Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Forskar innan romfysikk

Søknadsfrist: 13.04.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar

Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig to stillingar som forskar innan romfysikk ved Space Plasma Fysikkgruppa (SPPG).

Stillingane er finansierte av eksterne midlar. Dei første 3 åra og 7 månadene er stillingane finansierte av NFR-prosjektet: What makes reconnection stop?

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Kandidatane vil vere ein del av forskingsaktivitet ved SPPG. Eit viktig forskingsfokus for SPPG er å forstå kva som kontrollerer storskaladynamikk i jorda si magnetosfære. Dette inkluderer påverknad frå eksterne prosessar, som til dømes retninga til solas magnetiske felt, og interne prosessar som konveksjon i den indre magnetosfæren, årstidsvariasjonar og ionosfærisk leiingsevne. Ein sentral prosess for både ekstern påverknad og intern dynamikk er også magnetisk reconnection. I tillegg til analyse av satellitt- og bakkedata er også analyse av datasimuleringar av det nære verdsrommet viktig for å forstå desse komplekse vekselverknadane. Berekningsverktøyet er hovudsakeleg partikkel-i-cell simulasjonar, men magnetohydrodynamiske (MHD) modeller blir også brukt.

Prosjektet vil fokusere på dei effektane som får rekonneksjon til å stoppe. Blant dei er kalde og tunge ionar i magnetisk innstrømmingsregionar, forskjellige kinetiske effektar i diffusjonsregionane og storskala magnetosfæredynamikk. Dei som blir tilsett vil forske på korleis desse prosessane verkar, kor effektive dei er, og kvar dei arbeidar. Desse prosessane vil bli studert i samband med auka aktivitet i nattside-ionosfæren under magnetosfæriske substormar. Forsking utførast gjennom teori og plasma-simulasjonar, eller gjennom analyse av satellittmålingar, særleg av Magnetospheric Multiscale og Cluster-misjonar.

Space Plasma Fysikkgruppa er leiande på den internasjonale fronten innan teori- og modelleringsbasert forsking på magnetosfæredynamikk på store og små skalaer. Forskingsmetodane våre strekkjer seg frå analytisk teori til magnetohydrodynamisk modellering på større skalaer og samanlikning med satellittobservasjonar. Eit spesielt forskingsfokus er å forstå korleis kinetiske prosessar i magnetosfæra oppstår og opererer, med ekstra vekt på magnetisk rekonneksjon.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innan romfysikk, eller søkjaren må ha levert doktoravhandlinga si til vurdering før søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Søkjarar må enten ha dokumentert erfaring med modellering av magnetisk rekonneksjon gjennom partikkel-i-cell metodar, særleg av tunge eller kalde partiklar og korleis dei påverkar rekonneksjonsprosessen, eller dokumentert erfaring med å bruke satellittmålingar, særleg av Cluster og Magnetopheric Multiscale-mission, for å studere rekonneksjonsprosessen.
  • Erfaring må kunne dokumenterast gjennom publikasjonar med tema magnetisk rekonneksjon, publisert i internasjonale fagfellevurderte journalar.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Undervisningserfaring på engelsk eller internasjonal presentasjonserfaring kan dokumentere slik kunnskap.

I vurderinga av aktuelle kandidatar vil ei heilheitleg vurdering av både kvalitet og breidde i kandidatane si forsking bli gjennomført. Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 59 (kode 1109/lønsramme 24, alternativ 3) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 523 200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • Karakterutskrift og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at avhandlinga er levert.
  • Relevante attestar
  • Liste over vitskapelege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Følgande premiss er lagt til grunn for stillinga som forskar:

  • Forskaren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet hører innunder.
  • Lønsutgiftene skal så langt som mogleg vere 100 % eksternt finansiert.
  • Forskaren skal aktivt bidra til å innhente eksterne prosjektmidlar til fagmiljøet, til både seg sjølv og andre, frå NFR, EU og andre kjelder.
  • Forskingsaktiviteten er forventa finansiert av prosjekta forskaren, og forskingsgruppa rundt forskaren, arbeider med.
  • Instituttleiar kan påleggje forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
  • Forskaren kan ha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB.
  • Forskaren har normalt ikkje undervisningsplikt, men er forventa å rettleie master- og ph.d.- studentar, i den grad dette går inn som ein naturleg del av forskingsverksemda i forskingsgruppa.
  • Forskaren kan søkje kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk.
  • Grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa opphøyrer, og ny lov om statens ansatte mv. om oppseiing og fortrinnsrett vil gjerast gjeldande.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS