LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Forskar - Klinisk institutt 1

Søknadsfrist: 09.12.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 1, er det ledig ei fast stilling som forskar (100 %). Stillinga er ekstern finansiert, og er for tida knytt til prosjekt «Neuro-SysMed». Prosjektet har ei førebels finansiering i 3 år.

Neuro-SysMed (www.helse-bergen.no/neuro-sysmed) er eit forskingssenter for klinisk behandling i nevrologi, med Haukeland Universitetssjukehus og Universitetet i Bergen som vertskap. Senteret er leia av professor Kjell-Morten Myhr (senterleiar og ansvarleg for multippel sklerose) og professor Charalampos Tzoulis (vise-senterleiar og ansvarleg for nevrodegenerasjon). Neuro-SysMed gjennomfører grensesprengande klinisk forsking, med ambisjon om å oppdage og prøve ut effektiv behandling for: Parkinsons sjukdom (PD), fleire formar for demens inkludert Alzheimers sjukdom (AD), multippel sklerose (MS) og amyotrofisk lateral sklerose (ALS). At vi kan tiltrekkje oss, og behalde, arbeidstakarar med høg kompetanse er ein fundamental føresetnad for vidare suksess i senteret.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • Vi tilbyr ein fantastisk moglegheit for ein ekspert i bioinformatikk, med erfaring i analyse av omics-data, til å bli med i forskingssenteret Neuro-SysMed.
  • Du vil jobba saman med ei tverrfagleg gruppe av forskarar, med ekspertise på klinisk, molekylær og datateknisk nevrovitskap, på senteret og i Computational Biology Unit (www.cbu.uib.no) på Universitetet i Bergen, som samarbeider med senteret.
  • Du vil ha ei nøkkelrolle i å utvikle, vedlikehalde og distribuere pipelines for analyse av diverse omics-data inkludert (men ikkje avgrensa til) enkeltcelle RNAseq, ChIPseq, ATACseq, metylering og helgenomsekvensering.
  • Stillinga vil kreve kontinuerleg oppdatering i den metodiske utviklingen og framdrifta i feltet. Denne stillinga gir gode moglegheiter for karriereutvikling og vekst.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Vi søker ein ekspert i bioinformatikk, med krav om minst ph.d. i bioinformatikk, informasjonsvitskap, eller biologi
  • Ekspertise og dokumentert erfaring i pre-prosessering og analyse av diverse typar omics data
  • Dokumentert erfaring i scripting og software versjon kontroll
  • Godt kjend med Unix-basert miljø
  • Kunnskap om grunnleggande molekylær biologi og genomikk
  • Må kunne nytte norsk og flytande engelsk, munnleg og skriftleg
  • Erfaring med å byggje og vedlikehalde «pipelines» for analyse av –omikk data (genomikk, epigenomikk, transkriptomikk)
  • Erfaring innan cloud-computing
  • Erfaring i handsaming av sensitive data, inkludert kunnskap om system for å handsame sensitive data og lovgjeving som gjeld slike data
  • Forskingserfaring
  • Erfaringar med kommunikasjon, forhandlingar og koordinering i miljø med fleire team

Personlege kvalitetar – vi ser etter ein kandidat som:

  • er pågåande og har eit ønske om innovasjon og å gjera ein skilnad
  • er nøye og har fokus på detaljar
  • er villig til å ta ansvar for prosessar og følger dei til dei er fullførd
  • er særs god på å arbeide på eit lag
  • visar initiativ og har høg arbeidskapasitet
  • er i stand til å motivere andre og etablere samarbeid på tvers av miljø
  • har gode samarbeidseigenskapar, er god på å kommunisere
  • er fleksibel og innstilt på å hjelpe
  • er systematisk og analytisk
  • er villig til å gjere seg kjend med nye emne og områdar
  • er god på å arbeide strategisk, strukturert og med sikte på fristar
  • arbeider sjølvstendig og er god på problemløysing

Vi kan tilby:

  • eit godt, internasjonalt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan klinisk behandling i nevrologi
  • løn etter lønssteg 64 (kode 1109/lønsramme 24.8) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, for tida 575 600. For søkjarar med spesialitet lønssteg 66 (lønsramme 24.10), for tida 597 000 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denne
  • ei oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
  • publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10 i pfd) og ei liste over desse
  • doktorgradsavhandlinga (pdf)
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som pdf vedlegg til søknaden.

Følgande premiss er lagt til grunn for stillinga som forskar:

  • forskaren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet høyrer inn under
  • lønsutgiftene skal om mogleg vere 100 % eksternt finansiert
  • forskaren skal aktivt bidra med å innhente eksterne prosjektmidlar til fagmiljøet, til både seg sjølv og andre, frå NFR, EU og andre kjelder
  • det er forventa at forskaren har sin forskingsaktivitet finansiert av prosjekta forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren arbeider med
  • instituttleiar kan pålegge forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
  • forskaren kan inneha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB
  • forskaren har ikkje undervisningsplikt, men forventas å rettleie master- og ph.d.-
  • studentar i den grad dette inngår som ein naturleg del av forskingsaktiviteten i forskingsgruppa
  • forskaren kan søkje kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk
  • grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa opphøyrer, og ny lov om statens ansatte mv. om oppseiing og fortrinnsrett vil gjerast gjeldande for fast tilsette

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statliee arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS