LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Forskar (mellombels) ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin

Søknadsfrist: 04.08.2025

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar (mellombels) ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin

Ved Det medisinske fakultetet ved Universitetet i Bergen er ei mellombels 100 % stilling som forskar (kode 1108) ledig i 10 månader, frå og med 01.09.2025 til og med 30.06.2026. Stillinga er knytt til prosjektet "Reporting in context: An interdisciplinary initiative to strengthen maternal health services and surveillance in Ethiopia and Tanzania" (MATRISET), finansiert av Noregs forskingsråd.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Forskingsområde: Internasjonal helsejuss. 

Arbeidsoppgåvene omfattar:

  • Innsamling og analyse av lovtekstar innan helserettsleg lovgiving i Tanzania, med særleg fokus på kvinner i fødsel og juridisk vern av helsepersonell.
  • Intervju med helsepersonell i mødrehelsetenesta ved sjukehus og helsesenter om deira erfaringar med rettsleg oppfølging av mødredødsfall i Tanzania.
  • Gjennomgang av rettsdokument etter rettssaker knytt til dødsfall under fødsel på sjukehus i Tanzania 
  • Utarbeiding av to forskingsartiklar for publisering i internasjonale tidsskrift innan skjeringspunktet juss/public health: 
    • Artikkel 1: Utgreiing av relevant tanzaniansk lovgiving for mor-barns rettar på den eine sida og vern av helsepersonell på den andre.
    • Artikkel 2: Ei samanliknande studie av lovverket og helsepersonellvern i Tanzania og Etiopia (den etiopiske studien er gjennomført, og materiale er tilgjengeleg for samanliknande analyse).

Stillinga inneber eit kortare opphald (ca. ein månad) i Tanzania i samband med feltarbeid.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha norsk mastergrad i juss eller tilsvarande kompetanse
  • Søkjar må demonstrere ein sterk fagleg bakgrunn innan internasjonal helsejuss, helst innan feltet mødrehelse.
  • Søkjar må dokumentere kjennskap til lovverket rundt mødredødsfall i Tanzania og/eller Etiopia.
  • Søkjar må ha internasjonal erfaring, helst frå Afrika sør for Sahara.
  • Søkjar må ha publisert innan fagfeltet helsejuss.
  • Søkjar må dokumentere evne til å arbeide sjølvstendig, samt evne til samarbeid med andre.
  • Søkjar må vise vitskapleg kreativitet. 

Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan forskingsfronten innan global mødrehelserapportering
  • Løn for tida kr 559 600 brutto pr. år (kode 1108) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. 
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • Vitnemål og relevante attestar (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
  • Eventuelle publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10) og ei liste over desse
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Følgjande premissar er lagt til grunn for stillinga som forskar: 

  • Forskaren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet høyrer inn under 
  • Lønsutgiftene skal om mogleg vere 100 % eksternt finansiert 
  • Forskaren skal aktivt bidra med å innhente eksterne prosjektmidlar til fagmiljøet, til både seg sjølv og andre, frå NFR, EU og andre kjelder 
  • Det er forventa at forskaren har sin forskingsaktivitet finansiert av prosjekta forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren arbeider med 
  • Instituttleiar kan pålegge forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt 
  • Forskaren kan inneha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB 
  • Forskaren har ikkje undervisningsplikt, men forventas å rettleie master- og ph.d.- studentar i den grad dette inngår som ein naturleg del av forskingsaktiviteten i forskingsgruppa 
  • Forskaren kan søkje kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk 
  • Grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa opphøyrer, og ny lov om statens ansatte mv. om oppseiing og fortrinnsrett vil gjerast gjeldande for fast tilsette 

Generell informasjon:

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS