LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Forskar - Institutt for Biomedisin

Søknadsfrist: 24.10.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for Biomedisin, er det ledig ei fast stilling som forskar (100 %).

Stillinga er ekstern finansiert, og er for tida knytt til prosjekt «New concepts of protein regulation in health and disease». Prosjektet har ei førebels finansiering i 3 år.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Målet med prosjektet er å biokjemisk karakterisere den viktigste humane N-terminale acetyltransferasen (NATen) NatA. NATer sørger for påsetting av ein acetylgruppe på de fleste protein i menneskeceller noe som gjør N-terminal acetylering til ein av dei aller mest vanlege former for protein modifisering. Se TiBS.

Forskningsgruppen vår ved UiB har identifisert og karakterisert heile det hittil kjente NAT-maskineriet som opererer i humane celler, men den komplette funksjonen til NatA er ikkje definert. Ved å kartleggje dette enzymet vidare kan vi auke vår forståelse for grunnleggjande cellulære prosessar med stor relevans for sjukdom. Se Mol Cell.

Hovudoppgåver for kandidaten vil vere planlegging, gjennomføring og analyse av eksperimentelt arbeid innan forskning på NatA mediert N-terminal acetylering knytt til NFR-prosjektet. Både standard og avanserte metodar innan protein biokjemi trengs for å gjennomføre arbeidsoppgåvene knytt til dette prosjektet. Det vil bli sjølvstendig forskningsarbeid med ansvar for gjennomføring av sentrale delar av NFR-prosjektet frå ide til publikasjon. Samtidig er det forventa at kandidaten skal samarbeide med andre medlemmer av gruppa for å løyse større problemstillingar knytt til prosjektet.

Kandidaten vil og rettleie studentar frå bachelornivå til Ph.d.-stipendiater.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha relevant norsk ph.d.-grad eller tilsvarande doktorgrad
  • erfaring frå arbeid med ulike system for protein ekspresjon og rensing, inkludert insektcellebaserte system, er naudsynt.
  • søkjar må ha produsert originale peer-review publikasjonar som førsteforfattar i internasjonale tidsskrift (og/eller har gjort nøkkelbidrag i store multilab publikasjonar) innan feltene i) protein krystallografi og ii) biokjemi av proteinmodifiserande enzym.
  • arbeide sjølvstendig og på ein strukturert måte, og å kunne samarbeide med andre
  • søkjar må vere motivert og ansvarleg, og ha stor arbeidskapasitet og entusiasme for forskning
  • nytte engelsk munnleg og skriftleg

Vi kan tilby:

  • eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan protein acetylering
  • løn etter lønssteg 64 (kode 1109/lønsramme 24.8) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, for tida 583 500. For søkjarar med spesialitet lønssteg 66 (lønsramme 24.10), for tida 604 700 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denne
  • ei oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
  • publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10 i pfd) og ei liste over desse
  • doktorgradsavhandlinga (pdf)
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som pdf vedlegg til søknaden.

Følgande premiss er lagt til grunn for stillinga som forskar:

  • forskaren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet høyrer inn under
  • lønsutgiftene skal om mogleg vere 100 % eksternt finansiert
  • forskaren skal aktivt bidra med å innhente eksterne prosjektmidlar til fagmiljøet, til både seg sjølv og andre, frå NFR, EU og andre kjelder
  • det er forventa at forskaren har sin forskingsaktivitet finansiert av prosjekta forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren arbeider med
  • instituttleiar kan pålegge forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
  • forskaren kan inneha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB
  • forskaren har ikkje undervisningsplikt, men forventas å rettleie master- og ph.d.-studentar i den grad dette inngår som ein naturleg del av forskingsaktiviteten i forskingsgruppa
  • forskaren kan søkje kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk
  • grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa opphøyrer, og ny lov om statens ansatte mv. om oppseiing og fortrinnsrett vil gjerast gjeldande for fast tilsette

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS