Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Forskar
Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig ein 100 % mellombels stilling som forskar utan doktorgrad inntil 20 månader i tida mellom 01.03.2020 og 01.04.2022. Det er ein føremon om søkjar har hovudstilling innan medisinsk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus.
Stillinga er knytt til prosjektet “PERMIT”, finansiert av Noregs Forskingsråd ERA PERM MED programmet.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
I dette prosjektet vil vi utføre prospektive studiar av pasientar med sepsis; alvorleg infeksjon som utløyser sviktande organsystemer og av pasientar med alvorlege, for nokre livstrugande mjukdelsinfeksjonar. Det blir i denne stillinga eit særleg fokus på utføring av legeoppgåver som skal utførast innanfor denne eksplorative, multisenter, internasjonale kliniske studien, der målsettinga er å lage verktøy for å identifisere pasientar som skal ha persontilpassa behandlingar, samt utvikle persontilpassa behandlingstiltak. Dei viktigaste oppgåvene til forskaren blir legeoppgåver, som inklusjon av aktuelle pasientar både i og utanfor intensivavsnitt, prøvetaking av pasientar, også for dei med alvorlege, til dels livstrugande mjukdelsinfeksjonar som må ha operativ behandling. Vidare må man kunne handsame, prosessera og lagre biologisk materiale, humane blodprøver, vevsprøver og mikrobiologiske prøver som vert tekne både akutt og planlagt. Det er nødvendig å kunne klinisk identifisere dei med bevist eller sannsynleg Streptococcus pyogenes septisk sjokk blant sepsispasientane, med tanke på inklusjon og igangsetting av eksplorative behandlingsstudiar med målsettinga å bidra til personbasert behandlingstiltak for denne definerte pasientgruppa. Man skal vidare kunne deltaka i datasamling, dataanalyse, vitskapeleg samanstilling med tanke på publisering i internasjonale og nasjonale journalar, samt i media. Enklare laboratoriearbeid kan påreknast. Det vil bli deltaking i korte møter innanfor Skandinavia, i lag med våre samarbeidspartnarar. Det er ønskeleg med utvikling av forskararbeidet til søknad om doktorgradsprosjekt.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Cand.med med norsk autorisasjon
det er ein føremon å vere spesialist i indremedisin og infeksjonssjukdomar. Dersom søkjar ikkje er spesialist, må ein vere LIS lege i utdanning innanfor minst ein av desse to spesialitetane
må beherske norsk munnleg på høgste nivå og engelsk på høgt skriftleg nivå
søkjar bør ha omfattande praktiske ferdigheitar i handsaming av akuttmedisinske oppgåver som lege
Søkjar må ha praktiske kunnskapar som lege innan basale smittevernstiltak
det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Søkjar må ha stor arbeidskapasitet, entusiasme for forsking og vere ansvarsmedviten.
søkjar må dokumentere evne til å jobbe både sjølvstendig og i samarbeide med andre
Vi kan tilby:
Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
løn frå lønssteg 49-61 etter tenesteansiennitet (kode 1108/lønsramme 25.3) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, for tida kr 442 300 - 542 400 brutto pr. år for ei fulltidsstilling, vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga
vitnemål og relevante attestar (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
eventuelle publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10) og ei liste over desse
to referansar (namn og kontaktinformasjon)
Generell informasjon:
Nærare opplysingar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Professor II Steinar Skrede e-post: steinar.skrede@helse-bergen.no, tlf.:55972947, 99252796
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar utvida offentleg dokumentinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.