LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Forskar - Institutt for global helse og samfunnsmedisin

Søknadsfrist: 24.01.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, er det ledig ei fast stilling som forskar (100 %). Stillinga er ekstern finansiert av Kreftforeningen, og er for tida knytt til prosjektet «Glio-LinK: Ein translasjonell studie av primære hjernesvulstar». Prosjektet har ei førebels finansiering i to (2) år.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Glioblastom er den hyppigaste og mest aggressive primære hjernesvulsten blant vaksne, og dagens standardbehandling fungerer relativt dårleg. Ein har tidlegare funne at spesifikke antipsykotiske medikament fremjer effekten av cellegiftbehandling.

I dette prosjektet vil vi, med utgangspunkt i eit stort nasjonalt datasett med opplysningar frå Kreftregisteret, Reseptregisteret og andre nasjonale databasar, undersøkje om bruk av antipsykotika og antidepressiva er assosiert med forlenga overleving blant pasientar med glioblastom. Vi vil også undersøkje om bruk av desse medikamenta er assosiert med risikoen for å utvikle gliomar. Fleire faktorar som påverkar prognosen for pasientar med glioblastom vil bli undersøkt i supplerande analysar av kliniske data. Resultata frå registerstudien vil inngå i eit internasjonalt samarbeidsprosjekt.

Den som vert tilsett skal

  • kvalitetssikre dataene
  • arbeide med store datafiler i ulike statistiske programpakkar for å undersøkje prosjektet sine problemstillingar
  • samarbeide med ei internasjonal forskargruppe
  • utarbeide vitskapelege publikasjonar og formidle resultat frå prosjektet

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha relevant norsk ph.d.-grad eller tilsvarande doktorgrad, og vitskaplege kvalifikasjonar innan epidemiologi, statistikk, bioinformatikk, farmasi, folkehelse (public health) eller liknande fag
  • erfaring i bruk av ulike statistiske programpakkar for analyse av store epidemiologiske datasett er eit krav
  • erfaring frå kreftepidemiologisk forsking er ein føremon
  • det er ønskjeleg at vedkomande har erfaring med rettleiing, undervisning og utarbeiding av prosjektsøknadar
  • evne til sjølvstendig initiativ og evne til samarbeid vert vektlagt i vurdering av søkjarane
  • kandidaten må ha høg arbeidskapasitet og entusiasme for forsking
  • søkjar må vere særs god i munnleg og skriftleg engelsk
  • det er ein føremon om kandidaten har erfaring frå internasjonalt samarbeid

Vi kan tilby:

  • eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan kreftepidemiologi
  • løn etter lønssteg 64 (kode 1109/lønsramme 24.8) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, for tida 575 600. For søkjarar med spesialitet lønssteg 66 (lønsramme 24.10), for tida 597 000 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denne
  • ei oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
  • publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10 i pdf) og ei liste over desse
  • doktorgradsavhandlinga (pdf)
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som pdf vedlegg til søknaden.

Følgande premiss er lagt til grunn for stillinga som forskar:

  • forskaren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet høyrer inn under
  • lønsutgiftene skal om mogleg vere 100 % eksternt finansiert
  • forskaren skal aktivt bidra med å innhente eksterne prosjektmidlar til fagmiljøet, til både seg sjølv og andre, frå NFR, EU og andre kjelder
  • det er forventa at forskaren har sin forskingsaktivitet finansiert av prosjekta forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren arbeider med
  • instituttleiar kan pålegge forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
  • forskaren kan inneha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB
  • forskaren har ikkje undervisningsplikt, men forventas å rettleie master- og ph.d.-studentar i den grad dette inngår som ein naturleg del av forskingsaktiviteten i forskingsgruppa
  • forskaren kan søkje kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk
  • grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa opphøyrer, og ny lov om statens ansatte mv. om oppseiing og fortrinnsrett vil gjerast gjeldande for fast tilsette

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Powered by Labrador CMS