Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Forskar i romfysikk ved Birkeland Centre for Space Physics

Søknadsfrist: 16.08.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar i romfysikk

Ved institutt for fysikk og teknologi er det ei ledig mellombels stilling som forskar innan romfysikk.

Stillinga er for ei periode på 2 år, med startdato 26 Oktober 2020. Stillinga er knytt til Birkeland Centre for Space Physics (BCSS), som er eit senter for framifrå forsking sidan 2013.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

BCSS er organisert i to instrumenteringsgrupper, ei utdanning og formidlingsgrupe og fire forskingsgrupper:

1) Dynamics of the Asymmetric Geospace

2) Particle Precipitation

3) Hard Radiation from Thunderstorms

Forskaren vil vere ein del av Gruppe 3. Denne gruppa utforskar korleis relativistiske partiklar og gammastrålar blir produserte i sterke elektriske felt i toreverskyer, også kalla jordiske gammaglimt. Målingar av gammaglimt, veret, radiobølgjer og modellering vert nytta for å forstå og forklare desse fenomena. Instrumenteringsgruppa ved BCSS har også utvikla instrumentering for å måle jordiske gammaglimt frå den internasjonale romstasjonen: Atmosphere-Space Interaction Monitor (ASIM) og flykampanjar (ALOFT). Gruppa utfører også eksperiment i laboratoriet på elektriske utladningar. Med denne stillinga ynskjer vi å styrkje vår modelleringskapasitet med omsyn til partikkelvekselverknad med medium.

Forskarstillinga vil delta i

  • modellering av partikkelvekselverknad i atmosfæren
  • modellering av partikkelvekselverknad med alle slag detektorar
  • vitskapelege studiar og analysar av ASIM data

Vidare vil stilliga innehalde desse arbeidsoppgåvene:

«Onboard» kalibrering av MXGS sensorane, oppdatering av kalibreringsparameterar basert på MXGS «onboard» energispekter og analyse av MXGS resultat

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d. – grad eller tilsvarande utdanning innanfor romfysikk eller ingeniørvitskap, eller må ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha framifrå engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.

Særeigne krav for stillinga

  • Erfaring med å prosessere og tolke data frå detektorar som måler energirik stråling.
  • Erfaring med å analysere data av energirik stråling frå toreverskyer og lyn.
  • Erfaring med GEANT4 koden for å modellere all slags vekselverknad med ulike medium.

Fylgjande vert vurdert som ein føremon

  • Erfaring med å analysere vitskapelege data frå satellittar
  • Gode programmeringseigenskapar, inkludert bruk av «high-performance computing (HPC)» verktøy.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Vi kan tilby:

  • eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 59 (kode 1109/lønsramme 24, alternativ 3) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 515.200,- brutto. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert.
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Nikolai Østgaard, Institutt for fysikk og teknologi, tel. +47 55 58 27 94 / e-mail Nikolai.Ostgaard@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS