LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Forskar i havvindenergi

Søknadsfrist: 03.07.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt. 

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar 1108

Ved Geofysisk institutt er det ledig ei mellombels stilling som forskar innan multiskala modellering og prediksjon av vindfelt i og rundt offshore vindparkar.

Stillinga er for ein periode på inntil 10 månader og er knytt til FHF-prosjektet: "Effects for the seafood industry of sea wind development" i samarbeid med Havforskningsinstituttet (HI). Prosjektet har som mål å vurdere moglegheitene for å utvide nye vindparkar med omsyn til evaluering av vindressursar, noko som er avgjerande både for fiskeri- og energisektoren. 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Fornybar energi, særleg offshore vindkraft, påverkar maritim arealplanlegging i Nordsjøen. På grunn av det store arealet som trengs for offshore vindparkar, er det viktig å vurdere potensielle miljøpåverknader og konfliktar mellom ulike interessentar når det gjeld arealkrav. Den sentrale utfordringa er å avgjere om utviding av havvindprosjekt vil påverke forventa energiproduksjon og korleis ein kan minimere dei økologiske konsekvensane.

I hovudsak ønskjer vi å vurdere moglegheitene for å utvide nye vindparkar med omsyn til evaluering av vindressursar, noko som er avgjerande både for fiskeri- og energisektoren.

Forskarstillinga sine oppgåver er:

  1. Simulere vindfelt rundt og inne i vindparken under ulike atmosfæriske stabilitetsforhold ved hjelp av ein mesoskala WRF-modell.
  2. Kople vindfeltet til ein spesifikk vind- og vake-modell med høg oppløysing, nemleg Parallelized Large Eddy Simulation (PALM), gjennom offline nesting.
  3. Utvikle energibudsjetter i PALM under varierte atmosfæriske forhold ved å ta omsyn til effektane av vindparkar og klynger av vindparkar (vakeeffektar).
  4. Samanlikne resultata frå PALM med mykje brukte analytiske vake-modellar. Målet er å auke forutsigbarheita til slike ingeniørmodellar ved å ta omsyn til undervurderte relevante kinetiske energikjelder/kjelder, som geostrofisk tvang og energiinntak frå trykkgradientar. Desse komponentane skal gi kvalitetskontrollerte vind- og vakedata, samt unike innsikter/fortolkingar for andre arbeidspakkar i dette FHF-prosjektet.

Sidan dette prosjektet er eit samarbeidsprosjekt med fleire nasjonale partnarar, er det eit krav at kandidaten aktivt kan delta i forskingsmøter og arrangement i løpet av prosjektperioden.

Kandidaten må ha ein proaktiv og nysgjerrig tilnærming til utforsking og implementering av innovative metodar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha ein mastergrad, eller tilsvarande utdanning, innan meteorologi, numerisk fluid dynamikk med fokus på vind og vake-modellering. 
  • Kandidaten må ha god innsikt i atmosfærisk grenselagdynamikk, og erfaring med PALM-vakemodellering er eit krav.
  • Erfaring med energibudsjettsanalyse innan atmosfærisk modellering er ein fordel.
  • Å ha kompetanse i PALM-modellen er ein fordel.
  • Solide programmeringsferdigheiter i FORTRAN, Python og MATLAB, spesielt innan parallell databehandling på Linux og superdatamaskinsystem, er eit krav.
  • Kompetanse innan ingeniørmodellar for vakar, samt signalbehandling og statistikk for datasettanalyse er eit krav.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • stilling som forskar (kode 1108 i hovudtariffavtalane i staten) og brutto årsløn på kr. 548 600,- (svarar til lønssteg 56) ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål. 
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: 

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med rådgjevar Maria Svåsand, epost:  maria.svasand@uib.no 

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS