LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Forskar i maskinlæring

Søknadsfrist: 01.06.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar i maskinlæring

Ved Institutt for informatikk er det ledig ei fast stilling som forskar i maskinlæring.

Stillinga er finansiert av eksterne middel. Dei første 3 åra er stillinga finansiert av Noregs Forskingsråd og knytt til prosjektet «Retail Fresh».

Om instituttet

Digitalisering av næringsliv, offentleg forvaltning og utdanning gjer at informatikk spelar ei stadig viktigare rolle i samfunnsutviklinga. Forsking og utdanning i informatikk er avgjerande for at den digitale transformasjonen av samfunnet skal lykkast. Institutt for informatikk bidreg til dette gjennom åtte etablerte forskingsgrupper som leverer forsking og utdanning av høg internasjonal kvalitet innan algoritmar, bioinformatikk, maskinlæring, optimering, programmeringsteori, sikker kommunikasjon, visualisering og informatikk fagdidaktikk. Instituttet tilbyr utdanning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå. På grunn av den sentrale rolla som informatikk spelar i samfunnet, er instituttet i sterk vekst når det gjeld talet på studentar, forskingsretningar og tilsette. Vi har om lag 900 studentar og 150 tilsette, deriblant 37 førsteamanuensar og professorar og 70 stipendiatar. Vi har etablert Center for Data Science (CEDAS) som ei viktig utviding av aktivitetane våre innan forsking og utdanning, tverrfagleg samarbeid innan Data Science, maskinlæring og kunstig intelligens, i tillegg til andre relaterte emne og bruksområde.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Anslagsvis 931 millioner tonn mat blei kasta globalt i 2019. Ferske råvarer (brød, frukt og grønnsaker, kjøt og fisk) utgjer ein betydeleg del av dette matavfallet. Forhandlarar må ta omsyn til store variasjonar i etterspurnad, uvisse i varelager og varierande haldbarheit når dei bestillar råvarer. Dette gjer det vanskeleg å redusere avfallet.

I dette prosjektet tek vi sikte på å minimere svinn av ferske varer og samtidig oppretthalde forhandleren sitt sal. Vi har også som mål å forbetre lagerstyringa av ferskvarer som ein del av denne prosessen. Desse måla vil bli oppnådd ved å bruke avanserte maskinlæringsmetodar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd ph.d.–grad eller tilsvarande utdanning innanfor maskinlæring eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring frå forsking og publikasjon er eit krav.
  • Erfaring innan maskinlæring er eit krav.
  • Programmeringserfaring er eit krav.
  • Evne til å hente inn eksterne forskingsmiddel må dokumenterast.
  • Publikasjonar i maskinlæringskonferansar og tidsskrifter på toppnivå er ein føremon.
  • Erfaring i forsterkingslæring er ein føremon.
  • Bransjeerfaring er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

I vurderinga av aktuelle kandidatar vil ei heilskapleg vurdering av både kvalitet og breidde i kandidatane si forsking bli gjennomført. Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli vektlagde.

Særeigne krav for stillinga

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

Følgande premiss er lagt til grunn for stillinga:

  • Forskaren skal vere medlem i forskningsgruppa som fagfeltet høyrer innunder
  • Lønsutgiftene skal så langt som mogleg vere 100 % eksternt finansiert
  • Forskaren skal aktivt bidra til å innhente eksterne prosjektmidler til fagmiljøet, til både seg sjøl og andre, fra NFR, EU og andre kjelder
  • Forskingsaktiviteten er forventa finansiert av prosjekta forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren, arbeider med.
  • Instituttleiar kan pålegge forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
  • Forskaren kan ha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB
  • Forskaren har normalt ikkje undervisingsplikt, men har i vente å rettleia master- og ph.d. studentar i den grad dette går inn som ein naturleg del av forskingsverksemda i forskingsgruppa
  • Grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa tar slutt. Ny lov om statens tilsette mv. om oppseiing og fortrinnsrett vert då gjeldande.

Vi kan tilby

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 62 - 68 (kode 1109) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 573 900 - 636 700 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Forskar 1109 i fast stilling kan søke om opprykk til forskar 1183 på grunnlag av kompetanseerklæring. Meir informasjon finst her.

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål,. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden, må du levere ei stadfesting på at doktoravhandlinga er levert.
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

For HR-relaterte spørsmål, ta kontakt med Karoline Christiansen.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS