LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Forskar i atmosfæredynamikk

Søknadsfrist: 10.04.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar

Ved Geofysisk institutt er det ledig ei mellombels stilling som forskar i atmosfæredynamikk. Stillinga er for ein periode på 18 månadar og knytt til prosjektet Arven etter Nansen finansiert av Noregs forskingsråd.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Forskinga knytt til stillinga skal bidra til forståinga av korleis atmosfæresirkulasjonen påverkar klima på høge og mellomliggande breiddegrader, med spesielt fokus på arktisk-atlantisk sektor. Kva for multiskala dynamikk kontrollerer storskala sirkulasjonen, f.eks. jetstraumar, stormbanar, og vêr- regime. Kva for dynamikk kontrollerer koplingane mellom Arktis og lågare breiddegrader? Korleis påverkar sirkulasjonsmønstra klima regionalt? Dette arbeidet inkluderer diagnostiske analysar av atmosfæriske sirkulasjonen i reanalyse data, klimamodellsimuleringar og dessutan utførelsen av numeriske modellsimuleringar med WRF-modell for å utforske regionale klimakonsekvensar.

Forskingsarbeidet for denne stillinga vil bli utført i nært samarbeid med forskarar som jobbar med klimadynamikk, atmosfæredynamikk og polarklima ved Bjerknessenteret for klimaforsking.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjaren må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor atmosfæredynamikk eller meteorologi.
  • Ein sterk bakgrunn i atmosfæredynamikk inkludert multiskala koplingar mellom atmosfæreprosessar er eit krav.
  • Søkjaren må kunne arbeide med reanalyse data, modell data, statistisk analyse, R/python/Matlab/CDO eller liknande programvare, Linux/Unix system og med WRF-modell. Erfaring med jet/vêr-regime er ein føremon.
  • Søkjaren skal ha ei god publiseringshistorie relativ til stadiet i karrieren.
  • Søkjaren må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjaren må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Vi kan tilby:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 59 (kode 1109/lønsramme 24, alternativ 3) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 526 000 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing (1 sida) om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert.
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Camille Li, Geofysisk institutt (camille@uib.no)

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS