LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Forskar innan snø- og iskjerneklimaforsking

Søknadsfrist: 08.08.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar

Ved Geofysisk institutt er det ledig ei forskarstilling innan snø- og iskjerneklimaforsking. Stillinga er for ein periode på to år og er tilknytt ERC-Starting Grant SNOWISO.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Forskarstillinga er ein del av eit prosjekt som er finansiert av European Research Council Starting Grant med tittelen ‘Signals from the Surface Snow: Post-Depositional Processes Controlling the Ice Core isotopic Fingerprint’ - SNOWISO.

SNOWISO-prosjektet kombinerer feltobservasjonar, laboratorieøvingar og kopla klimamodellar for å forstå og kvantifisere korleis klimasignalet blir registrert i vatnisotop-profilar i iskjernar frå Grønland og Antarktis.

Den grunnleggjande hypotesen, som SNOWISO-prosjektet jobbar med, er at klimasignalet i iskjerne-vatnet sitt isotopregistrering ikkje berre blir styrt av nedbørsisotopane, men ein kombinasjon av nedbørsisotopklima-signalet og utvekslinga mellom snøoverflata og atmosfæren. Ved å vere i stand til å forstå og modellere nøyaktig korleis variasjonen i klimaet blir registrert i iskjernepostane frå polarisen, vil SNOWISO-prosjektet gjere integrering av isotopaktiverte generelle sirkulasjonsmodellar med iskjernar mogeleg.

Hovudoppgåvene i denne stillinga er å leggja til rette for ny tolking av iskjerne paleoklima-arkiv basert på den nye forståinga av korleis klimasignalet blir registrert i iskjernepostane. Den utvalde kandidaten vil bli med i ei dynamisk gruppe og ha fridom til å utvikle forskingsinteressa innanfor relevante tema og tilnærmingar (men ikkje avgrensa til):

  • Klimatolking av iskjerne-vatnisotopar på forskjellige tidsskalaer
  • Syntetisere og vidareutvikle vår isotop prosessbaserte forståing
  • Integrere isotop-proxyer for iskjernar og klimamodell-simuleringar
  • Modellering av prosessmodellar for snø-vatnisotopar

For å støtte denne forskinga er det tilgjengeleg ei rekke eksisterande feltobservasjonar frå Grønland sitt isdekke samt regionale klimamodellsimuleringar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor klimavitskap, atmosfærisk vitskap eller geofag, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring frå forsking innan iskjerne paleoklima rekonstruksjonar, snøprosess eller vassisotopforsking er eit krav.
  • Dokumentert kompetanse innan vitskapeleg programmering og dataanalyse (f.eks. Python, Matlab, R, C ++, FORTRAN) er eit krav.
  • Kompetanse med å køyre klimamodellar, eller å analysere og visualisere modellsimuleringar er ein fordel.
  • Tidlegare erfaring eller kunnskap om bruk av vassisotopar i klimaprosessforsking er ein fordel.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Evne til aktivt å kommunisera og samarbeida i eit større forskingsteam

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Vi kan tilby:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 61 (kode 1109/lønsramme 24, alternativ 5) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 553 500 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert.
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Dr. Hans Christian Steen-Larsen, Geofysisk institutt, Universitetet i Bergen (Hans.Christian.Steen-Larsen@uib.no)

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS