LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Forsker 1109 i organellebiologi

Søknadsfrist: 06.04.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar 1109 i organellebiologi

Ved Matematisk institutt er det ledig ei mellombels stilling som forskar i organellebiologi. Arbeidet vil vera knytt til eksperimentell forsking ved UiB sine biologiske laboratorium. Stillinga er for ein periode på ca. 1 år, med sluttdato 30.06.2024, og er knytt til EU-prosjektet «EvoConBiO».

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

  • Bioenergetiske organellar (mitokondrium og kloroplastar) produserer energien til komplekse organismar, men korleis dei er kontrollerte og arva er ikkje godt utgreidd. Desse organellane finst i populasjonar i cellene, har sine eigne genetiske materiale, og rører på seg på ein kollektiv og dynamisk måte. Vedlikehald av desse samanknytte fysiske og genetiske populasjonane har ei sentral rolle i menneskeleg helse, matplanteproduskjon, og uendelege mange andre biologiske prosessar, men mange aspekt ved dette vedlikehaldet er ukjende.

  • Prosjektet vil innebere eksperimentell og komputasjonell karakterisering av dei dynamiske organellepopulasjonane sine "sosiale nettverk" i cellene til ymse fotosyntetiske artar ved bruk av levende-cellemikroskopi. Vi vil og undersøkje korleis kjemiske og genetiske intervensjonar, deriblant kanskje transformasjon av kloroplast-DNA, verkar inn på desse cellepopulasjonanes fysiske åtferd og miljødrivne reaksjonar. Du kan finne nokre nyare resultat her: 10.1016/j.molp.2018.11.002 ; doi.org/10.1016/j.cels.2021.04.006

  • Stillinga er innan eit større prosjekt, EvoConBio (evolusjon og kontroll av bioenergetiske organellar), med ei mangfaldig gruppe som nyttar seg av tverrfaglege tilnærmingar for å utforske celle- og evolusjonærbiologi.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor molekylærbiologi, plantebiologi, eller et liknande tema.
  • Erfaring med kloroplasttransformasjon er eit krav.
  • Erfaring med modellering og/eller bioinformatikk er ein føremon, men ikkje eit krav, og opplæring vil bli gitt.
  • Erfaring med bioinformatikk, levende-cellemikroskopi, og bilde/videoanalyse er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga:

  • UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga).

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • stilling som forskar (kode 1109 i hovudtariffavtalane i staten) og brutto årsløn på kr. 573 900,- (svarar til lønssteg 62) ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål.
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Iain Johnston, Department of Mathematics, iain.johnston@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS