Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Forskar i havbruksbiologi

Søknadsfrist: 27.07.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar i havbruksbiologi

Ved Institutt for biovitskap (BIO) er det ledig ei fast stilling som forskar i havbruksbiologi.

Stillinga er knytt til eksternt finansierte prosjekt i forskingsgruppa Marin utviklingsbiologi. De tre første åra er stillinga finansiert av prosjekta ‘Framtidas Lakseoppdrett - (FREMAD) og ‘AcuLice: Effekt av eit samansett akustisk lydbilde i sjø på lakselus’.

Norsk oppdrettsnæring har vore i rask utvikling dei siste 40 åra, og er i dag leiande i verda i oppdrett av laks og aure. Frå politisk hald er det ein føresetnad at all vekst skjer innanfor ei berekraftig ramme og er i tråd med berekraft mål nr. 12 hos FN. Det er likevel ei voksande bekymring for det økologiske fotavtrykket til næringa. Dette er knytt til forhold som lakselus, sjukdom, rømming, eutrofiering og dødelegheit hos smolt og stor laks i sjøanlegg. Ein direkte konsekvens av denne utfordringa er at næringa no utviklar nye driftsformer (opne og lukka anlegg) og strategiar. Ei løysing er å ta i bruk ny resirkuleringsteknologi (RAS) for å produsere større smolt,noko som inneber ei strategisk omlegging av produksjonen frå 100 g smolt til postsmolt med størrelse på inntil 500 g.

Innleiande laboratorie- og feltforsøk i RAS har vist god tilvekst i den lukka fasen, og redusert produksjonstid i open sjøfase, med potensiale for å redusere det økologiske fotavtrykket frå produksjonen. Dagens RAS-anlegg er teknisk avanserte og set nye krav til oppdrettar for å sikre optimal vasskvalitet, tilvekst og kvalitetsutvikling hos fisken. I tillegg er driftsforholda i slike system krevjande for oppdrettar. Ei utfordring som følgjer av intensivering i landbasert oppdrett er tidleg kjønnsmodning hos hannfisk (postsmolt modning). I det planlagde prosjektet vil vi og ta tak i disse utfordringane frå å etablere ny forskingsbasert kunnskap i intensiv produksjon av postsmolt laks og regnbogeaure i RAS, til å kartleggja grad av miljøutfordringar i sjøbasert oppdrett (opne og lukka).

Forskingsgruppa Marin utviklingsbiologi har rundt 20 personar i arbeid fordelt på faste vitskaplege stillingar, postdoktor-, doktorgradsstillingar og tekniske stillingar innan fagområda fysiologi og anatomi. Forskinga i gruppa er prosjektbasert, og aktivitetane varierer over tid. Dei siste åra har aktivitetane i hovudsak vore knytt til forsking på laksefisk, men andre akvakulturartar har og vore aktuelle. For oversikt over pågåande prosjekt, sjå nettsida til instituttet (www.uib.no/bio).

Kandidaten vil inngå i eit FoU-team og skal kartleggje interaksjonseffektar mellom vasskvalitet, miljøforhold og fysiologisk respons, appetittregulering, vekst, velferd og immunologi hos Atlantisk laks og regnbogeaure oppdretta i RAS og i lukka oppdrettsanlegg i sjø.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

  • Kartleggje og definere nye problemområde i samarbeid med havbruksbedrifter
  • Utvikling av nye eksperimentelle assay tilpassa FoU-problemstillingar
  • Planlegging, styring og oppfølging av nye FoU-prosjekt
  • Leie feltaktivitetar og prøvetaking inkludert laboratoriearbeid med fisk, vatgn, fauna og sediment
  • Gjennomføre laboratorieundersøkingar knytt til prosjektoppgåver
  • Dataanalyse og rapportskriving
  • Fagleg oppfølging av master -og PhD-studentar
  • Leiing av laboratorieaktivitetar/arbeid
  • Publisering og formidling av forskingsresultat
  • Assistere i undervisning ved instituttet, spesielt knytt til felt- og laboratoriekurs

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd ph.d.–grad eller tilsvarande utdanning innanfor biologi, havbruk eller fysiologi eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Kandidaten må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert i laboratoriet, så vel som i felt og i industrien
  • Erfaring frå og interesse for å arbeide med prosjektbasert forsking er eit krav.
  • Søkjarar må vere nøyaktige i felt- og laboratoriearbeid
  • Søkjarar må evne å arbeide strukturert i team og ha gode samarbeidsevner
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Gode ferdigheiter i norsk, både skriftleg og munnleg er ein føremon
  • Erfaring med publikasjon frå fagfellevurderte tidsskrift innan relevante fagområde er eit krav.

Ved vurdering av kandidatane vil ein gjennomgang av kvaliteten og bredde på denne forskinga bli gjennomført. Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på.

Særeigne krav for stillinga

  • Erfaring i havbruksrelatert forsking innan smoltifisering, postsmolt modning og immunologi, særskilt i RAS og S-CCS-system er eit krav
  • Godkjent kurs i laboratoriedyr, fiskemodul er eit krav
  • Erfaring med feltarbeid og prøvetaking med fisk, vatn, sediment og marine virvellause dyr er ein føremon
  • Søkjarar må ha god kunnskap i bruk av molekylærbiologiske metodar, inkludert genuttrykk metodar, sekvensering, mikrobiologiske metodar, histologi, klinisk kjemianalyse og ELISA
  • Erfaring med utvikling og validering av molekylærbiologiske analysar er ein føremon
  • Erfaring med bruk av avanserte automatiserte laboratorierobotar er ein føremon
  • Dokumentert erfaring med rettleiing av master- og ph.d.-studentar er ein føremon
  • Søkjarar må ha basal forståing av havbruksnæringen både frå eit produksjon- og miljøperspektiv

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 59-65 (kode 1109/lønsramme 24, alternativ 3) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 523 200 – 583 900 brutto. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkja stillinga
  • CV
  • Kontaktopplysningar til to referansar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
  • Karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert.
  • Relevante attestar og referansar.
  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste).

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Følgande premiss er lagt til grunn for stillinga som forskar

  • Forskaren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet høyrer innunder.
  • Lønsutgiftene skal så langt som mogleg vere 100 % eksternt finansiert.
  • Forskaren skal aktivt bidra til å innhente eksterne prosjektmidlar til fagmiljøet, til seg sjølv og andre, frå NFR, EU og andre kjelder.
  • Forskingsaktiviteten er forventa finansiert av prosjekta forskaren, og forskingsgruppa rundt forskaren, arbeider med.
  • Instituttleiar kan pålegge forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt.
  • Forskaren kan ha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB.
  • Forskaren har normalt ikkje undervisningsplikt, men er forventa å rettleie master- og ph.d.- studentar, i den grad dette går inn som ein naturleg del av forskingsverksemda i forskingsgruppa.
  • Forskaren kan søkja kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk.
  • Grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa opphøyrer.Då vil Lov om statens ansatte mv. om oppseiing og fortrinnsrett gjelde.

Generell informasjon

Ytterlegare detaljer om stillinga kan ein få med å kontakte:

  • Professor Sigurd Handeland, Sigurd.Handeland@uib.no, Telefon: +47 97179607)

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS