Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Forskar (mellombels) - Klinisk institutt 1

Søknadsfrist: 12.07.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar (mellombels)

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 1, er det ledig ei mellombels stilling som forskar (100 %) frå 1. august 2020 til 31. mars 2022. Stillinga er knytt til Senter for ernæring og den som vert tilsett vil arbeide med studiar på effektar av marine protein på blodtrykk og nyrefunksjon i dyremodellar for hypertensjon og nyresjukdom.

Stillinga er knytt til prosjektet " Unlocking novel product possibilities and barriers for commercial utilization of whitefish residual raw materials onboard factory trawler (WHITEFISH) ", finansiert av Norges forskningsråd.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • Førebu preparering av proteinpulver til analysar og tillaging av diettar
  • Gjennomføre diettstudiar i mus
  • Laboratorieanalysar av biologisk materiale
  • Tolking av prøvesvar og statistiske analysar
  • Publisering av resultata i vitskapleg form

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • må ha norsk mastergrad i ernæring, biokjemi eller tilsvarande kompetanse
  • må ha norsk godkjenning for arbeid med forsøksdyr og erfaring fra arbeid med mus
  • det er ein føremon om søkjar har inngåande kjennskap til nyrefysiologi og glukoseregulering
  • må beherske engelsk på høgt nivå, munnleg og skriftleg
  • det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Søkjar må ha stor arbeidskapasitet, entusiasme for forsking og vere ansvarsmedviten
  • søkjar må dokumentere evne til å jobbe sjølvstendig, vitskapleg kreativitet, og å kunne samarbeide med andre

Vi kan tilby:

  • eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan ernæring
  • løn frå lønssteg 49-61 etter tenesteansiennitet (kode 1108/lønsramme 25.3) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, for tida kr 442 300 - 542 400 brutto pr. år for ei fulltidsstilling, vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • vitnemål og relevante attestar (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
  • eventuelle publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10) og ei liste over desse
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Oddrun Anita Gudbrandsen e-post: nkjgu@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS