ei eksplorativ, klinisk behandlingsstudie.

Dei viktigaste oppgåvene til forskaren blir vidareutvikling av prosjektet sine kliniske studier, samt rettleing av ein klinisk arbeidande lege i spesialisering. Søkjaren må kunne rettleie i handsaming, prosessering, lagring og forsending av alt biologisk materiale som samlast inn i studiane, så vel som i datasamling, analyse og vitenskapeleg sammenstilling med tanke på publisering i internasjonale og nasjonale journaler, samt i media. Det vil bli deltaking i korte møter innanfor Skandinavia, i lag med våre samarbeidspartnarar. Det er vonleg med utvikling av doktorgradsprosjekt i saman med den klinisk arbeidande forskaren søkjaren skal rettleie .

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha relevant norsk ph.d.-grad eller tilsvarande doktorgrad.
  • Søkjar må være Cand.med, med norsk autorisasjon
  • Søkjar må være godkjent spesialist i hovudspesialiteten infeksjonssjukdomar, med norsk godkjenning søkjar må ha kliniske arbeide som infeksjonsmedisinar søkjar må ha dokumenterte omfattande praktiske erfaringar som lege i vurdering av pasientar med akutte, livstrugande, bakterielle infeksjonar.
  • Søkjar må ha praktiske kunnskapar som lege innan basale smittevernstiltak.
  • Søkjar må ha erfaring frå forsking i kliniske infeksjonssjukdomar innanfor feltet akutte, livstrugande bakterielle infeksjonar.
  • Det er ønskjeleg at vedkomande har erfaring med rettleiing.
  • Det er ønskeleg med erfaring frå utarbeiding av prosjektsøknadar .
  • Det er ønskeleg med erfaring i utvikling av kliniske prospektive studiar.
  • Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar inkludert ansvarsmedvit.
  • Søkjar må ha stor arbeidskapasitet og entusiasme for forsking.
  • Evne til sjølvstendig initiativ.
  • Evne til samarbeid i og på tvers av grupper vert vektlag.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innanfor spesialiteten infeksjonssjukdomar.
  • Løn for tida kr 624 500 (kode 1109, lønssteg 64) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For søkjarar med spesialitet er løn for tida kr 646 000 (kode 1109, lønssteg 66), brutto pr. år for ei fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar.

Søknaden skal innehalde:

  • Eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denne.
  • Ei oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV).
  • Attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar).
  • Publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10 i pdf) og ei liste over desse.
  • Doktorgradsavhandlinga (pdf).
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon).

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som pdf vedlegg til søknaden.

Følgande premiss er lagt til grunn for stillinga som forskar:

  • Forskaren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet høyrer inn under.
  • Lønsutgiftene skal om mogleg vere 100 % eksternt finansiert.
  • Forskaren skal aktivt bidra med å innhente eksterne prosjektmidlar til fagmiljøet, til både seg sjølv og andre, frå NFR, EU og andre kjelder.
  • Det er forventa at forskaren har sin forskingsaktivitet finansiert av prosjekta forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren arbeider med.
  • Instituttleiar kan pålegge forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt.
  • Forskaren kan inneha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB.
  • Forskaren har ikkje undervisningsplikt, men forventas å rettleie master- og ph.d.- studentar i den grad dette inngår som ein naturleg del av forskingsaktiviteten i forskingsgruppa.
  • Forskaren kan søkje kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk.
  • Grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa opphøyrer, og ny lov om statens ansatte mv. om oppseiing og fortrinnsrett vil gjerast gjeldande for fast tilsette

Generell informasjon:

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS