LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Forskar (mellombels) - Institutt for Biomedisin

Søknadsfrist: 31.01.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar (mellombels)

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for Biomedisin, er det ledig ei mellombels stilling som forskar (100 %), for ein periode på 3 månadar (26.02.2021-25.05.2021). Stillinga er knytt til prosjektet «Defective energy metabolism in ME/CFS» og finansiert av Norges Forskingsråd (NFR).

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Forskaren skal ha ansvar for å fullføra spesialiserte undersøkingar inn mot avslutninga av prosjektet. Forskaren vil ha særleg fokus på cellulære og molekylære mekanismar som kan forklara avvik i energistoffskiftet hjå ME/CFS pasientar. Forskinga vil omfatte studiar av blant anna cellulær metabolisme, celle signalering, mitokondriell fysiologi, cellulært stress, og metabolsk adaptasjon.

Arbeidsoppgåver:

  • Samla og systematisera forskingsdata knytt til prosjektet.
  • Ha ansvar for å organisera og gjennomføra gjenståande forsøk i prosjektet
  • Utføra spesialiserte målingar av cellulær energimetabolisme

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha relevant norsk ph.d.-grad eller tilsvarande doktorgrad.
  • søkjar må ha vitskapelege kvalifikasjonar innan human metabolisme og fysiologi.
  • søkjarar må ha ein sterk bakgrunn innan forsking på cellulær energimetabolisme.
  • kandidaten må ha brei generell kunnskap og praktisk erfaring innan laboratorieteknikar som omfattar cellekultur og analyser, molekylærbiologi, RNA/DNA/protein analyser, metabolitt/ROS teknikar, avansert mikroskopi, og flow cytometry.
  • søkjar må ha fullført kurs i strålevern og dyreforsøk.
  • erfaring innan særlege relevante metodar som Seahorse-teknologi, høy-resolusjon respirometri (oksygraf), og isotop-baserte målingar av substratoksidasjon (inkludert 14CO2-oppfanging), er eit krav.
  • det er ønskjeleg at vedkomande har erfaring med rettleiing, undervisning og utarbeiding av prosjektsøknadar.
  • søkjar må vere særs god i munnleg og skriftleg norsk og engelsk.
  • det er ein føremon om kandidaten har erfaring frå internasjonalt samarbeid.
  • det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar slik som sjølvstendig initiativ, kunne samarbeide, vere motivert og ansvarsmedviten, og i tillegg ha stor arbeidskapasitet og entusiasme for forsking.

Vi kan tilby:

  • eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan translasjonell ME/CFS forskning
  • løn etter lønssteg 64 (kode 1109/lønsramme 24.8) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, for tida 575 600. For søkjarar med spesialitet lønssteg 66 (lønsramme 24.10), for tida 597 000 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Følgjande premissar er lagt til grunn for stillinga som forskar:

  • forskaren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet høyrer inn under
  • lønsutgiftene skal om mogleg vere 100 % eksternt finansiert
  • forskaren skal aktivt bidra med å innhente eksterne prosjektmidlar til fagmiljøet, til
  • både seg sjølv og andre, frå NFR, EU og andre kjelder
  • det er forventa at forskaren har sin forskingsaktivitet finansiert av prosjekta forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren arbeider med
  • instituttleiar kan pålegge forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
  • forskaren kan inneha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB
  • forskaren har ikkje undervisningsplikt, men forventas å rettleie master- og ph.d.-
  • studentar i den grad dette inngår som ein naturleg del av forskingsaktiviteten i
  • forskingsgruppa
  • forskaren kan søkje kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk
  • grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa opphøyrer, og ny lov om statens ansatte mv. om oppseiing og fortrinnsrett vil gjerast gjeldande for fast tilsette

Søknaden skal innehalde:

  • eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denne
  • ei oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
  • publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10 i pfd) og ei liste over desse
  • doktorgradsavhandlinga (pdf)
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som pdf vedlegg til søknaden.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS