Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Forskar (fast stilling) - Senter for framifrå forsking (SFF)

Søknadsfrist: 09.08.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar

Ved Det medisinske fakultet, Senter for framifrå forsking (SFF) Centre for Cancer Biomarkers CCBIO ved Klinisk Institutt 1, er det ledig ei fast stilling som forskar (100 %). Stillinga er ekstern finansiert av Norges forskningsråd, og er knytt til prosjekt "Protein Biomarkers and Novel Targets in Aggressive Breast Cancer" i CCBIO sitt Program 2. Prosjektet har ei førebels finansiering til ut i 2023.

Om CCBIO

CCBIO leiast av professor Lars A. Akslen og arbeider med biomarkørar for å oppnå ei betre forståing av kreftsvulstar og meir presis kreftbehandling. Forskarane har eit særleg fokus på mekanismar og markørar knytt til korleis svulstar veks og samhandlinga mellom svulstceller og mikromiljøet, og korleis dette påverkar kreftspreiing og dårleg prognose. Forskingsaktiviteten er organisert i fire program: basale studie og dyre-modellar (Program 1), kartlegging og validering av nye biomarkørar (Program 2), kliniske studiar (Program 3) og studiar av etiske-, økonomiske- og prioriteringsmessige problemstillingar (Program 4). CCBIO har ein sterk internasjonal profil og samarbeidspartnarar på verdsbasis. Meir om CCBIO https://www.uib.no/en/ccbio.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • Forskaren vil vera del av Program 2 i prosjektet "Protein Biomarkers and Novel Targets in Aggressive Breast Cancer" og det nye prosjektet "Organoids as Model System for Breast Cancer and Microenvironmental Interactions".
  • Målet er å identifisere nye biomarkørar som speglar brystkreft mikromiljøet sin kompleksitet, interaksjonen mellom kreftceller og mikromiljøet, og korleis dette påverkar aggressive trekk ved tumor og prognose for pasienten.
  • Stillinga vil fokusere på etablering av 3D-modellsystem for brystkreft (organoider), proteinstudiar ved hjelp av proteomikk-profilering, bilete-basert massecytometri (IMC; Hyperion platformen), konfokalmikroskopi og immun-histokjemi av humane vevsprøvar og relevante celleliner.
  • Når etablert, vil forskaren utføre co-kultur eksperiment og studere brystkreft organoidar og påverknaden av ulike mikromiljøkomponentar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha relevant norsk ph.d.-grad eller tilsvarande doktorgrad
  • Søkjar må ha ein sterk forskingsbakgrunn innan cellebiologi, utviklingsbiologi, molekylærbiologi eller relaterte forskingsfelt.
  • Erfaring med musemodellar, celle liner og primær cellekulturar er eit krav.
  • Erfaring med in vitro differensiering av pluripotente stamceller er ein føremon.
  • Erfaring med metodeutvikling og bruk av moderne molekylærbiologiske metodar som CRISPR-Cas9 systemet er ein føremon.
  • Erfaring med og interesse for 3D cell culture systems er eit ønskje.
  • Evne til sjølvstendig initiativ og evne til samarbeid vert vektlagt i vurdering av søkjarane.
  • Kandidaten må ha høg arbeidskapasitet og entusiasme for forsking.
  • Søkjar må vere særs god i munnleg og skriftleg engelsk.
  • Søkjar kan ikkje vera allergisk mot forsøksdyr, og må vera viljug til å arbeide med dyreforsøk.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan brystkreft forsking
  • Løn etter lønssteg 62-68 (kode 1109/lønsramme 24.6) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, for tida 552 800 – 615 900 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling, vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særskilt kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denne
  • ei oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
  • publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10 i pfd) og ei liste over desse
  • doktorgradsavhandlinga (pdf)
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som pdf vedlegg til søknaden.

Følgande premiss er lagt til grunn for stillinga som forskar:

  • Forskaren skal vere medlem i forskningsgruppa som fagfeltet hører innunder
  • Lønsutgiftene skal så langt som mogleg vere 100 % eksternt finansiert
  • Forskaren skal aktivt bidra til å innhente eksterne prosjektmidler til fagmiljøet, til både seg sjøl og andre, fra NFR, EU og andre kjelder
  • Forskaren har i vente å ha si forskingsaktivitet finansiert av prosjekta forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren arbeider med
  • Instituttleiar kan pålegge forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
  • Forskaren kan ha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB
  • Forskaren har ikkje undervisingsplikt, men har i vente å rettleia master- og ph.d. studentar i den grad dette går inn som ein naturleg del av forskingsverksemda i forskingsgruppa
  • Forskaren kan søke kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk
  • Grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa opphøyrer, og ny lovom statens ansatte mv. om oppseiing og fortrinnsrett vil gjerast gjeldande.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Lars A. Akslen, tlf.: + 47 55 97 31 82 / +47 55 97 31 73, eller e-post: Lars.Akslen@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS