LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Forskar (1 år) innan fagfeltet avhengigheit

Søknadsfrist: 01.10.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar

Ved Institutt for samfunnspsykologi, Det psykologiske fakultet, Universitetet i Bergen er det ledig ei midlertidig stilling som forskar innan fagfeltet avhengigheit. Stillinga er for ein periode på 1 år med oppstart 01.01.22 og er knytt til det NFR-finansierte prosjektet «Using REGistry-based studies to alleviate the burden of GAMbling problems (REGGAM)» og Forskingsgruppe for avhengighetsforskning.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • Arbeidet består i analysar av registerbaserte data som undersøker ulike risikofaktorar for pengespellidingar (longitudinelle data med mange datapunkt og høgt N).
  • Videre vert det forventa at denne forskarstillinga har eit hovudansvar for utskriving (førsteforfattar) av vitskapelege artiklar frå prosjektet.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må på søknadstidspunktet ha oppnådd ph.d.-grad innanfor avhengigheitsfeltet
  • Må ha erfaring frå kvantitative analysar, og kjennskap til bruk av R (programpakke)
  • Arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Nytte engelsk skriftleg og munnleg

Vi kan tilby:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 61-65 (kode 1109/lønnsramme 24, alternativ 5) ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 553 500 - 594 300 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål
  • Relevante attestar
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Liste over vitskaplege arbeid du vil at det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er offentleggjorde
  • Publikasjonar, vitskaplege arbeid (inkludert doktoravhandlinga) som du ønskjer at det skal verte teke omsyn til ved vurderinga(ikkje meir enn 10 og opplasta i JobbNorge)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Vi gjer merksam på at søknader vert vurderte med den informasjonen og dei vedlegg som er knytt til søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Ståle Pallesen, Institutt for samfunnspsykologi, Det psykologiske fakultet, Universitetet i Bergen, Tlf: 55 58 88 42, Epost: staale.pallesen@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS