LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Forskar i jordsystemmodell prediksjon

Søknadsfrist: 21.10.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar

Ved Geofysisk Institutt er det ledig ei mellombels stilling som forskar innan jordsystemmodell prediksjon som fokuserer på klima og havbiogeokjemi i tropisk og sør Atlanteren. Stillinga er for ein periode på 2 år og knytt til EU H2020-prosjektet TRIATLAS «Tropical and South Atlantic climate-based marine ecosystem prediction for sustainable management».

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

TRIALTAS er eit veldig sterkt internasjonalt og tverrfagleg prosjekt med 33 deltakarar frå 13 nasjonar i Europa, Afrika og Sør-Amerika. Det vil gje betre forståing av noverande tilstand og framtidig endring av det marine økosystemet i tropane og sør-Atlanteren. Det tar sikte på å utvikle dei første klimabaserte marine økosystem prediksjoner for denne regionen, og på å samarbeide med lokale interessentar for å forbetra berekraftig utnytting av økosystemtenester.

Forskarstillinga vil være dedikert til å undersøkje forutseiing av klima- og biogeokjemiske prosesser i tropane og det sørlege Atlanteren. Forskaren vil bruke den avanserte norskeklimaprediksjons-modellen (NorCPM), inkludert HAMOCC (Hamburg Ocean Carbon Cycle Model). Spesielt vil forskaren vurdere forutseiing på tidsskalaer frå sesong til dekadar og globale oppvarmingsendringar av viktige klima- og biogeokjemiske drivarar. Forskaren vil levere data til økosystemmodellerarar i prosjektet og bidra til eit fleirmodellstudie av forutseiing. Det forventast at forskeran vil utvikle tverrfaglege samarbeid med forskarar innan prosjektet med ulik bakgrunn (f.eks. fysisk oseanografi, marinbiologi, fiskeri og samfunnsvitskap).

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor klimavitskap, oseanografi, meteorologi, biologisk oseanografi eller andre relevante felt.
  • Solid bakgrunn i klimadynamikk er eit krav.
  • Erfaring med å utføre klimamodellsimuleringar på datamaskiner med høg yteevne er eit krav.
  • Erfaring med programmering i Fortran, MATLAB, Phython eller andre liknande programmeringsspråk er eit krav.
  • Det krevjast erfaring med å handtere og analysere store datasett frå modellar.
  • God forståing av tropisk klima, spesielt knytt til Atlanterhavet er ein føremon.
  • Ein viktig føremon er også erfaring med å jobbe med NorESM / NorCPM, havkomponent i NorESM, MICOM og/eller biogeokjemisk komponent i NorESM, HAMOCC.
  • Det er ein fordel å ha erfaring med klimaprediskjon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner, særleg med forskarar med ulik fag bakgrunn innan prosjektet.
  • Søkarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Vi kan tilby:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 61 (kode 1109/lønsramme 24, alternativ 5) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 553 500 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Noel Keenlyside, Geofysisk institutt, tlf. +47 55 582032,e-post: noel.keenlyside@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS