Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Forskar
Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig ei mellombels stilling som forskar innan detektorfysikk. Stillinga er for ein periode på to år, med oppstart i 2021 og er knytt til NFR-prosjektet “Improved efficiency for solid-state Neutron DETectors (INDet)².
Stillinga er lagt til forskingsgruppa i kjernefysikk.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Prosjektet tek sikte på forsking og utvikling innan fabrikasjonsteknologi for ny strålingsdetektor som gjev økt nøytronsdeteksjonseffektivitet. Prosjektet er finansiert av Noregs forskingsråd. Hovudmålet med INDet er å etablere ein kunnskapsplattform med inngåande forståing av nye teknikkar for å gi økt effektivitet i påvising av nøytronar for silisiumstrålingsdetektorar. Prosjektet vil krevje studium av nye materialar for nøytronkonvertering og nye teknikkar for å kople slike materialar til ein faststoffdetektor. Forskaren som vert rekruttert til dette prosjektet vil vere ansvarleg for GEANT4-simuleringen av dei produserte einingane, for å sette opp ein testbenk inkludert utlesingselektronikk og eit datainnsamlingssystem, og for karakteriseringa av detektorane med radioaktive kjelder og i teststråler.
Prosjektet er eit samarbeid mellom forskar frå UiB med SINTEF MiNaLab (Oslo), Institutt for fysikk ved Universitetet i Oslo (UiO),Norge, Institutt for nøytron og materialkarakterisering ved IFE, Kjeller, Norge, Detektorgruppen ved European Spallation Source (ESS), Sverige, Institutt for fysikk ved Universitetet i Linköping (LiU), Sverige, og Institutt for eksperimentell og anvendt fysikk (IEAP) ved det Tsjekkiske tekniske universitetet i Praha. Stillinga gjev derfor kandidaten moglegheit til å opphalde seg fleire månader ved desse institutta for å utføre eksperimentell karakterisering i samarbeid med leiande ekspertar på området.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor eksperimentell kjerne- eller partikkelfysikk eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
Erfaring frå simulering og karakterisering av detektorar er eit krav; sakkunnskap i silisiumsensorar er ein føremon.
Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
Søkarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.
Vi kan tilby:
eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
løn etter lønssteg 59 (kode 1109/lønsramme 24, alternativ 3) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 523 200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.