LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Forskar innan ligandgjenkjenning i glutamatreseptorar

Søknadsfrist: 24.07.2024

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Michael Sars-senteret held til på Marineholmen saman med andre forskingsinstitutt ved universitetet. Senteret er organisert som eit uavhengig forskingssenter plassert innanfor fakultetet for matematikk og naturvitskap og er partner med European Molecular Biological Laboratory (EMBL) i Heidelberg, Tyskland. – Les meir her. 

Forskar:

Ved Michael Sars-senteret er det ledig ei mellombels stilling som forskar innan ligandgjenkjenning i glutamatreseptorar ved Michael Sars-senteret i forskingsgruppa til Dr. Timothy Lynagh. Stillinga er for ein periode på 1 år og knytt til kjernefinansieringa til Michael Sars-senteret. Senteret høyrer til Universitetet i Bergen og er partnar i European Molecular Biology Laboratory (EMBL). Arbeidsstaden vil vere ved Michael Sars-senteret. Føretrekt startdato er oktober 2024.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Det pågår eit prosjekt i Lynagh-gruppa for å etablere den molekylære basisen for korleis ionotrope glutamatreseptorar har utvikla seg til ulike typar reseptorar. Vi karakteriserer dei biokjemiske eigenskapane til desse reseptorane ved hjelp av biofysikk og elektrofysiologi, saman med molekylær fylogeni. I denne stillinga som forskar vil du arbeide med mutagenese, heterolog uttrykking av reseptorar frå marine virvellause dyr og to-elektrode spenningsklemme, med sikte på å fullføre dette prosjektet.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor reseptorbiofysikk eller biokjemi, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering før søknadsfristen. Det er ein føresetnad for tilsetjing at doktorgraden er tildelt 
  • Erfaring med to-elektrode spenningsklemme er eit krav 
  • Erfaring med heterolog uttrykking av protein frå marine virvellause dyr er eit krav
  • Erfaring med målretta mutagenese er eit krav
  • Erfaring med molekylær fylogeni er eit krav
  • Dokumentasjon på slikt arbeid, til dømes i form av artiklar i anerkjende tidsskrift og presentasjonar på internasjonale konferansar, er ein føremon 
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli vektlagt. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også bli vurdert når kandidatane blir evaluerte. Interesse for prosjektet må demonstrerast i søknadsbrevet.

Særskilte krav til stillinga: 

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • Stilling som forskar (kode 1109) i statens lønsregulativ og ei brutto årsløn på NOK 624 500 (tilsvarande lønnstrinn 64) ved tilsetjing Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. Høgare lønn kan vurderast for særleg kvalifiserte søkjarar
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden på engelsk skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktinformasjon til to referansepersonar. Den eine av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgravhandlinga
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • Relevante attestar
  • Liste over eventuelle vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Dr. Timothy Lynagh, Gruppeleiar, Michael Sars-senteret, tim.lynagh@uib.no, +47 41368345

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med Veronica Stålhand, HR-rådgjevar, veronica.stalhand@uib.no.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS